Kontakt English Kontakt oss English Nyhetsbrev
Tekststørrelse-ikon
PC: Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Sommarutstilling 2022: REPARASJONAR OG GJENBRUK

I år skal sommarutstillinga vise fram fleire arbeidsklede for både mann og kvinne frå 1800-talet og fram til vår tid. Alle plagga har vore lappa og reparerte. I tillegg presenterer sommarutstillinga reiskap og andre reparerte gjenstandar frå bygda.

Å reparere og utnytte ressursane som ligg nær oss, var tidlegare ein sjølvsagt del av allmenndanninga. Materialkunnskap og teknikkar var ein del av vår immaterielle kulturarv. Slik kunnskap er i dag igjen blitt høgaktuell, og ombruk er populært. Døme på dette vil også utstillinga vise fram med m.a. elevarbeid frå Åmli skule.

Dette nettstedet benytter informasjonskapsler (cookies). Les mer her
Jeg forstår, ikke vis denne meldingen igjen