Grunnlovsjubileetn 1814

Denne utstillinga blei laga til 200-årsjubileet for den norske Grunnlova i 1814. Delar av utstillinga er henta frå materiell frå det nasjonale Grunnlovsjubileet 1814, og er supplert med stoff som skular og barnehagar i Åmli har jobba med. Barnehagane hadde m.a. laga sine eigne grunnlover, og hadde laga si eiga valurne der dei hadde stemt over dagens aktivitetar. Det var også stilt ut bilete frå årets konfirmantar, som stilte til overhøyring i historiske klede a`la 1814. 7. klasse hadde teikna Eidsvollsbygningen til 17. mai. Museumsnemnda hadde også sett saman nokre tablåar som viser utsnitt av samfunnet i 1814, og Scott Aanby hadde teikna ein Åmlimann som var med i krigen mot svenskane.

INFLASJON

Riksdalaren var mynteining i Danmark-Norge fram til 1813. Den blei utmynta på to måtar: riksdalar “in specie” og riksdalar “courant”. Specieriksdalaren var knytta til sylv og heldt stabil verdi, medan kurantdalaren var ein setel som ikkje var innløyseleg i edelt metall.

Regjeringa trykte stadig nye papirpengar, og alt frå slutten av 1700-talet gjekk verdien av kurantdalaren ned, dvs. ein fekk kjøpt mindre og mindre for kvar dalar. Prisstiginga auka kraftig i krigsåra 1807-1814. I 1807 var ein kurantdalar verd 80 % av ein riksdalar “in specie”, og ved utgangen av 1813 heilt nede i 10 %.

I eit forsøk på å få orden på pengevesenet blei det frå 1813 stifta ein riksbank som trykte riksbankdalarar. Seks av dei gamle kurantdalarane blei veksla inn i ein riksbankdalar. Men staten fortsette å trykke setlar, og alt på slutten av året var verdien redusera til 20 %. I 1816 nådde riksbankdalaren botnen med bare fem prosent av opphavleg verdi. 

IINFLASJON I ÅMLI
I Åmli var større gardar på 1 hud verd 684 riksdalar i 1790. Ein tilsvarande gard var verd 2796 rd i 1801 og 7992 rd i 1812.
Den vanlege verdien av ein hest var gjennom det meste av 1700-talet 10-20 riksdalar, men 400 rd i 1812. Ei ku blei sett i 3-4 rd på 1700-talet og 100 rd i 1812.


SYLVSKATTEN

Norges Bank blei grunnlagd i 1816. Dei gamle riksbankdalarane som var i omløp, skulle erstattast av ein ny setelmasse på 2,5 millionar speciedalar som skulle ha støtte i eit grunnfond i sylv. Det var ikkje mogleg å reise denne kapitalen med frivillige innskot. I staden kunngjorde kongen at kapitalen skulle drivast inn med tvang. Ein minstesum på 2 millionar speciedalar blei utlikna på formuene i landet, og dette skulle betalast i sylv. Dei som hadde formue, var kjøpmenn og andre borgarar i byane og bøndane på landet.

Betalinga av sylvskatten var opprivande. Det var nesten ikkje myntar hos folk, så dei måtte levere inn det dei hadde av sylvkanner, skeier, bunadsylv og andre sylvsaker til smelting. Viss ikkje dei hadde nok, måtte dei kjøpe av andre.

I Åmli prestegjeld blei 1926 speciedalar likna ut på 166 personar (medrekna Espestøyl). Den høgaste summen var 93 dalar, den lågaste 1 dalar og gjennomsnittet ca.11,6 dalar.

HUS I ÅMLI 1814

ÅRESTOGE – ein arv frå mellomalderen
Årestoge var den vanlegaste hustypen i vår del av landet heilt frå mellomalderen og fram til 16-1700-talet. Mange stader var årestuene i bruk også framover på 1800-talet, men endra etter kvart funksjon. 
Årestoga var bygd i lafta tømmer, hadde torvtak, eitt stort rom med jordgolv (etter kvart tregolv), open eldstad (åre) midt i rommet med ein ljore (opning) i taket der røyken kunne sive ut. Dørene var låge, det var ikkje vindauge, men lys siva inn frå ljoren høgt oppe. Og når ein fyrte opp eld, la det seg eit tjukt røyklag oppunder taket. I dette rommet både sov, åt og arbeidde ein - særleg vinterstid når det var mindre å gjere ute. Det var faste benkar og senger langs veggane. På hyller stod gjerne mjølk til surning, og i taket kunne det henge kjøt til røyking og tørking.
Etter kvart blei det vanleg å bygge på husa, og i tilbygget, som gjerne blei kalla nystog, var det både vindauge og peis med pipe. Husa kunne få to etasjar med utvendig trapp i svalgangen og kover; mindre rom som m.a. blei brukt til lagerrom. Den gamle årestua endra i mange tilfelle funksjon og blei grovkjøkken. Det var gjerne eit inngangsparti mellom dei to stogene, og denne hustypen blir difor kalla midtgangshus.

MANGE HUS PÅ GARDANE
Dersom vi kunne ha besøkt eit gardstun i Noreg i det gamle bondesamfunnet, ville vi blitt slått av det store talet på hus. Då samfunnsforskaren Eilert Sundt besøkte storgarden Håkenstad i Vågå i 1852, talde han 34 hus på tunet. I tillegg kom alle husa på dei to eller tre setrane, dei mange uteløene og fiskebuene.
Også mindre gardsbruk hadde mange hus; mellom dei viktigaste var fjøs, stall, løe, stabbur, loft, eldhus og smie, i tillegg til sjølve stoga/innhuset.
Ofte delte to eller tre gardsbruk same tun og enkelte driftsbygningar, og jorda omkring kunne bli eit lappeteppe av ulike teigar som tilhøyrde dei ulike bruka. Etter utskiftingane på 1800-talet blei slike samla tun erstatta med enkeltståande gardstun med samla jord, slik ein finn det i dag.

NEDENESHUS
 Etter kvart blei dei mange frittliggande gardsbygningane erstatta med større og færre hus med fleire funksjonar. Denne skikken spreidde seg frå utlandet til Noreg, og frå overklassen til den jamne bonde. Sørlandskysten tok tidleg til seg nye impulsar gjennom sjøfart og handel med utlandet.
I Aust-Agder er det bevart fleire såkalla nedeneshus frå 16- og 1700-talet. Nedenes amt er den gamle nemninga på det som i dag er Aust-Agder fylke.  Desse husa hadde to fulle etasjar med loft over, to tømmerkjerner og ein svalgang. I første etasje finn vi stoge og kammers/kove, samt eldhus med bakaromn. I andre etasje var det lagerrom for både mat og klede, i tillegg til gjeste- og selskapsrom. Desse husa var vanlegast blant velståande bønder og skogeigarar, og fleire slike hus er bevart.

LYS OG VARME

Den opne åren blei etter kvart erstatta av peis med pipe slik at ein unngjekk å få røyk ut i rommet, men det meste av matlaginga gjekk framleis føre seg over open eld. Frå midten av 1800-talet blei to nye industriprodukt vanlege og gjorde kvardagen enklare: vedkomfyren og parafinlampa. Begge var eit resultat av den veksande industrialiseringa og pengeøkonomien som tok meir og meir over for naturalhushaldet. Ordet komfyr kjem av det franske ordet “chaffer”, som betyr å varme (opp). Vedkomfyren revolusjonerte både matlaginga og oppvarminga av bustaden, og hadde gjerne både steikeomn og fleire kokehol til gryter og panner. Denne typen komfyrar først var ferdig utvikla ved Nes Jernverk omkring 1850. Velståande bønder fekk etasjeomnar til oppvarming i stogene frå slutten av 1700-talet. Men sjølv om vår del av landet på grunn av nærleik til jernverk var betre utstyrt med jernomnar enn mange andre stader, tok det lang tid før slike slike omnar var vanleg i alle heimar.

Parafin blei importert til Noreg frå 1860-åra, ikkje mange år etter dei første oljefunna i Amerika. Parafinlampa erstatta talglys og ulike typar animalske oljlamper (m.a. tran), brann jamnare og varde lenger. Levande eld var elles den einaste lyskjelda fram til elektrisiteten gjorde sitt inntog i løpet av første halvdel av 1900-talet (nokre stader så seint som 1950-talet).

BORKEBRAUD

I år med små avlingar, spesielt av korn, måtte mange blande inn bork i mjølet dei laga braud av. I dei vanskelege åra tidlig på 1800-talet svalt mange, og bork vart mykje nytta for å dryge mjølet. Den beste borken fekk ein av alm, men også bork av andre treslag vart nytta, kanskje særleg av furu på våre trakter. Før borken var nytta til mat blei den mørke, skurvute barken ytst fjerna. Dei borkestrimlane ein ser her er av alm (i Åmli ofte kalla for ålm, derav namnet Åmli, Åmland osv).

SYLVSKATTEN 1816

Eit eksempel frå Eppeland.

Ikkje alle hadde nok sylv til å dekke kravet frå kongen, og lite pengar var det mange stader til å kjøpe sylv for. Dette var også situasjonen i Negard, Eppeland, då skatten skulle betalast.

Olav Gj. Eppeland skriv etter sine forfedrar om vanskane med å betale sylvskatten. Oldemor hans, Birthe Olsd. Risdal (f. 1757 – d. 1841) var gift med Joen Ommundsen Vehus (f. 1742 – d. 1802), og i 1816 hadde ho vore enke i 14 år. Olav Eppeland skriv:

Mannen hennar, John, hadde døyt mange aar fyr, daa Olav son hennar berre var ein gutunge. I den tida sat ho i smaa kaar. Og ein gong ho laut legja sylvskatten, maatte den store skogen i Kilane hoggast ut til luddrift. Pengane for den hogne skogen laut ho byte i sylv med Olav Gunnheifjell for aa betala sylvskatten.