Kontakt English Kontakt oss English Nyhetsbrev
Tekststørrelse-ikon
PC: Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Dei første landbrukskulane

Anne Tone Aanby, Aust-Agder-Arkivet
Agderposten 7. oktober 1996

Norges Bondelag feirar 100-års jubileum i år. Lokalt kan bøndene feire enda eit jubileum. I år er det 100 år sidan dei første landbruksskulane blei sette i gang i Aust-Agder.

Etter ein lang debatt i amtstinget i 1890, blei det vedteke at ein ville ha landbruksskule i Bygland og i Fjære. Det var slett ikkje tilfeldig at debatten om landbruksskule for Nedenes amt kom opp i 1890-åra. Næringslivet var nede i ein bølgedal. Særleg hardt ute var kystområdet etter at bankkrakket i Arendal i 1886 sette ein brå slutt for gullalderen i skipsfarten.

Bøndene i kystområdet hadde under høgkonjunkturen investert i skipsfarten. Ledig kapital, lønningar og skipstømmer blei tatt ut som skipspartar. På Bjørnetrø i Fjære ser vi frå gardsarkivet at ei slektsgruppe på 9, som alle ætta fra Knud og Gunhild Mjølhus, gjekk saman om å finansiere skuta «Salus» i 1875. Peder Bjønnum var korresponderande reiar og Johannes Lia var skippar.

Dei same slektningane hadde og partar i skuta «Bjørnetrø». Desse partsreiarane var bønder på Nedenes, Bjønnum, Tingstveit, Bjørnetrø, Lia, Tora og Grefstad. Fortenesta blei ofte sett i store og velhaldne bygningar slik vi kan se dei den dag i dag. På dei gardane der mannfolka seilte, administrerte kvinnene garden. Med pengar frå skipsfarten kunne dei kjøpe mannleg arbeidskraft frå dei indre bygdene i Vest-Agder eller frå Sverige.

Etter 1886 blei det ein brå slutt på partsreiareventyret. For «skutebøndene» betydde dette at dei nå måtte satse på jordbruk som lønte seg, ikkje minst for å kunne halde på garden og oppretthalde den nye levemåten.

Debatten i amtstinget tok opp Problemet med eit jordbruk som lenge hadde vore forsømt pga. dei gode tidene i skipsfarten. Dette var ikkje kritikk mot kvinnejordbruket, men ei erkjenning av at ein ikkje hadde satsa nok på moderne salsjordbruk med investeringar i nye maskinar.

Resultatet av debatten blei altså ein landbruksskule på Bjørnetrø. Skulen kom i gang hausten 1896 på garden til Knut Bjørnetrø. Han var sjølv praksislærar, og skulelokala var i ei av stogene den første tida. Axel Johan Torkildsen var styrar. Drifta var ordna slik at skulen skulle gjere bruk av både buskap og reiskap på garden. Men det var Knut Bjørnetrø som måtte svare for både inntekter og utgifter av gardsdrifta.

Dei første åra varte eit kurs 9 månader. I folketellinga for 1900 ser vi at styrar Torkildsen og hushalderska Juliane Hansdatter budde i bryggerhuset på garden. Marie Kittelsdatter var budeie, Olga Olsdatter var tenestejente og Johan Svendsen var jordbruksarbeidar dette året. Same året var Syvert Skjævesland frå Øyslebø lærar. Han hadde kost og losji hos Gustav Skjellufsen på Håbbestad. Dei elevane som ikkje kunne bu heime, var også innkvarterte på skulen. I 1901 var det i alt 38 elevar. Berre 4 elevar trengte innkvartering ved skulen i året 1900. Dette var Jørgen Gundersen og Aslak Mjåland frå Froland, Thomas Nyberg frå Vestre Moland og Knut Espeagre frå Birkenes. Alle var 16 år gamle dette året.

Det var kanskje ikkje så rart at det var så få elevar som trengte innkvartering dei første åra. For dersom vi studerer dei første elevbilda, er det slett ikkje tilfeldig kven som er knytt til skulen; det var dei samme namna som vi fann som partsreiarar av skuta «Salus»: det var gutar frå Lia, Bjørnetrø, Nedenes, Bjønnum og Grefstad.

I 1901 blei skulen fellesskule for heile Nedenes fogderi, og då blei det gjort store utbetringar. Skuletida blei utvida til 11 månader, som var «et praktisk – teoretisk kursus, der begynder 15. januar.» Amtet ga tilbod om fri undervisning, og elevar frå Nedenes amt kunne få stipend på 50 til 240 kroner. Skolen fekk to undervisningsrom, og det blei innreia kontor og eige rom for skulen sine samlingar. A. Monrad Rom blei tilsett som ekstralærar.

Dei siste åra var det M. Kringlebotten som styrte skulen. Han budde hos Axel Konnestad. Men i 1906 kjøpte amtet Holt prestegard og skulen flytte dit. Skulen på Bjørnetrø blei lagt ned, men godt over 100 elevar hadde i løpet av desse åra fått solide kunnskapar om jordbruk som dei kunne arbeide vidare med som aktive bønder. Fleire unggutar frå partsreiarmiljøet var altså elevar på Bjørnetrø. Men fikk kunnskapen noen praktisk verknad for denne ungdommen slik at dei kunne klare overgangen til det moderne salsjordbruket?

At dei unge bøndene i Håbbestad krets tok dei nye ideane alvorleg, kan vi se i dagbøkene til Knud Lia. Han førte nøyaktig rekneskap for inntekter og utgifter av produksjonen på garden, – og rekneskap for avlsoksen i dagboka si. Vi tar med eit klipp frå året 1906: «27. april Aar 1906 begjønte eg eit forsøg med at maale Aakrene for at se hvor stor prosent jordbruket gir, naar udgiftene blir trekt fraa inntektene.» Åkermål med rekneskap blei ført opp kvart år. I 1913 kom Knud Lia fram til eit systematisk oppsett for moderne vekselbruk. Der han hadde med oppgåve over både gjødselmengde, utsed og avling på dei enkelte jordlappane.

På Bjørnetrø er det tatt vare på eit heilt arkiv med nøyaktig oversikt over gardsdrifta. Og frå slektningen Gjeruld Johnsen Tøra har vi ei dagbok som kan fortelle at han var ein mykje brukt utskiftningsformann før århundreskiftet.

Jordbruksutskiftningane løyste opp gamal teigblanding slik at mesteparten av jorda til ein gard blei samla. Dette var ein føresetnad for overgangen til eit rasjonelt maskinjordbruk.

Det var også den samme slektskretsen som dro i gang landets første kontrollag (Fjære og Landvik). Dette skulle kontrollere mjølkemengda med tanke på utbetringar. I tillegg starta bøndene avlsokseforening. Eit fjøskurs for kvinner blei også dradd i gang på denne tida. Målet i heile denne perioden var; eit effektivt og moderne salsjordbruk som kunne auke fortenesta på garden. Slik vart og dei større gardane i kyststroka meir spesialiserte og ikkje så avhengige av tilleggsnæringar. Men nå var det og mest berre mannfolk som administrerte gardane.



Emneord:

Etter 1800,
Landbruk,
Skole og læring,
Foreninger og organisasjoner,
Kyststrøk,
Fjell- og dalbygder


BJØRNETRØ: Studentar ved kurset på Bjørnetrø landbruksskule i 1898. Foran frå venstre: K. Lofthus, A. Torkildsen, K. Bjørnetrø og F. K. Grevstad. Bak: Osuld Hørte, Jørgensen Nevisdal, Hans Vangsnes Mykland, Karl Arnesen Klepp, Knut Torbjørnsen Nedenes, Gregorius Mjåland, Nils Håbesland og Torjus Bjørnetrø.


Nytt om gammelt. Artikkelserie.
Nytt om gammelt. Artikkelserie fra KUBEN, Aust-Agder museum og arkiv. Publisert i Agderposten 1983-2004.