Banner

Eydehavn i verda

Document Actions
Nasjonal og internasjonal historie har hatt mykje større innverknad i Stokken enn mange andre stader. Stokken ettekvart med industrisamfunnet Eydehavn har alltid vori prga av i kva grad internasjonal kapital og storindustri har funne det tenleg med industri nettopp her.

 

tekst: Harald Berntsen

Innhold:

- Norsk industrihistorie i eit nøtteskall
- Arbeidarhistorie
- Særtrekk ved Stokken og Eydehavn
- Stokken og verda

 

 

 

 

Eydehavn fra 1960-årene   

Industritettstaden Eydehavn – med fabrikkar og byanlegg – var ein del av Stokken, som i eldre tid var ein del av Tromøy sokn, men i 1878 blei eige annekssokn i det nye Austre Moland herad og prestegjeld. Industrireisinga frå 1912 sette sterkt preg på heile Stokken og gjorde dette kystsoknet enda meir ulikt den indre landbruksbygda Austre Moland enn tidlegare. På dette grunnlaget blei Stokken skilt ut som eigen kommune i 1919, og heldt fram med å vere det fram til den nye samanslåinga med Austre Moland og Flosta i 1962.

Utanfor bygda vil Eydehavn vere eit langt meir kjent namn enn Stokken. Men Eydehavn omfatta bare den delen av bygda (tidlegare Nes og Staksnes) som blei mest prega av dei to nye elektro-kjemiske og elektrometallurgiske storverksemdene Arendal Smelteverk og Det Norske Nitridaktieselskap, og som derfor blei kalla opp etter ingeniøren og finansmannen Sam Eyde.

Som namn på heile bygda var Stokken nesten nytt. Det blei valt – i konkurranse med namn som Saltrød og Mørfjær – da bygda blei eigen kommune i 1919. Frå tidlegare var Stokken eit meir lokalt stadnamn ved Mørfjærkilen, men var allereide frå 1878 namnet på det nye annekssoknet til Austre Moland.

I meir utprega bondesamfunn som i nabobygda Austre Moland vil innbyggarane sitt tilhøve til jorda, til dei øvrige lokale naturvilkåra og til slekta vere dei viktigaste livsvilkåra, dei viktigaste økonomiske tilhøva. Men eit heilt ut sjølvforsynt og jamnt bondesamfunn er eit svært sjeldant fenomen. Eit slikt reint samfunn vil nesten alltid – i varierande grad – vere modifisert av skatteforpliktingar og andre samband til ei statsmakt, av eit visst bytte av varer på ein marknad, av bierverv utanom jordbruket, og av ei viss lagdeling innan folkesetnaden i ein over- og ein underklasse.

I det moderne kapitalistiske industrisamfunnet er desse modifikasjonane blitt til ein dominerande samfunnsmessig, menneskeskapt økonomi og ein verdsmarknad som har skovi slekta og dei lokale naturvilkåra i bakgrunnen som avgjørande for menneska sine liv.

Stokken – og spesielt Nes og Staksnes som blei til Eydehavn – har i historisk tid aldri vori noe utprega eller einsidig bondesamfunn. Så tidleg som på 1600-talet var strandsittarar og handverkarar ei minst like viktig folkegruppe som bøndene. Og bøndene sjølv var ikkje bare bønder, men svært ofte samstundes sjøfolk og skuteeigarar, og de dreiv sagbruk og trelasthandel. Snart blei også skipsbygging og gruvedrift etter jernmalm viktige næringar for folk i Stokken.

I dei eldste tollrekneskapa, som var ein del av lensrekneskapa, finnast det på byrjinga av 1600-talet ei hamn med namnet Mørnes, som må ha legi i Stokken. Mørnes var først og fremst ei hamn for utskiping av trelast, men også ein stad for import av korn og andre varer frå utlandet direkte til den lokale folkesetnaden. PÅ Mørnes har utanlandske skipparar sikkert henta trelast langt attende på 1500-talet, noe eit anna stadleg namn som Frisøya truleg også vitnar om.

Etter dei gamle tollrekneskapa var Mørnes i byrjinga av 1600-talet ei av dei viktigaste trelasthamnene på strekninga Risør-Kristiansand. Omkring 1630 forsvann hamna Mørnes ut av kjeldene, men trelasteksporten heldt fram frå Neskilen – etter kvart rett nok gjennom hendene på det priviligerte byborgarskapet i Arendal.

Mot slutten av 1600-talet blei det sett i verk gruvedrift etter jernmalm i Stokken. Malmleiene i Arendalsdistriktet i det heile skal til tider ha levert opp til 70% av all den malmen som blei brukt av samtlege norske jernverk, og noen av dei rikaste førekomstane låg i Stokken. I Stokken heldt gruvedrifta fram heilt fram til 1860-70-åra. Frå omkring 1800 blei drifta prega av innflytta arbeidarar frå Kongsberg, der sølvverket på same tid reduserte verksemda.

I løpet av 1700- og 1800-talet – særleg i dei første tiåra etter 1850 – tok skipsbyggginga seg kraftig opp. Ho sysselsette store mengder arbeidarar som i overveiande grad kom flyttande frå dei indre bygdene i Aust-Agder. Men innflyttarane omfatta også etter måten store kontingentar frå andre stader i landet, som Modum, der Blaafarveværket hadde kommi i ei alvorleg krise i slutten av 1840-åra.

Allereide i tidlegare hundreår har altså Stokken fungert som ein magnet på ledige hender, særleg av overskotsfolk frå indre bygder i Aust-Agder. I Stokken fantest det andre og fleire sjansar til arbeid og inntekt enn bare jordbruk og skogbruk. Stokken si historie vitnar om at det var meir flytting og mobilitet i det gamle samfunnet enn folk i dag ofte trur. I Stokken fikk innflyttinga av ledig arbeidskraft omkring 1800 den følgja at bygda var for fattig til å kunne opprette eit fattigvesen og eit skolevesen.

Etter den sterke framgangen for næringslivet i bygda frå omkring midten av 1800-talet kom så samanbrotet for både den gamle norske jernverksdrifta og treskipsbygginga i 1870- og 1880-åra, og ramma Stokken med full tyngde. Gruvedrifta etter jernmalm blei lagt ned, og skipsverfta reduserte verksemda. Folkesetnaden som i høg grad var innflytta, måtte vidare ut på verdshava og over Atlanteren for å livnære seg. Nord-Amerika blei bokstavleg talt den viktigaste arbeidsplassen for Stokken-folk. Det vil seie: Det gjaldt i første omgang vesentleg den mannlege folkesetnaden i Stokken. Attende på dei små jordflekkane sat kvinner og barn som først etter kvart følgde etter mannfolka ”over there”.

Ved forrige hundreårsskifte – frå 1800- til 1900-talet - var Stokken altså i ferd med å bli avfolka.

Fraflyttinga heldt fram til 1912, da tekniske hindringar kom i vegen for dei store planane gründeren Sam Eyde hadde hatt om å reise eit moderne jernverk på Vindholmen ved Arendal. I staden fikk han skaffa avsetting for den elektriske krafta som var bygd ut i Arendalsvassdraget, ved å få reist to nye storverksemder på Staksnes i Stokken. Det var Det Norske Nitridaktieselskap og Arendal Smelteverk, som kom til ved hjelp av, i same rekkefølgje, fransk og tysk kapital.

Dermed opplevde Stokken igjen ein omfattande tilflytting som bare fram til 1920 førte til ei tredobling av folketalet i bygda. Nærmast fabrikkane voks det opp ein ny tettstad, eit byanlegg, som saman med sjølve industriområdet blei kalla Eydehavn etter Sam Eyde. Som følgje av denne utviklinga blei Stokken i 1919 skilt ut frå landbruksbygda Austre Moland som eigen kommune. Den nye industrikommunen blei frå første stund politisk fullstendig dominert av Arbeidarpartiet. Under leiing av den unge tilflytta læraren frå Strilelandet utanfor Bergen, Nils Hjelmtveit, seinare kyrkje- og undervisingsminister i Johan Nygaardsvold si regjering, blei Stokken i mellomkrigstida ein sosialpolitisk føregangskommune  og eit utstillingsvindauge for sosialdemokratisk kommunestyring. (se også  Artikkel om EITTPARTIKOMMUNEN av Harald Berntsen)

Norsk industrihistorie i eit nøtteskall

Eydehavn og Stokken si historie kan seiast å vere eit stykke typisk norsk industrihistorie.

Bygda gikk først gjennom hundreåra med tradisjonell industri: Sagbruk, gruvedrift og skipsbygging. Denne industrien var i Stokken, som elles i landet, kjenneteikna av å vere basert på lokalt tilgjengelege råvarer, handverk, handkraft og andre naturleg føreliggande drivkrefter, forutan – med unntak av gruvedrifta – lokalt oppsamla, små kapitalar.

Så kom 1900-talet med den elektro-kjemiske og -metallurgiske prosessindustrien. Denne moderne storindustrien var – i motsetning til den tradisjonelle – bygd på meir raffinert utnytting av vasskrafta og i høg grad importerte råvarer, forutan ein utanlandsk storkapital som var blitt overflødig i dei store imperialistiske land omkring hundreårsskiftet - i same forstand som det meste av oljeinntektene som vårt eige land tener i dag, etter kva det er politisk semje om, ikkje kan investerast innanlands i Norge.

Denne overflodskapitalen fann nye, urørte jaktmarker i eit underutvikla Norge som var rikt på vassfall og gav lett tilgjenge til verdshava og verdsmarknaden. (se også Eydehavn etableres av Ole Kristian Grimnes)

Arbeidarhistorie

Stokken si historie er samstundes ei ganske typisk utgåve av dei norske industriarbeidarane si historie.

Frå ganske tidleg starta det med ein spirande arbeidarklasse innan dei tradisjonelle industrielle verksemdene. På grunn av den handverksmessige karakteren av desse verksemdene var denne tidlege arbeidarklassen, objektivt og subjektivt, sterkt delt opp etter faggrenser. Vidare var sambandet mellom arbeidarane og – ofte sjølv arbeidande – arbeidsgivarar innan kvar einskilt av desse verksemdene kanskje vel så sterkt som solidariteten mellom arbeidarane over verksemdgrensene og geografiske grenser. Med unntak av gruve- og jernverksdrift var verksemdene også som regel basert på lokal småkapital, lokale råvarer og på levering til ein lokal marknad.

Til sist stod den tidlege spirande arbeiderklassen ennå med eit bein i den småborgarlege samfunnsklassen, ved at arbeidarane gjerne eigde ein liten jordflekk som dei livnærte seg av, og dermed ikkje bare av å selje arbeidskrafta si til kapitalistar for løn.

I tråd med dette finn vi ikkje spor av ei samlande fagleg og politisk rørsle i det gamle arbeidsfolket i Stokken – heller ikkje på Thrane-rørsla si tid omkring 1850 eller i samband med dei såkalla Samholds-foreiningane i det øvrige Arendals-distriktet i 1880-åra. (Derimot eksisterte det ein sterk Venstre-tendens med utspring mellom skipsreiarar og verftseigarar, og som truleg fanga opp mange arbeidsfolk.)

Ei sjølvstendig arbeidarrørsle fikk Stokken først med den moderne storindustrien og den nye arbeidarklassen i denne industrien av ufaglærte spesialarbeidarar, som var konsentrert i store tal under same tak, ikkje hadde andre inntektskjelder enn det industrielle lønsarbeidet, og hadde motparten sin i ein upersonleg, utanlandsk eller på andre måtar fjern storkapital. Da oppstod det til gjengjeld raskt ei moderne arbeidarrørsle som politisk blei fullstendig dominerande i bygda.
 


Arbeidsfolk på Nitriden 1915
 
 

Særtrekk ved Stokken og Eydehavn

Den politiske utviklinga mellom arbeidsfolk som er skissert ovanfor, ei utvikling som stort sett er typisk for heile landet, har i Stokken heilt spesielle, interessante trekk. Til skilnad frå liknande industristader for eksempel på Vestlandet, som i Odda, blei arbeidarrørsla i Stokken totalt dominert av den moderate reformistiske retninga innan arbeidarrørsla i landet, og hadde svært få nemneverdige revolusjonære innslag. Denne dominansen var parra med utvikling av ein uvanleg sterk lokalsolidaritet, til skilnad frå og på tvers av ein klassemessig solidaritet over kommune-, landsdels- og landegrenser. Den moderne arbeidarrørsla i Stokken retta seg heilt overveiande inn på å bygge opp eit leveleg lokalsamfunn i bygda, innan dei rammene som det større nasjonale og internasjonale økonomiske systemet sette.

Føresetnadene for denne markante orienteringa innan arbeidarrørsla i Stokken låg truleg ikkje minst i bakgrunnen til dei arbeidarane som kom flyttande til den nye storindustrien på Staksnes frå 1912 og framover. Som i tidlegare hundreår var innflyttarane for det meste folk frå etter måten nærtliggande bygder i det indre Aust-Agder. Det var folk som var vante med små kår, stadig tilbakevendande arbeidsløyse, å vere personleg avhengige av arbeidsherrar som hadde kunna handsame dei etter eige godtykke, og permanent mangel på tryggleik for levebrødet. Desse folka opplevde fast arbeid og fast løn i storindustrien som eit stort framsteg både i økonomisk forstand og i personleg fridom – kanskje på ein heilt annan måte enn fiskaren og småbonden som blei proletarisert på Vestlandet? Eller var industristadene på Vestlandet meir prega av fjerninnflytting?

Stokken med Eydehavn i sentrum blei eit nytt Amerika, eit slag nybyggarsamfunn i industriell utgåve som i motsetning til omgjevnadene i Aust-Agder for øvrig, det fallerte Arendal inkludert, innebar håp for framtida.

Det var heller ingen som gjorde noe verkeleg forsøk på å hindre den unge arbeidarrørsla i Stokken i å ta over det lokale styret, og som dermed kunne ha gjort det nødvendig for rørsla å ta i bruk meir pågåande metodar. Ho fikk makta utan å møte alvorleg politisk motstand frå borgarleg hald, og kunne på grunnlag av skatteinntektene frå industrien bygge opp ein sosialdemokratisk mønsterkommune. I denne samanhengen passa den unge vestlendingen og læraren Nils Hjelmtveit godt inn som leiar, med sin bakgrunn i Venstre, sin jordnære reformistiske haldning og sterke personlegdom, som sette han i stand til sterkt å prege den lokale arbeidarrørsla. Einskiltpersonane si rolle i historie skal ikkje undervurderast, særleg når dei lèt seg sameine med omgivnadene. ( se også artikkel om Stokken Arbeiderparti)

Stokken og verda

Den lokale orienteringa som har prega den moderne arbeidarrørsla i Eydehavn og Stokken, står i sterk motsetning til eit anna trekk som har dominert bygdehistoria opp gjennom hundreåra. Det dreiar seg som den utovervendte karakteren av Stokken økonomisk sett – ikkje bare i tilhøve til landet elles, men til den store verda. Både trelasthandelen, gruvedrifta, skipsbygginga, sjøfarten og – frå 1912 av – storindustrien har med den eksportretta karakteren sin sørga for det, saman med det nødvendige i mange hundreår av å innføre matvarer og andre elementære livsmiddel. Frå gammalt av har Stokken i høg grad vori avhengig ikke bare av dei nasjonale, men dei internasjonale økonomiske konjunkturane. Det som på avgjørande vis har gripi inn i livet til Stokken-folk, har sjeldan bare hatt årsak innan Stokken sjølv, men ofte langt utanfor bygdegrensene. Dette er noe folk i bygda har fått merke ikkje bare sidan 1975, da den eine av dei to moderne storverksemdene, Det Norske Nitridaktieselskap, la ned drifta si i Eydehavn, og fram til skrivande stund i 2005, da dei siste restane av Arendal Smelteverk er under avvikling.

I historia om Eydehavn og Stokken må derfor den større nasjonale og internasjonale historia få ein større plass enn i mange andre og meir sjølvtilstrekkelege bygder si historie.

Opprettet av brit
©Aust-agder kulturhistoriske senter
Sist endret 2006-03-08 11:19

AAKS_logo