På grunn av Covid -19 er det visse reglar og begrensningar for besøk på Elvarheim museum i 2020. Reglane bygger på Museumsforbundets veileder 23.04.2020.
Personar som er smitta av korona, sit i karantene eller som har symptom på luftvegsinfeksjon, som feber, sår hals, rennande nase, hoste eller nedsett allmenntilstand får ikkje besøke museet eller vere på arbeid.
- Museet er ope for inntil 4 personar om gongen. Familiegrupper/nære relasjonar kan vere fleire.
- Dersom det er fleire besøkande, må dei vente i kø utanfor museet, med minimum 1 meters avstand mellom personane.
- Det må vere minimum 1 meters avstand mellom personar som oppheld seg inne på museet.
- All forflytning mellom utstillingane skal skje til høgre, dvs i denne rekkefølga: Aslakrommet – sommarutstillinga - draktutstillinga – knivrommet - blåbær/bjørn/fuglerom – beverutstillinga.
- Alle besøkande skal sprite hendene ved inngangen før besøket.
- Generelle reglar for handvask og hosting gjeld før og under museumsbesøket.
- Gjenstandar og montrar skal ikkje berørast.
- Betaling skal skje utan bruk av kontantar, med betalingskort eller vipps.
- Det er ikkje matservering
- Det blir begrensa sal av varer i museumsbutikken.
- Museet blir reingjort dagleg.