Elvarheim Museum

Aslak Rom
Aslakrommet  
Jerv 2014
Jerv  
Maake Vs Mink 2014
Måke og mink  
Come And Play 2014
Beverutstillinga  
Swiming 2014
Beverutstillinga  
Krutt Horn 2014
Krutthorn frå 1814-utstillinga  
Felemakarensrom2
Felemakarverkstaden  
Aslak Rom
Aslakrommet  
Elvarheim museum tar for seg Åmlis kulturhistorie med fokus på utnytting av skogen og hausting i naturen. På museet kan ein sjå alle dei fire store rovdyra bjørn, ulv, jerv og gaupe og mange andre mindre rovdyr og fuglar, i tillegg til ei flott utstilling om bever. Du kan også sjå Aslak Harstveits flotte samling av meir enn 200 knivar. Sommaren 2018 opna også vår nye faste utstilling "Mangfald og Mote" om folkedrakter i Åmli frå 1700- til 1900-talet.

Elvarheim museum - brosjyre [pdf]

Dei faste utstillingane:

Mangfald og Mote

I denne utstillinga får du sjå drakter og tilbehør frå Åmli gjennom 200 år, frå dei eldste bevarte folkedraktene til bunad og kjolemote.

Folkedraktene var dei kleda folk gjekk i til kvardag og fest, også kalla kledebunad.

Mot slutten av 1800-talet overtok maskinsydde motekjolar gradvis for lokal draktskikk. Samtidig vaks det fram ei aukande interesse for det norske. Hulda Garborg gjekk i bresjen for å ta i bruk dei gamle folkedraktene, som ho kalla bunad.

På 1920-talt starta arbeidet med å lage ein bunad i Aust-Agder. Eldre bevarte folkedrakter fann ein i dei indre delane av fylket, hovudsakleg i Åmli. Mange kallar denne bunaden Aust-Agder-bunad. Sidan Aust-Agder også har to andre bunader – frå Setesdal og Iveland – er Åmlibunad det offisielle namnet. Dei første Åmlibunadene blei sydd opp i 1925, til opninga av Elvarheim.

No er både bunadene og nokre av folkedraktene komne tilbake til Elvarheim. Vi er stolte av å vise fram eit stort mangfald av drakter frå Åmli.

 Fangstmannen Aslak Harstveit

Museet bygger opphavleg på samlinga etter fangstmannen Aslak Harstveit frå Åmli.


I ”Aslak-rommet” finn du både rovdyr og dei jaktbare småviltslaga, omgitt av sitt naturlege miljø. Du kan også få sjå gamle feller og sakser.

Eit ”nattrom” syner fuglar og dyr som helst er ute i mørket, og i ”fuglerommet” er mange av fuglane i Åmli og Agder presenterte, både i lyd, bilete og utstoppa form. Her finn du også ein orrleik.

I ”knivrommet” er Aslaks samling på meir enn 200 knivar stilt ut.
 
Boka ”Fangstmannsminne” , der Aslak fortel forfattaren Andreas Vevstad om vilt, fangstmetodar og opplevinga i naturen, er nyttig bakgrunn for eit besøk på museet.
 
Bjørneskyttaren Olav Tverrstøyl

Olav Tverrstøyl (1845-1938) frå Åmli var den største bjørneskyttaren på Agder gjennom tidene. I løpet av si tid som jeger felte han 96 bjørnar, dvs. om lag kvar tiande bjørn som vart skoten i Aust-Agder og Telemark. Olavs liv og lagnad er spanande skildra i Andreas Vevstads bok ”Bjørneskyttaren Olav Tverrstøyl”.


I ”Tverrstøyl-rommet” finn du m.a. Olavs bjørnebørse, ski, klede, fiskereiskapar og handelsvarer. Her kan du også treffe ein ekte bjørn ved namn ”Lillepekka”, som slett ikkje lever opp til namnet sitt.

På bærtur

Denne utstilllinga handlar om bærplukking, og spesielt om den store blåbæreksporten til England på 1920- 0g 30-talet. Åmli og Froland var blant dei områda i landet der det blei plukka og eksportert mest blåbær, og det gav gode ekstrainntekter i harde tider. Inntektene frå blåbærplukking tilsvarte på denne tida nesten heile kommunebudsjettet for Gjøvdal kommune!

Utstillinga består av innlånt materiale, bærplukkarar, reinskemaskinar, sponkorger og mykje meir, samt plakatar frå Agder Naturmuseum.

Det vesle folket - beverens liv over og under vatn
 
Åmli er beverkommunen framfor nokon. På slutten av 1800-talet var beveren nær utrydding, og berre ein liten stamme på 60-100 dyr var att, med hovudsete i Åmli. Herfrå blei beveren eksportert til store delar av verda. I dag er det rundt 70 000 dyr berre i Noreg.

For å markere beveren si spesielle stilling i Åmli, har Åmli kommune i dag ein bever i kommunevåpenet sitt.  I 2014 kjøpte Elvarheim museum utstillinga “Det vesle folket” frå firmaet Naturama i Kristiansand. Utstillinga fyller det meste av kjellaretasjen i museet, og viser gjennom plansjar, film, utstoppa dyr og montrar som dei minste kan krype inn beveren si kulturhistorie, leveresett og naturmiljø både over og under vassflata. Du kan også sjå korleis beveren har det inne i hytta si. Her kan du båade sjå, kjenne og lukte på beveren!

Felemakaren Sveinung Gjøvdland

Åmli har ein rik folkemusukktradisjon, og Sveinung Gjøvland var i si tid ein av landets beste felemakarar. Verkstaden hans er utstilt i eit lite rom i festsalen i 2. etasje. Det er også skrive ei flott bok om Sveinung Gjøvland med tittelen "Felemakaren". Denn får du kjøpt i museumsbutikken.

Elvarheim: Kulturhus og kommunestyrelokale sidan 1925

Elvarheim blei bygd på initiativ frå Ungdomslaget og Åmli kommune i 1925, og har sidan husa både kommunestyremøter, skule, bibliotek, kino og mykje anna. I 1989 gav delar bygningen rom for Elvarheim museum. Festsalen i 2. etasje fungerer framleis som kulturhus og rommar festar, konsertar, bygdekveldar og ulike framsyningar. Takmåleria av Ragnvald Einbu viser utsnitt av Åmli-natur, og er vel verd å få med seg.

 

Jerv 2014
Jerv  
Maake Vs Mink 2014
Måke og mink  
Come And Play 2014
Beverutstillinga  
Swiming 2014
Beverutstillinga  
Krutt Horn 2014
Krutthorn frå 1814-utstillinga  
Felemakarensrom2
Felemakarverkstaden