Banner

En fornyet befolkning og rekruttering til bedriftene.

Document Actions
tekst: Harald Berntsen

Utviklinga av folketallet i Stokken som følgje av industrialiseringa er avgjørande for kommunens historie.

Befolkningsutvikling
Befolkningen fra 1890-1960
 

Stokken var ved starten av 1900 trua av avfolking og mister ein tredjedel av sin befolkning frå 1890 til 1910 som følje av skipsbyggings- og skipsfartskrisen. Så kom ein fullstendig omvelting med industriutbyggingane på Staksnes, og befolkninga blir nærmare tredobla fram til 1920. Også frå 1920-1960 fortsatte folketalet å stige. Tallene dreier seg først og fremst om tilflytting til arbeidet ved fabrikkane.

Kvar kom folk frå?

Ved å sjå nærmare på rekrutteringa til dei to verksemdene. Og det kan vi dels gjøre fordi vi, når det gjeld DNN, har hatt tilgang til kartotekkort som blei ført over samtlege arbeidarar i heile tidsrommet frå 1913 og til nedlegginga i 1975. Når det gjeld Arendal Smelteverk har vi diverre samanliknbare opplysningar bare for tida fram til 1928, frå ei såkalla ”Livets bok” som verksemda førte over dei tilsette i denne perioden.

I første omgang er likskapen i den geografiske rekrutteringa til dei to verksemdene meir påfallande enn skilnaden. Det var den nærmaste omegnen i Aust-Agder som i heilt overveiande grad leverte arbeidskrafta til Eydehavn, 75,6% av dei tilsette 1912-1928 på Smelteverket, 77,3% på Nitriden. Frå Austlandet kom omkring 10% til dei begge og frå utlandet 6,6% og 5,3%. Vest-Agder, Vestlandet, Trøndelag og Nord-Norge stod alle for under 5% av dei tilsette på begge stader i perioden.

Når det gjeld rekruttane frå Aust-Agder, var arendalittar og holtingar dominerande begge stader. På Smelteverket var12,1% fødde i Arendal og 13,1% i Holt, på Nitriden 10,6 og  (heile) 19,4%. Bare mellom seks og sju prosent av dei tilsette på begge verksemdene var fødde i Stokken. Nemneverdige lågare innslag frå det øvrige Aust-Agder på begge stader kom frå Dypvåg, Flosta, Froland, Gjerstad, Hisøya, Søndeled, Tromøy, Tvedestrand, Vegårdshei, Austre Moland, Øyestad og Åmli.

Når det gjeld skilnader, utgjorde tilsette utlendingar som fikk heimstavn i Stokken, ein dobbelt så stor andel av arbeidsstokken på Smelteverket som på Nitriden, og dei utgjorde ein større andel enn tilsette frå Stokken sjølv. Mellom ”framandarbeidarane” var det svenskane som dominerte. Dei kom flyktande til storindustrialiseringa i Norge i store mengder etter nederlaget i den svenske storstreiken og svartelisting i 1909, og dei utgjorde 5,2% av samtlege arbeidarar på Smelteverket fram til 1928, 2,4% på Nitriden. Deira andel av dei som var tilsett samanhengande frå starten og fram til 1928, var enda større på Smelteverket (10,3%) enn på Nitriden.

Andre og kanskje viktigare skilnader er at aust-egdane sine andelar av både stabil arbeidskraft og av arbeidarar som fikk heimstavn i Stokken, var høgare på Smelteverket enn på Nitriden. På Nitriden var den tilsvarande andelen av austlendingar større enn på naboverskemda. Det var i det heile, sett i tilhøve til heile arbeidsstokken, fleire aust-egdar og utlendingar, forutan vestlendingar, mellom dei stabile arbeidarane på Smelteverket enn på Nitriden, som mellom desse hadde fleire austlendingar.

Dersom ein ser nærmare på fordelinga mellom aust-egdane, var den største og kanskje viktigaste skilnaden at holtingane hadde langt større andelar på Nitriden enn på Smelteverket, både når det gjeld det totale talet på tilsette og når det gjeld stabile arbeidarar. Til og med mellom dei som hadde heimstavn i Stokken, utgjorde holtingane ein noe større andel (21,1%) enn dei som var fødde i Stokken sjølv (20,8), medan dei tilsvarande prosentandelane på Smelteverket var 12,3 og 37,4%. Det må seiast å ha vori ein skilnad som det er grunn til å merke seg. Den stabile stammen av arbeidarar frå Holt – i høg grad med bakgrunn i den gamle og tradisjonelle jernverksverksemda Nes Verk – var utprega på begge dei to nye storverksemdene på Eydehavn, men han dominerte særleg sterkt på Nitriden.

Dersom vi spør om dei nemnte skilnadene slår ut i ulik stabilitetsgrad på dei to verksemdene, kan vi i alle fall slå fast at at det var større stabilitet og mindre utskifting i arbeidsstokken på Nitriden enn på Smelteverket. Men dette må ikkje bare sjåast ut frå geografisk og sosial rekrutteringsbasis, men også ut frå graden og arten av produksjonsstansar, driftsreduksjonar og rasjonaliseringar på dei to verksemdene, kanskje også i samanheng med arbeidsmiljøet på dei to fabrikkane.

Uansett kan vi påvise ein høgare stabilitet mellom holtingane på Nitriden enn på Smelteverket. Samstundes låg stabiliteten mellom holtingane på Smelteverket langt høgare enn den gjennomsnittlege stabiliteten på Verket. Dette kan gi grunn til å spekulere i om den høgare gjennomsnittsstabiliteten på Nitriden i det minste delvis kan ha skuldast det større innslaget av holtingar, i høg grad frå det stabile tradisjonelle bruksarbeidarmiljøet på Nes Verk. I det monnet dette er riktig, kan det i neste omgang kanskje forklare den sterke interne solidariteten på Nitriden, det vil seie at på denne verksemda gikk arbeidarane inn for å dele på det arbeidet som fantest i dei vanskelege mellomkrigsåra, framfor – som på Smelteverket – å gå med på oppseiingar, særleg av utanbygdsbuande.

Den siste, utprega lokale solidariteten som rådde i Eydehavn Arbeiderforening (og som vi skal sjå, også fikk gjennomslag i det lokale Arbeidarparti-laget og i kommunestyret), har moglegvis ein viss bakgrunn i at folk som var fødde i Stokken utgjorde ein større del av den stabile arbeidskrafta på Smelteverket enn dei gjorde på Nitriden. Ei vidare forklaring kan vere at aust-egdene var enda meir dominerande på Smelteverket enn på Nitriden, der austlendingane utgjorde ein større del – og tilsynelatande spelte ei viktig rolle ikkje minst i dei første pågåande aksjonane på denne verksemda, som aksjonen for åttetimatsdagen i 1918. Den sterkare lokalgeografiske solidariteten på Smelteverket kan henge saman med at arbeidsstokken her var meir lokalt samansett, av folk som kjente minst like sterke band til familie og venar som til den nye industriarbeidarklassen dei nå høyrte til på tvers av geografiske og familiære grenser.

Den sterkare stillinga utlendingar hadde på Smelteverket enn på Nitriden treng ikkje stå i motsetning til dette. Både i tidlegare og vår eige tid kjenner vi mange eksempel på at haldningane mellom etablerte innvandrarar kan vere minst like ”framandfiendtlege” som dei innfødde sine. Det heng saman med at dei spontant ser på nye innvandrarer som trugsmål mot dei posisjonane dei nyleg har oppnådd.

At klassemedvitet og viljen til å føre klassekamp frå dag til dag kan synast å ha stått noe sterkare på Nitriden enn på Smelteverket, og at Eydehavn Arbeiderforening stod i eit nærmare og betre samarbeidstilhøve til Smelteverksleiinga enn Elektrokjemisk til Nitriden, må ikkje bare sjåast i samanheng med rekrutteringa til dei to verksemdene. Det må også trekkast inn at Arendal Smelteverk var eit einskiltståande føretak som hadde hovudkontoret sitt på staden i Stokken, medan DNN frå første stund var ein del av eit verdsomspanande konsern og styrt av krefter langt utanfor ikkje bare Stokken, men landet sine grenser. På Smelteverket var makta personleg til stades og tilgjengeleg, på Nitriden var makta fjern og framand, personleg bare representert av høgskuleutdanna ingeniørar og andre oppsynsmenn.

Den vidare utviklinga av rekrutteringa til dei to verksemdene etter 1928, er ikkje undersøkt i detalj. Men på Nitriden er det eit tydeleg generelt inntrykk at etter andre verdskrigen sette rekrutteringa frå dei nordlege landsdelane inn for alvor – noe som bare er i samsvar med heile flyttemønsteret og rekrutteringsmønsteret til storindustrien sørpå, særleg frå slutten av 1950-åra.

Inntrykket for Nitriden sin del etterlèt også eit bilde av lite stabil arbeidskraft, av mange folk som bare blei på fabrikken i Eydehavn i kort tid før dei slutta att. Denne store gjennomtrekken må sjåast i samband med at dei nye rekruttane som kom langvegsfrå etter andre verdskrigen, i høg grad nærmast var blitt narra til å la seg tilsette på dei tøffaste og mest helseskadelege avdelingane, ikkje minst i omnshuset. Derimot havna svært få av dei nye arbeidarane som etter krigen kom frå Stokken og nærmaste omegn, i omnshuset eller andre utsette avdelingar.     
 
Det er ikkje gjennomført noen systematisk undersøking av den sosiale rekrutteringsbakgrunnen til industriarbeidarane i Stokken, heller ikkje for perioden 1912-1928. Ein kan likevel ane konturar av ein del trekk som i alle fall gjorde seg gjeldande mellom dei som kom frå Aust-Agder – og det var jo langt dei fleste. Dei kom i høg grad frå sesongprega sysselsetting i jordbruk, skogbruk og sagbruk, dels i anleggsverksemd og tradisjonell industri som Nes Verk, og dei var vante med mangel på fast arbeid til ei løn dei kunne leve av. Det var tale om overskotsfolk av mer eller mindre eigedomslaus arbeidskraft som var blitt skalta og valta med av bønder og andre individuelle arbeidsherrar. Tidlegare hadde dei ikkje minst reist over til Nord-Amerika for å skaffe seg eit nytt levebrød. Nå blei Eydehavn eit nytt Amerika.

For det store fleirtalet av Eydehavn-arbeidarar var vegen attende til opphavelege heimstader og slektningar samstundes ikkje lenger enn at dei kunne oppretthalde samkvemet med dei. Dei var dermed ikkje rykte heilt opp med rota, ikkje like ”heimlause” som dei som kom lenger vekk frå.

Dei opplevde heller ikkje det nye tilveret som industriproletarar som noe steg nedover på samfunnsstigen. Fast arbeid og inntekt – og løsrivinga frå å vere avhengige av godtykket til einskiltpersonar – representerte både eit stort materielt framskritt og ei personleg frigjøring.

Elementære krav og rettar kunne dei få sikra gjennom kollektiv organisering i lag med dei mange kameratane som dei dagleg arbeidde side om side med.

Trass i helseskadeleg slit i støv, røyk og varme blei Eydehavn opplevd som ei trygg øy full av framtidshåp, i eit hav av utryggleik elles i Aust-Agder, mellom anna i nabobyen Arendal som ikkje viste noen tegn til å vere i stand til å komme seg på beina igjen etter samanbrotet for den tradisjonelle tre- og seilskipsfarten. Eydehavn og Stokken var eit slag nybyggarsamfunn, der det helt overveldande fleirtalet av folkesetnaden som industriarbeidarane utgjorde etter at Stokken reiv seg laus frå Austre Moland og blei eigen kommune i 1919, fikk kjensle av at dei med ein stor monn av fridom saman kunne skape seg eit nytt og betre tilvere, utan å bli hindra av politiske motstandarar av noen særleg vekt.

Eit slikt samfunn kalla på lokalt samhold og samarbeid – framfor klassekamp basert på solidaritet ut over og på tvers av bygdegrensene.

Opprettet av brit
© Aust-Agder kulturhistoriske senter
Sist endret 2006-03-08 13:25

AAKS_logo