Sommarutstilling 2020: Vovne skattar

Årets sommarutstilling på Elvarheim museum har tittelen «Vovne skattar». Skattane vi viser fram denne gongen er ei samling fargerike band, belte, hårband og selar som er funne på kistebotnar, i skuffar og skåp i Åmli.

Dette er eit flott tilskot til den permanente utstillinga «Mangfald og mote – folkedrakter i Åmli frå 1700-1900-talet» som opna på Elvarheim museum i 2018. Utstillinga har vore godt besøkt, og mange vil nok ha glede av å fordjupe seg endå meir i denne delen av folkeskatten.

Saman med utstillinga lanserer  vi den rykande ferske boka «Vovne skattar», utgitt av Åmli boknemnd. Forfattarane er Eldbjørg Breivik Smeland og Maghild Peggy Jones Gilje, som også står bak utstillinga. Boka gir ein innføring i vevtradisjonen med hoppeskei/grindvev og bandvevrei, ein teknikk som går heilt tilbake til vikingtida. Det blir også presenteret oppskrifter for dei som ønsker å veve sine eigne band etter gamle mønster. Boka er nydeleg illustrert av fotograf Eva Brænd.

Bakgrunnen for dette prosjektet er eit registreringsarbeid Olga Maria Breivik gjorde på vegne av Åmli historielag i 2015. Ho kom over ei eineståande samling av vovne band på Ytre Ramse i Tovdal,  og såg den unike verdien i desse. Saman med dottera Eldbjørg Breivik Smeland begynte ho å registrere banda. Etter kvart kom det fram  band og belte på fleire gardar, og mange rause privatpersonar fann fram sitt vovne arvegods. Arbeidet vaks fort, og Magnhild Peggy Jones Gilje blei invitert med.

Utstillinga synar nokre døme av banda som er registrert. Dei eldste registrerte banda stammar frå byrjinga av 1800-talet. Det er til saman registrert over 120 ulike mønster og nærare 100 gjenstandar.

Om dei medverkande:

Olga Maria Breivik (1927-2018) arbeidde heile sitt vaksne liv med bunad- og folkedrakttradisjonen. Blant anna var ho medlem i prøvenemnda for bunadfaget, og forelas i faget «Drakt og samfunn» ved Vestnorsk kulturakademi. Ho blei tildelt kongens fortenestemedalje for sitt mangeårige arbeid med bunad og fokedrakt. Ho har halde mange kurs og skrive artiklar og bøker om emnet.

Eldbjørg Breivik Smeland (f. 1953) har inngåande kunnskap om vevnad og saum, både frå eigen familie og utdanning, mellom anna handarbeidslinja på Voss Folkehøgskule. Ho har arbeidd som vevar på Ledaal Teppeveveri frå 2007-2015, og sit i styret for Gjøvdal og Åmli husflidslag. Saman med Magnhild er ho under opplæring i bunadsaum, og held kurs i bandveving.

Magnhild Peggy Jones Gilje (f. 1987) har ei djup interesse for folkekunst og ein mastergrad i arkeologi frå Universitetet i Exter. Ho er styremedlem i Aust-Agder Husflidslag og Gjøvdal og Åmli husflidslag, og jobbar som omvisar på Elvarheim museum. Saman med Eldbjørg er ho under opplæring i bunadsaum, og held kurs i bandvevining.