Banner

”EITTPARTIKOMMUNEN” Stokken heradsstyre 1919-1961

Document Actions
tekst: Harald Berntsen

Innhold:
- Ustillingsvindauge
- Den eigne industrarbeidarkommunen
- Gjeldfri velferdskommune
- Nøbeid framfor direkte arbeidsløysebidrag
- Sosiale reformar    
- Skatte- og andre tvistar med storverksemdene
- Okkupasjon
- Etterkrigstid
- Mot kommunesamanslåing

Så lenge Stokken var eigen kommune, fantest det ikkje borgarlege politiske parti anna enn som ei borgarleg fellesliste av Venstre og Høgre som blei stilt opp ved samtlege val. Dermed ligg det heller ikkje føre noen protokollar eller meldingar frå desse partia. Dei pleia inga formell møteverksemd utanom møta i heradsstyret. Først med kommunesamanslåinga med Austre Moland i 1962 synte fire organiserte borgarlege parti seg i den nye storkommunen Moland (Venstre, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet).
 

Arbeidarrørsla si fullstendig dominerande stilling i heradet kan for det første visast i følgjande oversikt over den prosentvise andelen av stemmene som partia oppnådde ved stortingsvala i den perioden Stokken var eigen kommune (DNA= Det norske Arbeiderparti, NSAP=Norges sosialdemokratiske arbeiderparti, NKP=Norges kommunistiske parti)

DNA/NSAP/NKP                                 

Ikkje-sosialistiske parti

1921

73,2

(derav 27,3 på NSAP)

26,7

1924

68,8

(derav 3,4 på NSAP)

31,2

1927

75,2

(bare DNA)                  

24,8

1930

62,6

(bare DNA)      

37,4

1933

68,5

(bare DNA)            

31,4

1936

66,3

(bare DNA)            

33,7

1945

76,6

(derav 8,0 på NKP)             

22,4

1949

72,8

(derav 2,2 på NKP)             

25,4

1953

72,9

(derav 1,6 på NKP)            

27,0

1957
74,9
(derav 0,4 på NKP)
23,2

1961

74,1

(bare DNA)             

25,5

 

I heile perioden frå 1924 til 1961 hadde Arbeidarpartiet ved stortingsval aldri under 62,6 % av stemmene, og var fleire gonger – også etter andre verdskrigen - oppe i ein andel på omkring 75 %. Bare etter den første partisplittinga i 1921 hadde partiet under halvdelen av stemmene (46,5%), og det høgre-orienterte utbrotspartiet Norges sosialdemokratiske arbeiderparti kunne med sine 27,3% sjåast som eit trugsmål mot hegemoniet til Arbeidarpartiet. Men allereide ved valet tre år etter, i 1924, var hegemoniet atterreist, og da Stokken-ordførararen Nils Hjelmtveit stilte opp på førsteplassen på Arbeidarparti-lista i Aust-Agder etter partisamlinga av DNA og NSAP i 1927, oppnådde det sameina partiet den største delen av stemmene noen gong (75,2%).

Som det einaste organiserte politiske partiet i Stokken, tidvis ved sida av andre arbeidarparti så lenge dei eksisterte, hadde Arbeidarpartiet en enda meir dominerande stilling i kommunepolitikken enn ved rikspolitiske val. Historia til Stokken heradsstyre er på mange vis den same som Stokken Arbeiderparti si historie og omvendt, desto meir som Stokken Arbeidarparti i høg grad, under leiarar som fagforeiningsmannen Syver Kristiansen, såg på heile si oppgåve som å vere reint lokalpolitisk. Dette kjem mellom anna til uttrykk i at heradsstyremøta arta seg som reine repetisjonar av gruppemøta Arbeidarpartiet hadde heldt på førehand. Dei vedtaka som Arbeidarpartiet hadde kommi fram til, fikk som regel også tilslutning frå dei borgarlege representantane. Korkje dei borgarlege kommunestyremedlemmane eller dei partia dei skulle representere, gjorde noe alvorlig forsøk på å stille opp noe alternativ til og konkurrere med Arbeidarpartiet i lokalpolitikken.

I den graden det synte seg viktige politiske motsetningar i Stokken, fantest dei såleis som oftast innan Arbeidarpartiet og ikke mellom dette partiet og dei borgarlege.

Ustillingsvindauge

På den andre sida blei Stokken kommune på denne måten eit etter kvart landskjent utstillingsvindauge for sosialdemokratisk kommunestyring, der Stokken si evne til å takle dei store økonomiske vanskane for kommunane i mellomkrigstida var basert på grundig arbeid med å dra alle dei skattepengane kommunen hadde krav på, ut av dei to store industriverksemdene i Eydehavn.
 

Stokken herredsstyre 1926-1928
Første rekke fra venstre: A. G. Hansen, R. Rasmussen, E. Brekke, M. Larsen
Andre rekke fra venstre: T. Fløistad, N. Helle, T. Næs, J. Simonstad, K. Olsen
Tredje rekke fra venstre: S. Kristiansen, M. Tveite, Nils Hjelmtveit, S. M. Samuelsen, A. Hesthag. Fjerde rekke fra venstre: H. J: Bakke, Andres Haugmoen.
 

kommunestyre 1919-1922

Allereide ved det første kommunevalet i den nye sjølvstendige Stokken kommune, i 1919, kunne Arbeidarpartiet i valprogrammet sitt slå fast at det var det einaste partiet i heradet som gikk til val på eit program (finn et program) , og som dermed var forplikta til å følgje opp valløfta sine.

Det var likevel først foran det neste kommunevalet, i 1922, det vil seie etter oppgjøret med dei lokale utgåvene av den gamle sosialdemokratiske retninga som med Guttorm Fløistad i spissen gikk over i Norges sosialdemokratiske arbeiderparti, at Stokken Arbeiderparti fikk sitt eige kommunalpolitiske ”varemerke”. Det var særleg den unge tilflytta vestlendingen og læraren Nils Hjelmtveit, som med sterke røtter i det gamle Venstre klarte å få med seg fagforeiningsfolka i utarbeidinga av ei ny lokalpolitisk line som blei retningsgivande fram til andre verdskrigen og noe også i åra etter krigen.

Den nye lina gjaldt særleg finans- og skattepolitikk, der ho representerte eit brot med ”dei gamle” sin dag-til-dag-politikk med låneopptak og mangel på langsiktig planlegging. Nils Hjelmtveit stod for det første for ei line for å trygge riktig og rettferdig fordeling av skattebyrdene, ikkje minst ved sterkare kontroll med særleg formues- og inntektsoppgåvene frå næringsdrivande (se hva Niels Hjelmtveit har sagt om forskuddstrekk)). Det var her særleg tale om dei to storverksemdene, og da spesielt DNN, som var del av eit multinasjonalt konsern som kunne unndra seg skatt ved å manipulere med rekneskap og tal på tvers av både lokale grenser innan Norge og av nasjonale grenser mellom landa. Arendal Smelteverk, ei einskiltståande verksemd med sete og leiing i Eydehavn, var tross alt lettare å kontrollere.        

For det andre gjaldt det å velje den reduksjonstabellen ( tabell til beregning av skattefritt fradrag) som letta skattane for dei med lita inntekt og mange å  forsørgje, for det tredje å unngå underskot, gjeldsauke og å bli avhengig av kreditorar og departement, ved å gjøre opp realistiske budsjett. I staden for å auke gjelda måtte kommunen bygge opp fond for å gjøre det lettare å gjennomføre reformar i framtida, unngå for høge skattar i nedgangstider og å førebu seg på å møte arbeidsløysekriser

Dette var ein økonomisk politikk som låg nærmare ei klassisk spareline enn den keynesianske lina for å auke etterspurnaden ved å sprøyte pengar ut i næringslivet som Arbeidarpartiet la seg på frå byrjinga av 1930-talet, og som også Nygaardsvold da syntest kunne gå for vidt.Men så var det jo ein politikk for ein einskilt kommune innanfor ein kapitalistisk økonomi og ikkje for eit heilt land med grenser mot andre land. For Hjelmtveit & co. var det viktig å unngå å gå til åtak på dei omtalte fonda, slik at dei til slutt blei brukt til det dei var til for, nemleg å løyse sosiale og kulturelle oppgåver til beste for arbeidsfolk.
 

Eydehavn skole
Eydehavn skole etter påbyggingen i 1937

Oppgåver ein skulle løyse:

  • innføring av fri skoletannpleie
  • vidare utvikling av folkeskolen
  • kommunal alders- og invalidepensjon
  • bygging av aldersheim uavhengig av fattigvesenet
  • bygging av folkebad
  • trygging av vilkår for gode edruskapstilhøve
  • bustadbygging
  • igangsetting av produktivt arbeid i tilfelle av arbeidsløyse basert på ein plan for å utvide vegnettet i kommunen

 

Alle desse oppgåvene kunne seiast å bli løyst steg for steg. Foran kommunevalet i 1951 kunne Arbeidarpartiet med stor rett minne veljarane om at Stokken hadde:

  1. 15% skatt og den gunstigaste reduksjonstabellen av alle kommunar i Aust-Agder
  2. lågare pensjonsalder og høgare trygdesatsar enn noen andre kommunar
  3. hadde som første kommune i fylket innført mors- og invalidetrygd
  4. hadde den best utbygde skoleordninga i Aust-Agder
  5. hadde fri skoletannpleie for alle barn frå tre til 18 år
  6. hadde det best utbygde vegnettet i fylket
  7. (og noe mindre handfast og mogleg å prove) hadde skapt større tryggleik for kommunen og innbyggarane enn ein kunne finne noen annan stad i Aust-Agder.

Sjølv om nettopp ved kommunevalet i 1951 viste innbyggarane si misnøye med den sittande leiinga i Arbeidarpartiet og i kommunen ved heilt å omkalfatre rekkefølgja mellom kandidatane på partiet si liste, hadde dei fleste ikkje problem med å kjenne seg att i sjølvskrytet. Ungdom som voks opp i Stokken, kjente seg slett ikkje underlegne overfor for eksempel unge frå Arendal med sine store problem med å komme seg ut av krisa omkring skiftet frå det 19. til det 20. århundret, snarare tvert imot. Ungdommen frå industristaden Eydehavn hadde ei heilt anna kjensle at han representerte framtida enn dei fleste elles rundt i Aust-Agder.   

til toppen

Den eigne industrarbeidarkommunen

Ein annan industristad frå same periode og med same opphavsmann som Eydehavn, Rjukan, klarte aldri å få oppfylt kravet sitt om å bli skilt ut som eigen kommune frå Tinn herad, der bøndene dominerte kommunestyret og ikkje ville gi slepp på dei store skatteinntektene frå Norsk Hydro.

Annleis med bøndene i Austre Moland. Dei kunne sjå ut til å ville ha minst mogleg med den moderne industrien og det nye rotlause fabrikkproletariatet å gjøre. Ved eit høve i 1930 uttalte for eksempel ordføraren i Austre Moland at bygda vel ikkje skulle vere søppeldynge for Eydehavn da kommunestyret i bygda vedtok å nekte sal av ein liten plass til ein industriarbeidarfamilie.
 

Etter aukande konflikt med modersoknet oppnådde Stokken sokn dermed ganske smertefritt, ved kongeleg resolusjon av 1. juli 1919, å bli skilt ut som eigen kommune fra modersoknet og jordbruksbygda Austre Moland. Ved etableringa av dei nye kommunegrensene fikk Stokken med seg Buøya og skatteinntektene frå denne ingeniør- og direktørghettoen frå Holt, som øya tidlegare hadde legi under, medan Austre Moland tok over den øvre lille jordbrukskrinsen av gamle Stokken.
Stokken kommune:

1837-1878

Del av Østre-Moland med Barbu og Tromøy

1878-1919

Del av Østre-Moland

1919-1962

Egen kommune

1962 

Del av Austre-Moland sammen med Flosta  

1967 Moland kommune
1991 Innlemmet i Arendal kommune

I oktober 1919 fann så det kommunevalet stad som innleia eit samanhengande Arbeidarparti-styre i Stokken fram til den nye kommunesamanslåinga i 1962, basert på eit like samanhengande absolutt fleirtal. Stort sett var Arbeidarpartiet aleine bak dette fleirtalet, med unntak av åra frå 1922-1925, da Norges sosialdemokratiske arbeiderparti måtte reknast med for å trygge det.
 

”Arbeidarfleirtalet” var enda meir overveldande i kommunevala enn det vi har sett ved stortingsval og gav følgjande mandatfordeling i heile perioden Stokken var eigen kommune

 

 

 

 

Legg ikkje minst merke til den enormt sterke stillinga arbeidarrørsla inkludert NKP, hadde også i Stokken i 1945. I 1955 blei talet på kommunestyrerepresentantar auka, og Kristeleg Folkeparti er med mellom dei fem borgarlege representantane. I 1959 blei dei fire borgarlege valt inn på ei borgarleg fellesliste)

Arbeidar-
partiet 

H og V 

NSAP

Upol. liste/Stokken Samlingsparti 

NKP

1919

11

5

1922

8

4

4

1925

10

3

3

1928

10

3

3

1931

11

4

1

1934

12

4

1937

11

5

1945

13

2

1

1947

11

5

1951

12

4

1955

14

5

1961

15

4


 

Partimessig var Stokken ein Arbeidarparti-kommune, og sosialt sett var Stokken dermed styrt av industriarbeidarar. Når vi ser nærmare på Arbeidarpartiet sine kommunegrupper, viser det seg at sju av dei ti i 1925 var fabrikkarbeidarar, sju av 11 i 1931, ni av 12 i 1934 og åtte av 11 i 1937. Elles var det ein skolestyrar, ein formann og ein offentleg funksjonær i 1925, dei same pluss ein gardbrukar i 1931, dei same minus formannen i 1934, og ein offentleg funksjonær, ein lærar og ein handelstilsett i 1937 (da skolestyrar Nils Hjelmtveit var fraverande som kyrkje- og undervisingsminister i Nygardsvold si regjering).

Arbeidarpartiet var enda meir industriarbeidarprega enn dei andre ”arbeidar-listene”. Av representantar og vara-representantar frå Norges sosialdemokratiske arbeiderparti i 1925 var tre formenn, ein lønningssjef og fire fabrikkarbeidarar, frå den ”upolitiske” lista i 1928 fire fabrikkarbeidarar, ein ingeniør (og seinare direktør på Nitriden), ein elektrikar, ein formann og ein kommanderande sersjant, og frå Stokken Samlingsparti i 1931 to fabrikkarbeidarar, ein oppsynsmann og ein elektrikar.

Mellom dei borgarlege representantane fantest det til gjengjeld ingen industriarbeidarar, men bare kapteinar, ingeniørar gardbrukarar, kjøpmenn og  kasserarar, samt ein lærar, ein kontorsjef, ein formann, ein barbersvenn og ein bankassistent.

Dei politiske skillelinene i Stokken følgde med andre ord på utvetydig vis dei sosiale, med industriarbeidarar på den eine sida og ”borgarar” og andre som identifiserte seg som borgarlege på den andre. Bare i åra fra 1922 til 1934 hadde sosiale sjikt som vi kan kalle for mellomlag, eit visst gjennomslag via parti som Norges sosialdemokratiske Arbeiderparti, den ”upolitiske” lista og oppfølgaren Stokken Samlingsparti.

Bare ved eit høve heldt Arbeidarpartiet på å miste ordføraren. Det var i 1922, da dei borgarlege stemte for sosialdemokraten John Haugmoen og han og Arbeidarparti-kandidaten, skolestyrar Nils Hjelmtveit dermed stod med åtte stemmer kvar, men Hjelmtveit vann ved loddtrekkjing. På denne måten tok Hjelmtveit over som ordførar etter den ”gamle” retning sin Guttorm Fløistad.

Elles glimra offentlege funksjonærar med sitt fråver i politikk i mellomkrigstida. Bakgrunnen var at i heile denne perioden hadde kommunen samanhengande bare ein heiltids tilsett på lønningslista. Det var Trygve Næss, som byrja som heradskasserar og likningssekretær frå 1922. Elles tilsette heradsstyret ein eigen avisreferent, som måtte rette seg etter ein instruks om at ordføraren skulle gjøre dei rettingane han fann nødvendig av omsyn til sak og person. til toppen

Gjeldfri velferdskommune

Etter å ha starta med ei gjeld på 154 000 kroner i 1920 klarte ”eittpartikommunen” Stokken å følgje og verkeleggjøre den nye lina som Nils Hjelmtveit var talsmann for frå 1922, ved å bli gjeldfri frå 1929. På denne måten slapp Stokken å punge ut med renter og avdrag som i landet som heilskap utgjorde ein sjettedel av kommunane sine samla driftsmiddel på byrjinga av 1930-talet. I 1938 hadde dei overskotsavsetningane som Stokken i staden hadde kunna gjøre, danna grunnlag for å opparbeide både eit alderdomsfond, eit skoletannpleiefond, eit vegfond, eit skattereguleringsfond og eit fond for bygging av heradshus på til saman nesten 650 000 kroner.

Den nye lina blei altså lansert og sett ut i livet av Hjelmtveit og hans allierte frå 1922. Ho gikk ut på å erstatte ein meir passiv låneopptakshaldning med aktivt å utnytte gode år for industriverksemdene til å leggje opp pengar for dårlege år. Dette blei gjort ved å ta i bruk så høg skatteprosent og så gunstig reduksjonstabell som mogleg. På denne måten sparte ein folk med lave løner og store familiar, men håva inn store skatteinntekter i gode tider.

Ei avgjørande viktig tiltak for å auke skatteinntektene var å gå likninga av Nitriden nærmare etter i saumane og hindre at den lokale greina av det verdsomspanande konsernet førte overskot over til USA og Kanada. Nils Hjelmtveit blei derfor formann i likningsnemnda og fikk med seg heradskasseraren Trygve Næss som sekretær. Etter kvart blei desse to kjente og namngjetne som dei siamesiske tvillingane i likningsnemnda.

For å få ein betre kommuneøkonomi tok Stokken også initiativ til å endre det eksisterande grunnlaget for utlikning av fylkesskatten, som var folkemengde og matrikkel og såleis etablert for eit bondesamfunn, ikkje for eit moderne industrisamfunn med periodar da verksemdene reduserte eller stansa produksjonen og folk måtte gå på forsorgen. I 1924 bad Stokken fylkestinget om å gå over til å likne ut skatten på grunnlag av formue og inntekt dei to eller tre siste åra, og i 1928 fikk kommunen endeleg fleirtal for dette på fylkestinget og vann også fram ved ei endring i landsskattelova.

Kommunen sparte opp auka inntekter for mellom anna å førebu seg på sviktande konjunkturar med produksjonsstans, arbeidsløyse og skattesvikt. Midla kunne da brukast til å sette i verk skattelette for arbeidslause og til nødsarbeid som blei rasjonert etter same prinsipp som dei la til grunn ved delinga av arbeid på Nitriden, det vil seie etter kor mange den einskilte hadde å forsørgje. 

Fond som blei bygd opp, var også gode å ha når det blei nødvendig å gi lette, utsetting og ettergiving av skatt til arbeidslause som tok del i den utvandringsbølgja som danna seg særleg i åra frå 1926 til 1928. Innflyttarar som ville flytte ut att, fikk flyttebidrag på inntil 400 kroner.

Nødsarbeid framfor direkte arbeidsløysebidrag

Allereide i 1922 og i ei årrekkje framover tok kommunen opp att noe av den gamle nedlagte gruvedrifta etter kvarts. Kvartsen blei selt til Smelteverket, men var ei rein tapsverksemd, men som delvis blei finansiert ved å leggje femdobbelt skatt på høgare inntekter. Men kommunalt nødsarbeid i form av anlegg av vegar og annan lokal infrastruktur var heile tida det viktigaste offentlege tiltaket for å bøte på arbeidsløysa, eit tiltak som blei føretrekt framfor å gi direkte pengebidrag. Gjennom dette nødsarbeidet blei skjelettet til store delar av det godt utbygde vegnettet som eksisterer i Stokken den dag i dag, til.

Frå 1921 sette særleg Nitriden i verk store driftsreduksjonar, og det oppstod stor arbeidsløyse. I august 1922 var det 150 arbeidslause i kommunen, det einaste talet på slike som vi har frå 1920-talet. Mange av desse var nødsarbeidarar som i 1922 bygde ny bru over Neskilen på Snekkenes og dermed gjorde Ferje-Maren, som tidlegare hadde rodd alle farande over kilen, arbeidslaus. 

I 1930-åra nådde arbeidsløysa ein topp med 227 ledige i desember 1933. Men bare 27 tilsette i nødsarbeid på dette tidspunktet låg kommunen etter omtrent som bankane når rentene blir lågare. Men det jamna seg ut etter kvart som arbeidsløysa dalte fram til desember 1935, da det var 138 ledige og heile 108 var sysselsette i nødsarbeid. I det beste året på 1930-talet, streikeåret 1937, var det i august bare 12 arbeidslause, og fem av dei var i nødsarbeid.

Heradsstyret ville ha nødsarbeid framfor å betale ut direkte bidrag til folk som sat passive og isolerte heime, men det heldt seg strengt til å reservere det offentlege arbeidet for innanbygdsbuande folk, og oppfordra også industriverksemdene til å favorisere innanbygdsbuande ved oppseiingar og permitteringar. Utanbygdsbuande burde gå først og komme inn att sist i køen.

I ein typisk eksportindustrikommune som Stokken følgde dei lokale konjunkturane den nasjonale og internasjonale konjunkturutviklinga. Med det internasjonale oppsvinget 1923-24 kom Nitriden i full drift att, og det var ikkje nødvendig å halde i gang nødsarbeid før på slutten av 1925. I åra som følgde fram til 1928 var mange sysselsette i slikt arbeid, samstundes som kommunen ga lån til Canada-fararar, vel å merke føresett at dei hadde heimstavn i Stokken. Krav om bare å gi arbeid til Stokken-innbyggarar blei også sett fram overfor Aust-Agder Kraftverk da verket skulle legge ny kraftline i heradet.

I denne nedgangsperioden frå byrjinga av 1925 til byrjinga av 1928 sette Sosialdepartementet også eit tak på nødsarbeidsløna slik at den skulle liggje godt under vanlege lønstilhøve. Også i Stokken låg løna under tarifferte løner, men ho blei heldt noe høgare enn det departementet føreskreiv. I tillegg fikk dei lågast lønte altså fritak for skattetrekk.

1928 og 1929 var nye oppgangsår internasjonalt med redusert arbeidsløyse lokalt. Så – som aukande ringverknad av krakket på New York-børsen i Wall Street hausten 1929 – kom dei ”harde” trettiåra frå 1930 og fram til 1935. Den utbygginga av vegnettet som frå slutten av 1930 blei drivi ved hjelp av nødsarbeid, enda i 1935 med at alle vegane i heradet kunne opnast for biltrafikk. Men ved sida av at kvartsgruvene blei opna på ny, arbeidde dei offentleg sysselsette arbeidslause også med nyanlegg eller utbetring av vatn og kloakk-system, brygger, skibakke, grustak, husmurar, vegrekkverk, brønnar, skoggrøfter, vedhogst og idrettsplass. Eller dei senka vatnstanden i tjern og fylte igjen barnefarlege gruver.

Men utanbygdsbuande arbeidarar som måtte gå først ved driftsreduksjonar på fabrikkane, fikk altså ikkje nødsarbeid i Stokken. I rettferda sitt namn hadde dei jo heller ikkje betalt skatt til kommunen. Særleg oppsittarane på Garta i Holt gjorde på denne bakgrunn i ei årrekkje forsøk overfor departementet, utan å nå fram, på å bli overført frå Holt til Stokken. Garta-oppsittarane leid også under av å bli uglesett av Eydehavn-folk som meinte dei tok jobbane deira. Stokken kommune ville likevel gjerne få dei overført, men da saman med heile Garta, noe Holt sette seg imot. Først med kommunesamanslåinga i 1962 blei Garta og Strengereid flytta frå Holt til Stokken, det vil seie til den nye Moland kommune, som var ei samanslåing av Stokken, Austre Moland og Flosta.

For at flest mogleg skulle få del i nødsarbeidet, blei det altså rasjonert ut frå kor mange ein hadde å forsørgje. Frå 1931 førte dette til at ungkarar bare hadde arbeid tre dagar i veka, medan gifte forsørgarar med barn hadde full veke. Frå 1933 blei det gitt eit ekstra julebidrag til dei som hadde minst arbeid.

1933 var det verste året, på Eydehavn som i Norge og i verdsmålestokk. Kommunestyret gikk da til det steg å vedta stans inntil vidare i nødsarbeidet og utbetaling av direkte bidrag. Dette hadde blitt foreslått av den borgarlege ingeniør Bull allereide i 1931, men da stemt ned. Vedtaket i 1933 stod fast i bare to månader. Så blei nødsarbeidet sett i gang att, med den høgare utbetalinga det gav enn det direkte bidraget.

Med betre konjunkturar frå 1934 og ei tiltaksrik Nygaardsvold-regjering frå 1935 blei arbeidsløysa redusert til eit lågmål på 12 ledige august 1937. Utviklinga brakte foreininga av dei arbeidslause, som var starta av arbeidarungdomslaget i 1935, på offensiven. Etter krav frå foreininga vedtok heradsstyret å avvikle heile nødsarbeidet og gå over til ordinært tariffert akkordarbeid for dei få tilsette som var att i det. Dette var eit krav som heradsstyrefleirtalet hadde avvist da den tidlegare Stokken Arbeidsmannsforeining hadde reist det under massarbeidsløysa på byrjinga av 1930-talet, noe som hadde ført til indre rivingar i Arbeidarpartiet. Eit borgarleg forslag om å redusere nødsarbeidsløna hadde Arbeidarpartiet derimot motsett seg samla. Partiet hadde i staden sett i verk tiltak for å auke kontrollen med nødsarbeidarane og tilsett ein eigen oppsynsmann som fort blei mobba bort av arbeidarane, og som gav opphav til ytterlegare rivingar innad i partiet.

Med den rekordlåge arbeidsløysa i 1937 var det derimot ikkje noe stort problem å gå med på ein vanleg overenskomst med dei få nødsarbeidarane som var att i kommunal teneste. Da dei ledige blei fleire att frå 1938, måtte kommunen på ny sette i gang med rasjonert nødsarbeid. til toppen

Men dere var litt avhengig av veldedighet? Altså vennlighet og omsorg og omtanke(..)
Ja, e kan huske det ein gang når e kom hjem, vet’kkje engang vært, men, så kom e inn til min mor og så sier ho det:” Du (.....), ”sa ho. ”E var nere og handla hos Trygve Næsss i dag. Og så kom Trygve Næss ut og snakka med meg i butikken og så sa han: Du fru (..), du kunne gjerne få noen kroner du nå når det lakka mot jul og alt ting. Hvis du vil sende (..) ner, så skal ho få det med seg hjem. Så syns e det var så ekkelt, vet du, at mi skulle ha penger av en sånn.
Var det for det at han var herredskasserer?
Ja, det var kommunen vet du.
Ja, han var kasserer.
Ja, og han var det. Og så syns mi, nei, få penger av kommunen. Det var ikkje gilt i Eydehavn før det.
Nei, det var et stempel?
Ja. Så e sa at e vil i hvert fall ikkje gå ner. ”Ja, men det e jo du han har spurt.” Ja, så sa e ja til slutt, då. Så var en nere og inn på kontoret til Trygve. Og så sa han: ”Det var kjekt du kom, (..).” Så hadde han pengene klare, då vet du, det beløpet ho skulle ha. Men då kan du tro e takka og neide då e fikk se dei, e fikk jo sedler i en konvolutt. Og det lyste opp, altså. Det kan du tro. Det e sånne dager som lyste opp midt i mange ganger det var vanskelig. Og så sa han: ”Nå må du hilse hjem til mamma og så må dere ha en rektig god jul.” Sånn sa Trygve Kristian det. Han var jo godheten sjøl, au. (..) Så det at, så fikk mi pengene til jul, da. Og det kan e godt huske, for de henta e. Sånn var det.

Sosiale reformar                                                                         

Den gjelds- og handlefridomen som Hjelmtveit si kommunalpolitiske line gav, blei ikkje oppnåd ved å skjere ned på velferden, men sette kommunen i stand til å bygge velferden ut slik at Stokken blei ein foregangskommune og eit forbilde i landsmålestokk.

Innan eldreomsorgen byrja Stokken for det første frå 1920 å bygge opp eit fond til dekking av ein enke- og alderdomspensjon. Ikkje minst enkepensjon var viktig i ein industrikommune som Stokken, der enkene dominerte fullstendig mellom dei eldre over 65 år.  I 1928 blei det vedtatt at pensjonen skulle gjelde frå ein alder på 65 år, inntil lov om folkepensjon blei ein realitet. På grunn av arbeidsløysa og utgiftene til nødsarbeidet blei det bare vedtatt reglar, elles blei det med planane heilt fram til Nygaardsvold-regjeringa innførte alderstrygda ved lov i 1936. Men bare planane var nok til å få ei Høgre-avis til i valkampen i 1931 å skrive at Arbeidarpartiet lærer folk av med å klare seg sjølv.   

Gamleheim fikk kommunen derimot reist allereide i 1929, på Fransholmen. Men ikkje alle hadde like god lyst til å flytte heimefrå og inn i heimen, der det mellom anna var totalforbod mot rusdrikk, også bare mot å ta vare på rusdrikk på rommet.

Skoletannklinikk fikk Stokken allereide frå 1924, legeundersøking av skolebarn frå 1930 og helsesøster tilsett i den lokale tuberkulosenemnda frå 1932. Da staten, som ledd i den borgarlege sparelina, drog inn middel til fritt skolemateriell i 1924, blei det frie materiellet opprettheldt i Stokken. Til slutt blei Kloppedalsmyra bygd ut som kommunal idrettsplass, med stor dugnadsinnsats frå arbeidaridrettslaget.

Kommunen stilte også opp som garantist for lån frå den statlege Småbruks- og bustadbanken til ei ganske omfattande husbygging i dei gode åra frå 1923 til 1925 og omkring 1928. Men i dei vanskelege åra på byrjinga av 1930-talet blei denne bygginga av ”eigne heimar” for arbeidarane sterkt redusert, og ghettoiseringa heldt fram med konsentrasjon av direktørar og ingeniørar på Buøya og av særleg høgare funksjonærar ved Smelteverket på Helle frå 1929.

Midla til utbygginga av den kommunale velferda kom altså for det meste frå skattlegging av industriverksemdene og av dei som hadde inntektene sine frå desse. Utanbygdbuande arbeidarar som ikkje nøyt godt av dei kommunale tiltaka for dei arbeidslause, bidrog her ikkje sjølve, men dei hadde del i å produsere det overskotet som industriverksemdene skatta av.

Les hva en informant forteller om "veldedighet".

Skatte- og andre tvistar med storverksemdene

I mellomkrigstida blei dei to store verksemdene, DNN og Arendal Smelteverk, ståande aleine igjen som industriverksemder på Eydehavn og i Stokken – etter at Saltrød Smelteri, Staksnæs Skibsverft, Saltrød Verft og Neskilen Feltspatmølle var nedlagt. Når det gjaldt andre næringar, var det så lite jordbruk i Stokken frå og med 1919 at heradet ikkje ein gong kunne skaffe dei sju hestane Forsvaret prøvde å utskrive frå staden, og fisket var også ei forsvinnande verksemd.  Medan DNN var ein del av eit verdsomspanande konsern, stod Smelteverket altså som ei einskiltverksemd, også etter at eit amerikansk selskap hadde tatt over aksjane i 1928. Skilnaden gav seg mellom anna utslag i at medan kommunen låg i årlege skattetvistar med DNN, oppstod det ikkje ein einaste slik tvist med Smelteverket.

For å hanskast med DNN måtte likningsnemnda med Nils Hjelmtveit og våpendragaren hans Trygve Næss gjøre seg til spesialistar på utviklinga på verdsmarknaden for dei produkta DNN produserte. Frå 1925 innleia dei dessutan eit samarbeid med Odda kommune, der Nitriden hadde ei søsterverksemd i Tyssedal, om likninga til Det Norske Nitridakietselskap, og frå 1926 inngikk dei to kommunane og verksemda eit forlik der DNN gikk med på å bli likna etter skjønn i framtida.

Som nemnt andre stader, var det ein annan, tilsvarande og karakteristisk skilnad mellom dei to verksemdene at på Nitriden, med verksemda sine band til eit større internasjonalt konsern, viste Elektrokjemisk Arbeiderforeing, som fagforeininga der heitte, klassesolidaritet ut over bygdegrensene ved nesten konsekvent å gå inn for å dele på arbeidet ved driftsreduksjonar. På einskiltverksemda Arendal Smelteverk, med hovudkontor i Stokken, stod Eydehavn Arbeiderforening derimot like konsekvent på at utanbygdsbuande arbeidarar måtte seiast opp eller permitterast først.

For Stokken kommune viste dette seg ved at kommunen i 1930-åra stadig tok imot – og innfridde - søknader frå Elektrokjemisk Arbeiderforening om nedsetting av skatteprosenten for arbeidarane som arbeidde på delt tid, samt gradering av skatten ut frå den forsørgingsbøra den einskilte arbeidaren hadde, men aldri frå Eydehavn Arbeiderforening. Kommunen prøvde også å førebu seg på dårlege tider ved å stille krav til begge verksemdene om å auke avsettinga på tryggingsfonda og å stille rentene av fonda til disposisjon for fattigkommunen.

Medan kommunen låg i skattetvistar med DNN, diskuterte den konsesjonsvilkår med Arendal Smelteverk. Da det første gong kom på tale med utanlandsk overtaking av Smelteverket, og da det elektriske anlegget ved verksemda seinare skulle utvidast, stilte kommunen krav om konsesjonsvilkår som delvis speila dei problema han hadde med DNN. Det vil seia om at innanbygdsbuande skulle ha fortrinnsrett ved tilsettingar, at tariffane i bransjen skulle følgjast, og at hovudkontoret skulle halde fram å vere ved verksemda i Stokken.

Da The Meltone Corporation i Pittsburgh, USA tok over Arendal Smelteverk i 1928, stilte kommunen også krav om at arbeidsløysenemnda og formannsskapet skulle få fullmakt til å vise arbeidslause til ledige jobbar på Smelteverket. Men korkje dette eller dei andre konsesjonsvilkåra som kommunen hadde kravd, blei gjennomført av departementet.  ( til toppen)

Okkupasjon

9. april 1940 gikk tyskarane til åtak på Norge, og frå og med 1941 starta ei nazistisk nyordning av kommunalstellet med oppnemning ovanfrå av medlemmane av kommunestyret, nå kalla heradstinget, i staden for val. På line med i svært mange andre kommunar nemnte fylkesstyringsmaktene i første omgang stort sett opp dei gamle valte representantane også i Stokken heradsting, sjølv om dei var kjente ikkje- og ofte anti-nazistar. På dette viset ville tyskarane og NS innføre nyordninga med lempe og utan for store konfliktar, og i Stokken som i andre kommunar blei  den tidlegare valte Syver Kristiansen såleis sittande som ordførar fram til våren 1942. Da hadde han sette foten ned for så mange forslag om løyvingar til nazi-formål som verving av frontkjemparar til austfronten, at han blei avsett og erstatta med ein meir lojal NS-ordførar.

I mellomtida kunne dei nazistiske styresmaktene rose seg av å ha klart å gjøre slutt på arbeidsløysa i landet, i Stokken frå september 1941. Men dette miraklet var i røynda ikkje det resultatet av ein genial ny nazistisk økonomisk politikk som einskilte historikarar seinare har framstilt det som, iallfall ikkje i Stokken og liknande industrikommunar – og dei representerte ikkje så få av dei arbeidslause på førehand. Grunnen var snarare at frå same tidspunkt, september 1941, blei det sett i verk tvangsutskriving av arbeidskraft til nazistisk arbeidsteneste, og dermed mista dei aller fleste lysta til å halde fram med å melde seg som arbeidslause. Verksemdene som Nitriden og Arendal Smelteverk i Stokken hjelpte også til å verne arbeidarar mot tvangsutskriving ved å la dei helde fram i tilsettingane på fabrikkane sjølv om det i røynda ikkje var noe å gjøre for dei der. Samstundes sikra verksemdene seg såleis tilgang på arbeidskraft når det blei meir å gjøre.

På denne måten blei arbeidsløyseproblemet ”løyst” under det nazistiske okkupasjons- og Quisling-styret.

Den ekstra kommunale alderstrygda som Stokken hadde innført frå 65-årsalderen i 1936 på grunn av dei særleg helseskadelege tilhøva i industrien i heradet, blei heva til 70-årsalder etter pålegg frå dei nazistiske styresmaktene i desember 1941. ( til toppen)

Etterkrigstid

Arbeidarpartia kom sterkare ut av kampen mot nazismen enn noen gong, i Stokken som i Norge og resten av Europa. Ved det første kommunevalet etter krigen fikk altså Arbeidarpartiet 76,7% av stemmene og Norges kommunistiske parti, som aldri før hadde stilt liste i Stokken, 8,5%. Det vil seie til saman dryge 85%, mot snaue 15 på felleslista mellom Høgre og Venstre. Det blei eit uovertreft resultat for arbeidarrørsla, både før og sidan. Allereide ved valet to år etter, i 1947, da Kommunistpartiet stilte liste i Stokken for andre og siste gong, dobla dei borgarlege sin del av stemmene til 30%. Ved valet i 1951 kan ein seie at situasjonen var ”normalisert” att i Stokken-samanheng, med 75% på Arbeidarpartiet og 25% på Høgre/Venstre.

Johs. Kinserdal var nå skolestyrar etter Nils Hjelmtveit, som blei fylkesmann i Aust-Agder, og han tok også over som ordførar i alle åra som Stokken heldt fram som eigen kommune, frå 1945 til 1961. Varaordførarane var industriarbeidarar.

Viktige generelle trekk ved kommunepolitikken i etterkrigstida var at han opprettheldt femdoblinga av skattesatsane for høgare inntekter. Kommuneadministrasjonen svulma så kraftig opp frå den eine førkrigstilsette Trygve Næss at utgiftene til administrasjonen blei seksdobla frå 1945 til 1961. I 1959 starta også bygginga av eit nytt rådhus som kunne gi plass til det aukande talet kommunetilsette, på Snekkenes.

Etterkrigstida starta med stor arbeidsløyse det første frigjøringsåret som særleg skyldast omfattande oppseiingar ved DNN, av heile 166 arbeidarar i november 1945. Dette blei nå ikkje møtt med deling av arbeidet, men førte til at kommunen måtte setje i gang stor nødsarbeid. Da DNN varsla ytterlegare oppseiingar, kravde heradsstyret at det skulle liggje føre alternativ sysselsettting før oppseiingane blei gjort effektive.

Så frå mai 1946 tok driftsreduksjonane og dei høge arbeidsløysetala brått slutt. I august 1947 gikk fylket til det steget å be Stokken redusere det nødsarbeidet kommunen hadde i gang, slik at Nitriden og Arendal Smelteverk kunne få meir og nok arbeidskraft. Resten av etterkrigstida var det stort sett bare noe arbeidsløyse om vinteren, inga om sommaren. Toppane blei nådd med 45 ledige vinteren 1954 og 24 i ”arbeidsløyseåret” 1958-59, da talet på ledige i heile landet kom opp i ein etterkrigsrekord på 45 000.

Alle desse tala gjaldt menn. Frå byrjinga av 1950-talet, da det vanlegvis var mangel på arbeidskraft og kvinnene byrja å bli interessante på arbeidsmarknaden, blei det også telt opp ei og anna arbeidslaus kvinne nå og da.

Elles heldt kommunen fram med å drive mindre midlertidige vegarbeid, som nå blei kalla hjelpearbeid og ikkje nødsarbeid. Industriverksemdene var da også avhengig av at det eksisterte ein viss reserve av arbeidskraft til å setje inn i sommarferiene. Dei kommunale ”hjelpearbeida” heldt denne reserven sysselsett om vinteren, og blei avvikla ut på våren.

Noe av det første som etter frigjøringa blei gjort i eldreomsorgen, var igjen å redusere aldersgrensa for kommunal tilleggspensjon, som auka alderstrygda med grovt rekna 25%, til 65 år, som hadde gjeldt fram til desember 1941    

Dette var viktig i ein kommune som Stokken, der det i 1949 var 60 einslege, men bare 21 ektepar over 70 år som tok imot pensjon, og sju einslege og åtte ektepar mellom 65 og 70 år. Ti år etter, i 1959, var det 44 einslege kvinner i kommunen, av dei 29 enker. Kommunen byrja derfor å drøfte innføring av trygd for kvinner i alderen 55-65 år, der mange var enker etter døydde industriarbeidarar. Men same året kom det ein ny trygdelov som på ny heva aldersgrensa for pensjonsutbetalingar til menn  til 70 år, og i 1961 blei grensa heva til 70 år også for kvinner.

Elles starta kommunen bygging av eldrebustader og heimehjelpsordning for eldre frå 1956.

Den 1. juli 1950 innførte Stokken kommunal morstrygd for enker med barn under 16 år, forutan kommunal uføretrygd. Frå 1955 var enkestand ikkje lenger vilkår for å få morstrygd, også ugifte kvinner kom inn under ordninga.

Posten ”Sosial trygd og barnevern” voks i det heile til å bli den største på kommunebudsjettet i etterkrigstida. 

Også skolebudsjettet auka monaleg. Kommunen gav spesielle lønsauker til lærarane for å halde på dei, og bygde ut skolane vidare. Frå 1957 sette han i gang med obligatorisk eittårig framhalsskole for alle som ikkje gikk vidare frå folkeskolen på andre skolar. Da lova om ni-årig skole kom året etter, søkte Stokken samarbeid med nabokommunane om å setje lova i verk.

Skoletannklinikken blei elles bygd ut for heile busetnaden, som ”folketannrøkt”.

Kommunen heldt fram med å gi garantiar for lån til husbygging, nå overfor den nye Husbanken, men den stramme rasjoneringa i form av mengderegulering under atterreisinga dei første åra etter krigen avgrensa denne byggeverksemda.

Tilhøvet til dei to store industriverksemdene var også prega av atterreisinga, som innebar gunstige avsettingsreglar for å stimulere til investeringar i valutainnbringande eksportindustri. Skattetvistane med verksemdene, det vil seie med DNN, blei færre, men det oppstod einskilte tvistar som dreia seg om hundretusenvis av kroner.

Med bakgrunn i oppdaginga av silikosen ved Arendal Smelteverk under krigen fremma kommunen, særleg i samband med konsesjonssøknader frå Smelteverket, krav om garantier om tryggleik for arbeidarane. Ved nystarting av verksemder kravde kommunen også som tidlegare at dei måtte ha hovudkontor i Stokken. Men da aksjene i Arendal Smelteverk i 1949 blei overført frå The Melltone Corporation til The Carborundum Company, skjedde det i røynda inga endring i dei reelle eigartilhøva i verksemda. ( til toppen)

Mot kommunesamanslåing

Da Schei-komiteen sitt framlegg om å slå saman Stokken, Flosta og Austre Moland låg føre i 1956, var Stokken sterk motstandar av framlegget. Allereide same året, i 1956, hadde Stokken 2560 innbyggarar og ville utan tvil nå opp til dei 3000 som Schei-komiteen gikk inn for som norm, innan 1962, utalte kommunen.
 

Stokken kommunestyre 1959-1962
Første rekke fra venstre: Arnold Ulriksen, Harald Gunvaldsen, Johannes Johannessen, Theodor Thorbjørnsen, Egil Thorkildsen (kontorsjef)
Andre rekke fra venstre: Kristian Trollnes, Andreas Samuelsen, Nicolay Thorsen, Sigurd Jahnsen
Tredje rekke fra venstre: Josef Stølefjell, Martin Gunnarsbo, Bjarne Kvalvik, Klem Nilsen
Fjerde rekke fra venstre: Thomas Hansen, Erna Andersson, Halvor Hansen
Femte rekke fra venstre: Arthur Solli (formannskap) Alf Møller-Hansen (formannskap), Johannes Kinserdahl (ordfører), Thor Lund (varaordfører), Karl Knutsen (formannskap)

KOmmunestyret


 

I same fråsegna peika ein på at kommuneøkonomien var god. Ved hjelp av ein skatteprosent på 15,5 og reduksjonstabell IV hadde kommunen inga gjeld, men opparbeidde fond på til saman nesten tre millionar kroner. Kommunen trong ikkje skatteutjamningsmiddel, men betalte derimot sjølv 361 000 kroner til skatteutjamningsfondet og tok imot det minste statsbidraget som blei gitt til landkommunar. Med 1/22 av folkemengda i landdistrikta i Aust-Agder betalte Stokken 1/14 av heile fylkesskatten.

Kommunen nemnte også at Stokken var ein industrikommune prega av to store industriverksemder. 503 av skatteytarane var fabrikkarbeidarar, og 60% av desse arbeidde i dei to eksportverksemdene. Fleire og fleire av innbyggarane arbeidde i Arendal og andre nabokommunar. På den andre sida var bare halvparten av arbeidarane ved DNN og Arendal Smelteverk heimehøyrande i Stokken. Den andre halvparten budde i Arendal eller andre nabokommunar.

Utanom fabrikkarbeidarane fordelte skatteytarane i Stokken seg på 156 sjøfolk, kvalfangarar og fiskarar, 51 bønder, kjøpmenn og handverkarar, 94 butikk- og kontorfunksjonærar, og 75 embetsmenn, legar, høgare funksjonærar, lærarar og banktilsette.

Stokken meinte at det var særleg unaturleg å slå kommunen saman med bondeheradet Austre Moland. Kommunen peika vidare på at bare Strengereid skolekrins, som etter Schei-komiteen sitt forslag skulle halde fram å høyre til Holt kommune og dermed ville dele ein ny storkommune Moland i to, høyrte naturleg saman med Stokken, prega av industriarbeidarar tilsette på Eydehavn som krinsen var.

Det endelege resultatet blei likevel samanslåing til storkommunen Moland, der Garta og Strengereid kom med frå Holt, frå 1962. Dermed fikk andre og nye sosiale grupper og politiske parti ei sterkare stilling i Stokken og på Eydehavn, for alvor frå 1979, da dei borgarlege vann kommunevalet i Moland og kunne innta ordførarstolen i Rådhuset på Eydehavn.  

Litteratur:
Berntsen, Harald. Trekk av Stokkens historie ca. 1600-1962. - [Eydehavn : Moland kommune , 1981]

Fra samtale med informant fra Eydehavn:

Men dere var litt avhengig av veldedighet? Altså vennlighet og omsorg og omtanke(..)
Ja, e kan huske det ein gang når e kom hjem, vet’kkje engang vært, men, så kom e inn til min mor og så sier ho det:” Du (.....), ”sa ho. ”E var nere og handla hos Trygve Næsss i dag. Og så kom Trygve Næss ut og snakka med meg i butikken og så sa han: Du fru (..), du kunne gjerne få noen kroner du nå når det lakka mot jul og alt ting. Hvis du vil sende (..) ner, så skal ho få det med seg hjem. Så syns e det var så ekkelt, vet du, at mi skulle ha penger av en sånn.
Var det for det at han var herredskasserer?
Ja, det var kommunen vet du.
Ja, han var kasserer.
Ja, og han var det. Og så syns mi, nei, få penger av kommunen. Det var ikkje gilt i Eydehavn før det.
Nei, det var et stempel?
Ja. Så e sa at e vil i hvert fall ikkje gå ner. ”Ja, men det e jo du han har spurt.” Ja, så sa e ja til slutt, då. Så var en nere og inn på kontoret til Trygve. Og så sa han: ”Det var kjekt du kom, (..).” Så hadde han pengene klare, då vet du, det beløpet ho skulle ha. Men då kan du tro e takka og neide då e fikk se dei, e fikk jo sedler i en konvolutt. Og det lyste opp, altså. Det kan du tro. Det e sånne dager som lyste opp midt i mange ganger det var vanskelig. Og så sa han: ”Nå må du hilse hjem til mamma og så må dere ha en rektig god jul.” Sånn sa Trygve Kristian det. Han var jo godheten sjøl, au. (..) Så det at, så fikk mi pengene til jul, da. Og det kan e godt huske, for de henta e. Sånn var det.

Opprettet av brit
© Aust-Agder kulturhistoriske senter
Sist endret 2006-02-28 10:00

AAKS_logo