Sesongopning på Elvarheim museum 22. juni kl 14.00

Det blir sesongopning på Elvarheim museum laurdag 22. juni kl 14.00

Tema i år er ull.

 

Kathrine Bringsdal fortel om sau og ull gjennom historia.
Marion Tviland fortel om bruk av norsk ull i dag og i framtida.
Torild Ankersdatter Fossnes viser rundt i utstillinga "Mangfald og Mote".
Servering av kake og kaffi.

Gratis inngang.

Velkommen!

Kahtrine Brinsdal har arbeidd som husflidskonsulent i Vest-Agder frå 1993-2015. Ho er ein viktig formidlar av tekstile teknikkar og tekstilhistorie.


Marion Tviland er tilsett som leiar av ullavdelinga i Norilia, og jobbar med bruk av norsk ull opp mot ulike produsentar.