Banner

Stokken Arbeiderparti

Document Actions
Arbeidarpartiet var heilt inn i vår eigen tid det heilt dominerande politiske partiet i Eydehavn og Stokken. Dei einaste alvorlege konkurrentane Arbeidarpartiet noen gong fikk, hadde sjølv utspring i Arbeidarpartie. Det var lokalavdelinga av det høgresosialdemokratiske Norges sosialdemokratiske arbeiderparti (1922 -1927) og Norges kommunistiske parti, som på bakgrunn av populariteten etter andre verdskrigen gjorde brukbare kommuneval i 1945 og 1947.

Tekst: Harald Berntsen
  
Innhold:
- Stokken Socialdemokratiske forening
- Eydehavn, seinare Stokken Arbeiderparti
- Kommuneprogram 1916-19
- Politiske motsetninger
- Partiets linje etter 2. verdenskrig
- Stokken arbeiderungdomslag
- Arbeidaridrettslaget (AIL)
- Kvinnegruppa
- Folkets Hus
- Andre politiske parti

Med storindustrien og fagforeiningane kom også den politiske arbeidarrørsla til Nes og Staksnes, den delen av Stokken sokn som låg aust for Neskilen og nå hadde fått namnet Eydehavn etter gründeren Sam Eyde. Den 8. april 1916 blei Eydehavn Arbeiderparti danna, etter foredrag av den tidlegare stortingsrepresentanten for Venstre, lensmannen Guttorm Fløistad, og med 29 medlemmar frå starten.

 

Stokken Socialdemokratiske forening

Eydehavn-laget var ikkje det første partilaget i Stokken. På førehand eksisterte Stokken Socialdemokratiske forening, eit lag for folk som budde vest for Neskilen, og som - i motsetning til det nesten helt "reine" industriarbeidarlaget på Eydehavn - hadde eit visst innslag av småbrukarar. Det er uvisst når dette laget blei stifta, men det var sannsynlegvis ein gong mellom 1913 og 1916. Ved kommunevalet i 1913 var nemleg Guttorm Fløistad, Thv. Knudsen og Eiven Haugereid valt inn i kommunestyret i Austre Moland frå Stokken sokn, på det som kalla seg "Arbeidernes Liste".

I likskap med andre organisasjonar heldt Eydehavn Arbeiderparti frå starten, før bygginga av Folkets Hus, møta sine i det gamle Kino-lokalet på Torget, eit lite trangt lokale som var kaldt om vinteren og varmt om sommaren. Etter at Eydehavn-laget var stifta, heiter det at det var dårleg med aktiviteten ut over sommaren, som var varm og blei nytta til fiske.

 

Eydehavn, seinare Stokken Arbeiderparti

Eydehavn, seinare Stokken Arbeiderparti var og blei først og fremst ein valorganisasjon, som vesentleg var aktiv i samband med kommuneval. Da kommunevalet nærma seg i 1916, heldt laget eit stort fellesmøte med Stokken socialdemokratiske forening for å stille opp ei felles liste til valet. Eydehavn Arbeiderparti hadde på særskilt møte vedtatt å foreslå åtte "mann" frå Eydehavn på lista, og - som det heiter i protokollen - "da folk fra Saltrød ikke kjendte alle fra Eydehavn og omvendt, stemte hver forening for seg", noe som strekar under den nemnte fråstanden mellom Eydehavn og det gamle Stokken elles.

 

Kommuneprogram 1916-19

Men dei to daverande Arbeiderparti-laga i Stokken blei også einige om eit kommuneprogram for perioden 1916-19. Det inneheldt følgjande sju punkt:

Ikkje heilt overraskande var småbrukaren Eiven Haugereid frå Stokken-foreininga motstandar av punktet om deling av herredet. Fråstanden mellom dei to laga kom også til uttrykk i at eit forslag frå Eydehavn-laget, med grunnlag i den disiplinerande industrien, om at alle Arbeidarparti-kandidatane ved valet måtte forplikte seg til å stå på partiet sitt program og sine lover, blei stemt ned, mellom anna etter motstand frå Guttorm Fløistad.

Kommuneprogram for
Stokken Arbeiderparti 1916-19:
1. Deling av herredet i to nye kommunar, industribygda Stokken og jordbruksbygda Austre Moland,
2. kommunal avhjelp av dyrtida (som blei verre og verre under verdskrigen),
3. utvikling av folkeskolen for å nå målet; ein felles skole for alle barn,
4. kommunal overtaking av sjukepleien,
5. utgreiing av kommunal alderspensjon,
6. kommunalt bibliotek,
7. avsetning på budsjettet til eit fond for å førebygge arbeidsløyse

Elles blei punkt to nærmare kvalifisert ved at det blei retta kritikk mot provianteringsrådet og kjøpmann Henriksen fordi det var knapt med sukker og kjøpmannen bare selde sukker i heile sekkar. Dyrtida måtte møtast med at det blei innført kommunal handel med alle varer som kom frå den statlege provianteringskommisjonen. Arbeidarpartiet valde også ein komité som skulle få i gang eit samvirkelag, og tok initiativ til å få bygd eit forretningslokale på Eydehavn for omsetning av Provianteringsrådet sine varer. Desse initiativa blei følgt opp på eit "massemøte" i Kino-lokalet, med lokalet si kalde, røykfylte luft, som kravde at kommunen skulle skipe rettferdig fordeling ved å ta over forsyninga av både brød, mjølk og smør. Kjøpmann Henriksen brukte nemleg smøret som han var aleine om å selje, til å agitere for dei øvrige varene sine.

Dei to siste åra av første verdskrigen blei elles, også i Stokken, prega av striden mellom den gamle reformistiske og nye, meir pågåande retningen innan Arbeidarpartiet om leiinga av partiet, ein strid som lokalt i noen grad følgde grensene mellom Eydehavn og det øvrige gamle Stokken sokn, men ikkje heilt.

Den 18. september 1917 blei det heldt eit massemøte i høve av at den sitjande reformistiske leiinga i Arbeidarpartiet ikkje hadde kalla inn til ein ekstraordinær arbeidarkongress etter at dei dyrtidskrava partiet hadde stilt til regjeringa, ikkje var blitt innfridd. Å kalle inn til ein slik kongress eller ikkje blei på møtet forstått som eit spørsmål om å gå inn for revolusjon eller ikkje. Guttorm Fløistad gikk kraftig mot kongress og grunngav standpunktet med at eit revolusjonsforsøk ville bli kvelt med militærmakt. I staden måtte ein bruke stemmesedlane til å velje inn det han kalla "landsvenlege" representantar på Stortinget og ikkje storjobbarar som bare tenkte på eigen pengesekk.

Hans Madsen frå Arendal opererte som motsatsen til Fløistad på møtet, men fleirtalet stemte for Fløistad si line.

 

Politiske motsetninger

Eit anna stridsspørsmål i Arbeidarpartiet i dette tidsrommet var om ein, etter mønster av dei russiske sovjeta, skulle gå inn for å opprette nye maktorgan i form av eigne, sjølvstendige arbeidarråd, utanom og ved sida av den etablerte fagrørsla og det eksisterande partiet. Ein kan seie at den nye retningen i Arbeidarpartiet, med Martin Tranmæl og Kyrre Grepp i spissen, i høg grad ved å støtte seg på arbeidarrådsrørsla vann fleirtalet på landsmøtet i Arbeidarpartiet i 1918, for så å gå inn for å avskrive rådsrørsla som overflødig sidan dei nå hadde fått makta i partiet. Dei brukte så å seie rådsrørsla som ein stigbøyle til å svinge seg opp i sadelen i partiet, for så å kaste stigbøylen på søppelhaugen.

I Eydehavn og Stokken Arbeidarparti var stillinga den at dei allereide før landsmøtet og leiarskiftet i partiet på landsmøtet i 1918 var av den meininga "at man i arbeiderpartiet havde et fuldstendig arbeiderraad". Samstundes stilte dei seg lojale til den nye partileiinga og hennar nye politiske line ved seinare i 1918 å arrangere overfylte møte i Kino-lokalet med først foredrag av Andreas Hansen om Arbeidarpartiet sin nye og meir kritiske programpost om religionen, så med foredrag av sjølveste Martin Tranmæl, utan at det førte til særleg motseiing og debatt. I partiprotokollen heiter det at 1918 elles hadde vori eit roleg og stille år, og at det måtte lokalval til for å skape meir liv og røre. Det einaste sporet protokollen inneheldt av den dramatiske åttetimarsaksjonen som Nitriden-arbeidarane hadde sett i verk, var å nemne at eit av partimedlemmane på eitt møte hadde foreslått at laget skulle gå inn for å innføre åtte timars arbeidsdag ved alle verksemder.

Inntil vidare lét det lokale Arbeidarpartiet seg ikkje merke av at ein ny og meir revolusjonær retning hadde overtatt landspartiet, men lét som ingen ting, samstundes som det heldt fram med å konsentrere seg om dei små reformistiske steg på det kommunale planet. Partilaget slutta seg til dei såkalla åtte punkta som Tranmæl fekta for i ein vidare revolusjonering av Arbeidarpartiet, samstundes som det høyrte på foredrag av Guttorm Fløistad om verdsfreden og Folkeforbundet, som Tranmæl tok fråstand frå som ein imperialistisk samanslutning, og som han meinte Norge ikkje burde bli medlem av.

Denne lina blei ikkje endra da den unge læraren frå Vestlandet, Nils Hjelmtveit, for alvor engasjerte seg og byrja å ta leiinga i lokalpartiet i 1919. Hjelmtveit si deltaking starta ganske upolitisk i 1919, same året som Stokken sokn blei skilt ut frå Austre Moland som eigen kommune, med at han underheldt på eit partimøte med musikk og sang, for øvrig saman med den same kjøpmann Henriksen som Arbeidarpartiet hadde vori så misnøgd med under dyrtida under verdskrigen, og som var faren til Hjelmtveit si kone.

Seinare i 1919 gjorde Hjelmtveit seg gjeldande meir politisk, med eit foredrag om synet sitt på dei same Tranmæl sine åtte punkter om taktikk som partilaget tidlegare hadde slutta seg til. Her sa han at han ikkje var motstandar av revolusjon i og for seg, men at dersom revolusjonen skulle lykkast, måtte han komme av seg sjølv. I realiteten var han dermed grunnleggande einig med Tranmæl, men ikkje med bolsjevikane som Tranmæl førebels var alliert med, og i likskap med andre kjente sentristar, som LO-leiaren Ole O. Lian, forlét han ikkje Arbeidarpartiet for å gå inn i det nye utbrytarpartiet frå 1921 til høgre, Norges sosialdemokratiske arbeiderparti, slik mellom andre den lokale koryfeen Guttorm Fløistad gjorde.

I staden for på denne måten å bryte med Eydehavn sine leiande fagorganiserte, som sette den organisatoriske einskapen over dei politiske motsetningane og derfor blei verande i partiet, allierte Hjelmtveit seg med dei, mellom andre Nitriden-arbeidaren Syver Kristiansen . Syver Kristiansen var ein sterk og uttalt motstandar av å blande partisplittinga inn i den kommunalpolitiske verksemda som han meinte lokalpartiet heilt skulle konsentrere seg om, det vil seie av i det heile å ta splittinga opp i partilaget. Samstundes kunne han halde, som det heiter i protokollen, ein liten tale om den russiske revolusjon og seie om Moskva-tesane og dei krava dei sette til at Arbeidarpartiet måtte endre seg frå eit masseparti basert på kollektive fagforeiningsmedlemskap til eit revolusjonært eliteparti, at tesane ikkje måtte takast bokstavleg.

Det var Syver Kristiansen og Nils Hjelmtveit si line som vann gjennom i Stokken Arbeidarparti. Etter at partilaget ikkje hadde kunna komme unna å drøfte dei politiske og ideologiske stridsspørsmåla som låg til grunn for dei to partisplittingane i 1921 og 1923, da dei Moskva-lojale braut ut og danna Norges kommunistiske parti, konsentrerte partilaget seg fullstendig om lokalpolitikk. I 1925 vedtok det for eksempel ikkje å sende ein einaste representant til partilandsmøtet i Oslo, og til samlingskongressen i 1927, da utbrytarane til høgre i Norges sosialdemokratiske arbeidarparti igjen gikk saman med Tranmæl å co. i Arbeidarpartiet, sendte det ein representant frå kvar av dei to fagforeiningane Eydehavn Arbeiderforeing og Elektrokjemisk Arbeiderforening Samstundes prøvde det å fremme dei lokale interessene sine ved å få nominert og valt Nils Hjelmtveit til stortingsrepresentant som førstemann på Aust-Agder Arbeidarparti si liste ved stortingsvalet i 1927.

På eit møte i august same året, før stortingsvalet, blei det lokale Arbeidarpartiet på ny samla med det lokale Norges sosialdemokratiske arbeidarparti, etter foredrag av Hjelmtveit. Etter dette hadde partilaget i 1928 132 medlemmar, 100 menn og 32 kvinner. Men nå kom det til ei ny, reint lokal splitting. På grunnlag av misnøye med skattepolitikken braut ei gruppe ut og stilte ei såkalla upolitisk liste som ved valet i 1928 fikk to representantar i kommunestyret, mot ti frå Arbeidarpartiet og fire borgarlege. Også i 1931 stilte dei "upolitiske" opp under namnet Stokken Samlingsparti, denne gongen med resultatet ein representant.

Partilaget gikk med på at skattepolitikken ikkje var så gunstig som han burde vere, men forsvarte seg med at innan dei rådande borgarlege skattelovene kunne dei ikkje bruke ein meir gunstig tabell, og kommunestyret hadde fått avslag frå departementet på ein søknad om å få nytte normaltabell for byane.

Under den verste krisa på 1930-talet var ingeniør Bull på Smelteverket ikkje bare tilhengar av å seie opp folk framfor å rasjonere arbeidet slik det etter ønskje frå arbeidarane blei gjort på Nitriden. Som borgarleg representant i kommunestyret la han frå 1931 også fram forslag om å avvikle alt nødsarbeid og heller betale ut direkte bidrag til dei arbeidslause, noe som da blei stemt ned av arbeidarfleirtalet. Men fleirtalet viste seg ikkje å vere unisont einig. Noe seinare tok Arbeidarparti-representanten Mads Tveide opp att forslaget til Bull på eit partimøte. Men han blei da unisont avvist med den grunngivinga at det vare betre å vere sysselsett i nødsarbeid og dermed halde kontakten med arbeidsliv og kameratar enn bare passivt å motta bidrag.

Men da einskilte i partilaget enda seinare same året, i 1931, stilte seg i spissen for ei nyoppretta vegarbeidarforeining, Stokken Arbeidsmannsforeining, og kravde overenskomst med kommunen også for nødarbeidarane, var den partistyrte kommunen bare villig til å gå med på ein avtale som ikkje gav nødsarbeidarane noen rettar, og som særleg innebar at dei alltid skulle ligge under lønsnivået på fabrikkane. Kommunen støtta altså ønskjet til arbeidsgivarane om å halde oppe konkurransen mellom arbeidarane om knappe industriarbeidsplassar. Først etter krigen hevda heile arbeidarrørsla, og fikk i dei politiske partia sitt namngjettne fellesprogram frå 1945 med seg alle dei borgarlege partia på at frå nå av skulle alt arbeid, også offentlege arbeid som eventuelt måtte setjast i gang straks det oppstod den minste arbeidsløyse, lønast i samsvar med gjeldande tariffavtaler.

I første halvdelen av 1930-talet var Stokken Arbeidarparti derimot prega av mye og gjentatt intern strid om lønsnivå i og prinsipp for rasjonering av kommunale nødsarbeid. I denne situasjonen sa Nils Hjelmtveit frå seg ny nominasjon til stortingsvalet i 1933, for å komme inn igjen som ordførar og sørgje for at dei store og vanskelege lokalpolitiske sakene blei løyst på ein tilfredsstillande måte. Som kjent måtte han forlate Eydehavn på ny to år etter, i 1935, da han lét seg overrumple av sin eigen ven, Arbeidarpartiet sin nye statsminister Johan Nygaardsvold, til å gå inn i Nygaardsvold si nye mindretalsregjering som kyrkje- og undervisningsminister, ei stilling han blei verande i heilt til regjeringa blei tvinga til å gå av frigjøringssommaren 1945.

Fra Stokken Arbeiderpartis 20-årsjubileum 1936, i Folkets hus

(foto: Nils A. Jacobsen)


Men med dei betre konjunkturane og Nygaardsvold-regjeringa frå 1935 blei det lettare tider også på Eydehavn og i Stokken. I 1935 nådde partilaget opp i eit medlemstal på 178, som fordelte seg på 48 frå Elektrokjemisk Arbeiderforening, 42 frå Eydehavn Arbeiderforening, 22 frå kvinnegruppa, 54 frå arbeidarungdomslaget og 14 direkte medlemmar. Av desse var 59 medlemmar arbeidslause i 1935, men i dei to åra som følgde fram til 1937, dalte arbeidsløysa til eit forsvinnande minimum slik at alt nødsarbeid i kommunen blei avvikla og erstatta av ordinært tariffert arbeid også i kommunal regi. Under denne utviklinga var det ikkje rart at den nye foreininga av arbeidslause som arbeidarungdomslaget tok initiativ til i 1934, straks kom inn i eit godt samarbeid med kommunen.

Frå starten og i mellomkrigstida var den store hovudstraumen i arbeidarrørsla i Stokken altså stort sett på line med og lojal overfor leiinga i parti og fagorganisasjon. Dette endra seg ein del etter andre verdskrigen, men da ikkje på grunn av at arbeidarrørsla i Stokken skifta synspunkt, heller fordi leiinga i arbeidarrørsla gjorde det.

 

Partiets linje etter 2. verdenskrig

Etter krigen blei arbeidarrørsla i Stokken ståande på mange av dei standpunkta som hadde prega ikkje minst Johan Nygaardsvold og Nils Hjelmtveit si fløy i parti og regjering, og som før krigen kunne oppfattast som ein reformistisk høgrefløy. Det vil seie ei line for sosiale og økonomiske reformar på grunnlag av parlamentarisk demokrati, basert på det som kan kallast ein sosial-pasifistisk anti-militarisme (altså at løyvingar til sosiale og økonomiske reformar var å føretrekke framfor militærløyvingar) og utanrikspolitisk nøytralitet. Etter krigen blei dei som heldt fram med å fekte for slike synspunkt, på mange måtar til ein venstre-opposisjon mot ei partileiing som derimot hadde endra syn.

I 1945 fikk partilaget også auka konkurranse ved at Norges kommunistiske parti for første og einaste gong kom inn i herredsstyret med ein representant, ein tidlegare framståande medlem av arbeidarungdomslaget.

At Stokken Arbeidarparti heldt fast ved det meste av det laget hadde stått for også før krigen, kom fram allerede i 1945, da laget slutta seg til eit forslag frå Tinn Arbeiderparti om å føre kamp mot krig og militarisme i Forsvaret, i historieundervisninga og i sosiallovgivinga. I tråd med lina si fikk laget også til å halde 1. mai-talen på Eydehavn i 1946. I 1948, da den kalde krigen var i ferd med å gjøre seg gjeldande for alvor mellom dei tidlegare hovudallierte mot Hitler-Tyskland, USA og Sovjetunionen, og sentrale partifolk byrja å gå inn for ein vestleg forsvarsallianse, reiste laget kritikk av det dei kalla militarisme i partileiinga og gikk i staden inn for ein meir aktiv sosial reformpolitikk. I 1953 følgde det opp med å gå imot auka militær øvingstid, imot auka militærløyvingar og imot det dei kalla ei ytterlegare endring av NATO frå det opphavlege, reint defensive formålet med alliansen.

Det var det som kan kallast ein opposisjonell venstre-fløy i Stokken Arbeiderparti som fremma og fikk oppslutning om desse standpunkta. Men denne fløyen hadde ikkje alltid ein like sterk stilling ved nominasjonane foran kommuneval som det kunne sjå ut som han hadde mellom veljarane. Kommunevalet i 1951 enda for eksempel i total omkalfatring av lista ved at Karl Knusen, som var ein av dei fremste talsmennene for den anti-militaristiske og NATO-skeptiske lina, blei valt inn som nummer ein, medan den nominerte førstemannen hamna langt nede på lista. Det same gjentok seg i 1959.

Det var kanskje denne stillinga, som gav tryggings- og utanrikspolitiske opposisjonelle stort rom innanfor det lokale Arbeidarpartiet, som låg til grunn for at da store delar av denne opposisjonen dels blei ekskludert frå, dels meldte seg ut av Arbeidarpartiet og danna Sosialistisk Folkeparti i 1961, fikk dette partiet ikkje noen stor oppslutning i Stokken. Arbeidarpartiet heldt oppe sitt nesten totale hegemoni innanfor arbeidarrørsla her.

Stokken arbeiderungdomslag

Ungdomslaget, som blei stifta så tidleg som i 1918, gikk det, på line med konjunkturane og ungdomsarbeidsløysa, mye opp og ned med. I åra frå 1935 og fram til andre verdskrigen hadde det ein periode med stabilt høg aktivitet. Frå denne perioden stammar den såkalla Aktuell-protokollen, ei handskrivi avis som fortel mye om ulike sider av ungdomslivet på Eydehavn og i Stokken for øvrig, og som blei lesi høgt på møta.

Noe av det viktigaste ungdomslaget gjorde på 1930-talet, var å få i gang eit arbeidarane sitt idrettslag (AIL) og få starta ei levedyktig arbeidsløses forening

 

Arbeidaridrettslaget (AIL)

Arbeidarungdomslaget stod også bak dette laget da det blei stifta som ein del av Arbeidernes Idrettsforbund som hadde broti ut av det borgarlege Norges Idrettsforbund noen år tidlegare. På ein utprega industriarbeidarstad som Stokken tok laget snart luven frå den gamle borgarlege idrettsforeininga. Dette trass i at leiarar innen denne foreininga brukte dei posisjonane som dei særleg hadde på Nitriden, til å favorisere arbeidarar som sa seg villige til å gå inn i Eydehavn IL. Overformannen på Pakkeriet, som også var formann i dette laget og ein mann som blei rekna som han som hadde innført fotballen på Sørlandet, sette medlemskap i det borgarlege laget som vilkår for å få jobb på denne avdelinga, særleg dersom dei var gode fotballspelarar. Mange takla dette ved bare å love å melde seg inn, men ikkje følgje opp lovnaden når dei først hadde fått ein fot innanfor.

Einskilte medlemmar av Arbeidarpartiet heldt likevel fram med å stå i det borgarlege idrettslaget, og innan partilaget blei det i 1934 reist forslag om at dersom dei ikkje gikk over til AIL, måtte dei ekskluderast. Karakteristisk nok blei dette stansa av den meir moderate og forsonlege leiaren i arbeidarrørsla i Stokken, lærar og nå på ny ordførar Nils Hjelmtveit. Hjelmtveit var meir tilhengar av å overtale enn å tvinge, og fikk fleirtal for eit forslag om bare å oppfordre overløparar til å gå inn i AIL, men her bare med nød og neppe, det vil seie med overvekt på ei fattig stemme.

 

De arbeidsløses forening

Denne foreininga blei altså stifta av arbeidarungdomslaget da arbeidsløysa var i ferd med å falle til eit minimum i 1935, og oppnådde med ein gong det som ein tidlegare organisasjon av arbeidslause ikkje hadde fått til da arbeidsløysa var på det høgaste på byrjinga av 1930-talet, ein tariffavtale med kommunen. Men foreininga fikk ikkje oppfylt ønskjet sitt om å få kollektiv medlemskap i Stokken Arbeiderparti. Ein av krumtappane i foreininga var Harald Øien, som etter krigen - på line med mange andre AUF-aktivistar - gikk over til Norges kommunistiske parti og blei valt inn i herredsstyret for dette partiet i 1945.

 

Kvinnegruppa

Stokken var ein utprega industriell skiftarbeidskommune der mannlege skiftarbeidarar var lønsarbeidande familieforsørgarar og døydde tidleg, sjeldan mye seinare enn ved oppnådd pensjonsalder, medan kvinnene var heimearbeidande husmødresom levde mye lengre og var heilt dominerande i den eldste generasjonen.

Tilsvarande heldt kvinnene seg også heime frå politisk og fagleg arbeid, som var sterkt dominert av mennene som dette angikk direkte.

Men det fantest unntak som smedfrua Bergitte Ruud, som gikk i spissen for at mennene skulle ta kvinnfolka med på møta. Ho engasjerte seg mellom anna sterkt i spørsmålet om matforsyningane under første verdskrigen og heldt fram å vere eit framståande medlem i partiet og ein pionér for ei eigen kvinnegruppe. I 1930 blei Bergitte Ruud valt til å representere partilaget på landsmøtet i Arbeidarpartiet.

Men i herredsstyret kom det ingen kvinner med før Eva Andersson blei valt for den siste perioden Stokken eksisterte som eigen kommune, frå 1959. Seinare blei Lilly Walvik ein framståande kommunalpolitikar frå Eydehavn, særleg på skolepolitikken sitt område. Elles var kvinnene framleis mest engasjert i spørsmålet om barnevern og i arbeid med barn i det heile.

 

Folkets Hus

Utanom ein låve på Staksnes som blei brukt til einskilte møte heilt frå starten, var det namngjetne såkalla Kinolokalet einaste forsamlingshuset i Eydehavn frå byrjinga. Kino-lokalet var opphavleg ei arbeidsbrakka som var flytta frå anlegget av Nitriden til Torget, og hadde namnet sitt på grunn av at det blei kjørt kinofilm der to gongar i veka. På Saltrød hadde dei dessutan det gamle kommunelokalet. Men arbeidarrørsla brukte særleg Kino-lokalet, som ut frå protokollane ofte var fylt av kald og røykfylt luft, og der møte ofte måtte avlysast om vinteren på grunn av at temperaturen nådde frysepunktet.

Dette var bakgrunnen for at allereide frå 1913 tok dei faglege og politiske organisasjonane opp arbeidet med å få bygd eit Folkets Hus, med innsamling av pengar ved hjelp av basarar, festar, bidrag frå industriverksemdene og til slutt frå Landsorganisasjonen sitt Folkets Hus Fond. Men først i 1926 lykkast det å få reist huset, på ei tomt gitt av kommunen på Snekkenes og ved hjelp av ein lånegaranti frå kommunen. Det låg også mye dugnadsarbeid til grunn, og kvinnegruppa bidrog med gardinar og kaffeservice.

Folkets Hus var ein heilt sentral del av den eigne "leiren" som arbeidarrørsla bygde opp utanfor eit borgarleg samfunn som frå starten prøvde å kvele rørsla i fødselen, mellom anna ved å nekte ho adgang til eksisterande forsamlingslokalar. I Folkets Hus passerte mange alle viktige milepælar frå fødsel til grav (dåp, konfirmasjon, ekteskap og gravlegging), samstundes som dei brukte huset til møte og andre samankomstar til dagleg. På ein einsidig industristad som Eydehavn var denne arbeidarrørsla sin eigen "leir" så å seie heile ålmenta, ved sida av dei religiøse forsamlingane, som også var dominert av arbeidarane. Dei borgarlege heldt seg stort sett i meir snevre og private krinsar og samanslutningar.

Scenen i Eydehavn Folkets Hus var pryda av mottoet "Samhold gir styrke". Men under mottoet var det - som i Kjartan Fløgstad sitt Sauda og dei andre Folkets Hus rundt omkring - nesten utelukkande einsame ryttarar og detektivar som reid over kinoduken på cowboy- og krimfilmane som dominerte repertoaret fullstendig på Folkets Hus kino.

 

Andre politiske parti

Arbeidarpartiet var heilt inn i vår eigen tid det heilt dominerande politiske partiet i Eydehavn og Stokken. Dei borgarlege politiske partia hadde stort sett bare lokal eksistens i samband med kommuneval. Dei sosiale sjikta som stod bak dei, særleg med basis i leiingane på Nirtiden og på Smelteverket, gjorde ikkje noe alvorleg forsøk på å ta opp den lokalpolitiske kampen, men overlét kommunalstyret til arbeidarrørsla.

Dei einaste alvorlege konkurrentane Arbeidarpartiet noen gong fikk, hadde sjølv utspring i Arbeidarpartie. Det var lokalavdelinga av det høgresosialdemokratiske Norges sosialdemokratiske arbeiderparti, som eksisterte frå 1922 til det på ny blei samla med Arbeidarpartiet i 1927. Og det var Norges kommunistiske parti, som på bakgrunn av populariteten etter andre verdskrigen gjorde brukbare kommuneval i 1945 og 1947, men som så bukka under i den nye kalde krigen, enda meir grundig i det tradisjonelt moderate Stokken enn på andre einsidige industriarbeidarplassar rundt i landet, der dei heldt fram med å hevde seg fagleg og politisk ut over på 1950-talet.

til toppen

Litteratur:

Berntsen, Harald. Trekk av Stokkens historie ca. 1600-1962. - [Eydehavn : Moland kommune, 1981] 

Opprettet av brit
© Aust-Agder kulturhistoriske senter
Sist endret 2006-06-16 11:20

AAKS_logo