Banner

Syver Kristiansen (1884-1953)

Document Actions
av Harald Berntsen

Side under arbeid

Kristiansen kom fra Gudbrandsdalen.

En av de ledende og markante personligheter innen Stokken Arbeiderparti
  

1884
Født
1916
Formann i Staksnæs Arbeiderforening (skftet raskt navn til Elektrokjemisk Arbeiderforening)
1934-35
Varaordfører i Stokken
1934-41
Ordfører i Stokken 1934-41
1953
Dør

 

 

 

Syver Kristiansen var den fagorganiserte arbeidaren som læraren Nils Hjelmtveit støtta seg mest på i si leiing av den industriarbeidardominerte Stokken kommune og arbeidarrørsla i kommunen.

Syver Kristiansen (1884-1953) var fødd i Gudbrandsdalen og var såleis ein av dei, etter måten, ta rekruttane som kom langvegsfrå og ikkje frå dei nærmaste byane og bygdene til den nye storindustrien på Eydehavn. I protokollane dukkar namnet hans opp for første gong da han i 1914 på generalforsamlinga i fagforeininga ved Nitriden, Staksnæs Arbeiderforening (seinare Elektrokjemisk Arbeiderforening), blei valt til formann, men nekta å ta imot vervet. I 1916 let han seg derimot velje til nestformann i Eydehavn Arbeiderparti da dette partilaget blei stifta.

Syver Kristiansen synast å ha vori ein ganske typisk representant for den tendensen ein kunne fInne hos faglege tillitsvalte til å sette einskapleg organisasjon og slagkraft foran politiske skilleliner når skille linene ikkje var alt for djupe. For desse var det viktig å hindre at interne politiske stridsspørsmål fIkk like stor plass som det einskaplege arbeidet i parti og fagorganisasjon, kommunestyre og storting for gradvis å forbetre arbeidarane si stilling..

Syver Kristiansen var såleis motstandar av at dei interne stridsspørsmåla som herja arbeidarrørsla og enda i to partisplittingar 1921-1923, skulle blandast inn i kommunepolitikken. Han gikk imot at spørsmåla i det heile skulle diskuterast i partilaget, som han let til å sjå på som ein rein kommunalpolitisk reiskap.

Den praktiske og resultatorienterte haldninga til Syver Kristiansen viste seg også i at han frå første stund var engasjert i arbeidet for å ta bygd eit Folkets Hus på Eydehavn, frå 1916 som nestformann i Folkets Hus-komiteen.

Etter kommunevaiet i 1934 blei Kristiansen varaordførar under Nils Hjelmtveit, som hadde føretrekt å vende heim igjen til jobben som ordførar etter tre år på Stortinget 1927-1930. Men da Hjelmtveit i 1935 blei statsråd i den nye Nygaardsvold-regjeringa, måtte Syver Kristiansen ta over som ordførar. Han heldt fram i ordførarvervet etter vaIet i 1937, og var såleis ordførar da tyskarane okkuperte Norge frå 9. april 1940.

Frå og med 1941 blei dei valte kommunestyra i landet erstatta av forsamlingar av oppnemnte oråiØhirar og "formenn", såkalla heradsting. I Stokke!} blei Syver Kristiansen oppnemnt som ordførar i heradstinget, og dei oppnemnte formennene låg partimessig nær opp til

samansettinga av det tidlegare valte kommunestyret. Nasjonal Samling (NS), som før krigen hadde oppnådd 0,2 prosent av stemmene i Stokken, fIkk "bare" varaordføraren.

Etter kvart blei fronten i heradstinget overfor alle nazi- framstøytar tydelegare. Heradstinget ville for eksempel ikkje løyve noe til musikkavdelinga i Rikshirden, og heller ikkje til Den Norske Legion, det vil seie frontkjemparane.

Frå og med 1942 blei Syver Kristiansen etter søknad løyst frå vervet som ordførar og erstatta av ein NS-mann. Den nye ordføraren utnytta da den suverene "førar"-rolla si til å vedta å løyve 1500 kroner til Den Norske Legion. Fem av formennene forlangte da å ta ført til protokollen at sidan ordføraren erkjente at 90 prosent av innbyggarane i Stokken var imot løyvinga, kunne dei ikkje støtte ho.

 

Opprettet av brit
© Aust-Agder kulturhistoriske senter
Sist endret 2006-03-02 15:24

AAKS_logo