2016: Bokbygda Åmli

Bokbygda
IMG 8992A
Bokskåpet - Åmlis fyrste bibliotek. Dette skåpet, fylt med bøker, blei gjeve til Åmli frilyndte ungdomslag av Elling Øy (ordførar 1898 – 1901 og 1911 – 1919). Det stod mange år i Klokkargarden, som var det fyrste kommunehuset i Åmli (1871 – 1925). Seinare blei skåpet flytta litt rundt i private hus, før det havna på Elvarheim. Dette blei starten på bibliotektenesta i Åmli. Etterkvart flytta bokutlånet til større og større rom her på Elvarheim – før det kom til den gamle stasjonsbygningen, der det er nå. Overflata på skåpet er såkalla eikemåling (ådring). Arbeidet er gjort av dekorasjonsmålaren Tor Henstad (1844 – 1925). Han budde og arbeidde lenge i Åmli. Sjå Jol i Åmli 2005.  
IMG 8989A
Jol i Åmli er har kome ut årvisst sidan 1984. Tidsskriftet er eit samarbeidsprosjekt mellom Åmli historielag og Åmli mållag, og tar for seg ulike historiske og dagsaktuelle tema frå Åmli. Artiklane er skrivne både av redaksjonen sjølv og ulike innsendarar. Alle annonsar er på rim og er skrivne av redaksjonen. Bladstyret ved oppstarten i 1984 var Anne Tone Aanby, Sigrid Bjørg Ramse, Olaf N. Oland, Ellinor Oland, Bjarne Oland, Odd Einar Ufsvatn og Scott Aanby. Opp gjennom åra har desse vore med i bladstyret: Arthur Raudåna, Rune Nylund, Kjetil Dukane, Solveig Aaland, Sylva Håkedal, Arild Håkdeal, Halvard skårdal og Heidi Halvorsen (vara). Jol i Åmli har eit opplag på 1400, og blir trykt på Setesdalstrykt. Det finst på fleire utsalsstader i Åmli, og kan også bestillast direkte frå bladstyret.  
Bokbygda
Her viser vi det store mangfaldet av forfattarar Åmli har å by på. Alle bøkene frå Åmli boknemnd og årgangane av Jol i Åmli er til sals. Vi har også ei salsutstilling av kunstnaren Scott Aanby sine tresnitt frå boka «Alltid aleine».

Forfattarpresentasjonar

Trond Aslaksen
Engvald Bakkan
Aslaug og Ragnvald Berli
John Håkedal
Halvor Olstad
Einar Skeimo
Arne Smeland
Georg S Tveit
Scott Aanby

Tekstar

Det nye ungdomshuset / Torgeir ØyTovdalssangen / Anna VassendStolphus-troppa / Anne K. Askland, Du draumen min / Arne SmelandBjørka i Trogfjell-veggen / Aslaug BerliSkogsauga / Georg S. TveitDesperadoen / Ivar Hirschholm Bentzen, Sumarkveld / Halvor Olstad, Krullen over kvardagen / Kåre KrossbakkenTil deg som spelar / Eyvind FlatenÅnund Gangsøy / Laurits Gabruel Lund.

Det nye ungdomshuset

Det reistes ein bygnad i bakkehelle
like mot skaret der vårsola renn,
næraste grannen er brei-byrge elva
som djupblå og stilsleg her vegen sin finn.

Men straks nedi svingen vert blaastilla brote,
der hastar ho elva med frøsing og foss,
og verbogefargar i govet der lagast
som sitrande signar ferda mot oss.

Her hev dei rom aat huset sitt funne –ungdommmen her heve hegna sin hamn.
Elva i blaadjupe spelgar det heile
og “Elvarheim “ lyder det laglege namn.

For ungdommen han er skyldskap med elva,
han eiger og dette speglande djup 
som fevner so vidt rundt i randstore runda
Og draumstillt som elva han maaler det ut.

So naar han dei steinutte stokkutte stigar,
lik frøsande fossen daa verter hans ferd,
han stundar som elva mot ukjente utheim,
mot solblanke blaavidd si verd.

Difor ho talar elva dernede
ved å syne vaar bygnad med blaahimmel bak:
Den nyaste bygnad me eingong skal byggja
skal yver vidverda spenne sitt tak.

Torgeir Øy, til opninga av Elvarheim i 1925

Tovdalssangen

Blant Tovdalsfjella er høge nutar
og vene gjentor og staute gutar.
Frå Bås til Dale er grenda mi
der vil eg vera all mi tid. 

Å dalen Tovdal er ikkje store’
men der er mange både vatn og fjorde
Å gardar ligg både her og der
men folka dei utor bygda fer.

Og Tovdalsveien den er so smale
den svingar seg som ein lange hale.
Men rundt um svingan er vene lunnar
der veks det tre og allslags runnar.

Ja i Tovdal veks det vene blomar
og der er fossar og fele tonar
Der skine sola oppe i li,
der gjele hauken ved sumars tid.

Eg veit kje venare bygd en Tovdal
med sine vatn og fjell og kollar,
og foss og fele og fuglesong
De sviv i hugen so mang ei gong.

Anna Vassend

Stolphus-troppa

Stolphustroppa ho er slitt –
der ho ligger høgt og fritt
Her gjekk mor – og her gjekk gome,
ned ved trappa venta sume-
som fekk spekekjøt og braud, når dei var i matenaud.

Inn dei bar av meld og slakt,
kurv og flatbraud – som var bakt.
Kaffeposen, gryn og saltet,
og me må `kje gløyma maltet.
Opp på loftet klæda var, til ho mor og barn – og far.

Alt skulde vara – året rundt,
men som oftast var det tunt.
For av kornet mått’ dei spara,
det som laut i molda fara.
Sumarstid vart kjøpemat, oftast lagt på bord og fat.

Stolphustroppa den er slitt,
no vi går ho ikkje tidt.
Kjer og ollor står der tome.
Fryseboks tok stolphusromet.
Kilospakker vart vårt kjer. Byra står og ille fer.

Ja, det er ei onnor tid
meir romsleg- og meir vid.
Ho er god på mange måter,
men det er for mange låtar.
Og for mykje som dreg ned. Jorda saknar ro og fred.

Anne K. Askland

 

Du draumen min

Du lytfter tidt min hug og tanke
mot høgdi upp til store syn,
mot solskinstindar, reine, blanke,
med gullglans yver bratte bryn.

Eg dyrka deg, men lite trudde
at du mi gode fylgje var;
min “barnelærdom” so det snudde,
at synd og sott du med deg bar.

Men eg laut velja elder vraka
Den breide eld’ den tronge veg.
Skuld’ eg den flate, breide, taka,
eld’ paa den tronge fylgje deg?

Daa so eg stod ved vegaskile,
eg lydde moldtrælsrøysters ord.
Paa deg, min draum, ei stund eg tvil
og sveik deg- for ein mole jord!

Eg sveik deg, ja, men saart fær trega
at ei eg lydde dine krav.
All verdens gull kann ei uppvega
den fred og hugnad du meg gav.

Og løni kom: i barmen inne
brenn tregen som ein æveleg eld.
Det gjeng meg aldri ut av minne,
men fylgjer med til livsens kveld.

Arne Smeland

 

Bjørka i Trogfjell-veggen

Vera ei rank lita bjørk
runnen opp or ein sprekk
høgt oppe i bratte
Trogfjell-veggen-
standa heilt einsleg
i skrint jordsmonn
med den granne stomnen
eit ørlite grann
lutande
utover stupet –
eit kjempande tre
i ettled attende.

Sjå klyngjer av tre
bølgje i nærleiken
med røter trygt planta
i jordbotnen.
Ein veldig skog av
tryggleik samkjensle-
tre attmed tre
aksler ved aksler
som vern mot steinsprang
og stormar.

Vera ei stormpiskap bjørk-
ei skjelvande audmjuk bjørk
i sårsprekken framføre
stupet-
standa i brurstasen
i perlande dogg
i ein eksplosjon av lys
nett no-
standa heilt oppreist
og SJÅ
etter det føykjande
steinsprang-drevet.

Aslaug Berli

 

Skogsauga

Svartblankt vatn fredfullt kviler
mellom urd og ulvelier.
Mellom ufser, veirgrå nutar
blenkjer skogens sjelespegel.

Sumardag med solblank stille
leikar gull i lurva bruner,
lyser smil i augekastet,
bjart, frå løynde sjeledjupet.

Medan måneljose netter
strøyer sylv på fjell og skogar,
auga speglar blåsvart himmel,
tung og drøymande i stiren.

Men når svarte skyer jagar,
glupske, kvite båror sleikjer,
eldkvast ljona reflekterar.
-Ville, kvasse blenk i syna.

Ligg det der forutan kjenslor,
speglar sine eigne bruner,
sjelfullt likevel det stirer.
Fjell og sky gjev auga djupet.

Georg S. Tveit

Guse-Steffan budde i Åmli på 1600-talet, og var kjend som ei slåsskjempe. Han var stadig på bruderov, men i eit bryllaup på Øy hadde folk fått nok. Presten Ivar Hirsholm Berntzen i Åmli har tatt for seg historia i dette diktet:

 

Desperadoen

I de kjække Thelers Hjem
var en Desperado slem.
Steffen Skaali hedte Manden.
Vild som han var ingen Anden.

Steffen Skaali, blev der sagt,
stod med Mørkets Aand i Pakt.
Modig var han som en Løve,
kunde stjæle, myrde, røve.

Fra en Hule i en Skov
drog, som Ulven, han paa Rov.
Helst han røved dog, man siger,
Kys frå Konser og frå Piger.

Alle følte Angst og Harm.
Ingen rørte dog en Arm:
Ingen Skurken skjød for Panden.
Saadan Skræk der stod af Manden.

Hvor der var en Bryllupsfest,
Kom han ukaldt som en Gjæst.
Da man måtte kjækt forsvare
Brudens Dyd, som var i Fare.

Banehug han fik tilsidst
i et Bryllup, det er vist.
Unnestad man kalder Gaarden,
hvor man strakte ham i Jorden.

Med sin Søn i Laget ind
trdaadte han med djævelsk Sind,
og Besøget Bruden gjældte.
Kniven blinked i hans Belte. 

Men da reiste sig en Strid
alle Mænd til same Tid.
Vaaben havde de ihænde,
for hans frække Liv at ende.

Steffen brukte flinkt sin Kniv,
kjæmped tappert for sit Liv;
Blodet flød i brede Strømme,
før Bærserken vilde rømme.

Ud af Huset Skurken foer,
men da segned han til Jord:
Thi ved Døren, som var aaben,
stod der To med skarpe Vaaben.

Steffen Skaali og hans Søn
høsted her en blodig Løn
for saamangen Synd udøvet:
Begge faldt med Panden kløvet.

Endnu viser man det Sted,
hvor man grov Banditten ned;
endnu kan man Hulen finde,
hvor han holdt sig med sin Kvinde.


Ivar Hirschholm Bentzen
Prest i Åmli 1854-1863

 

  

Sumarkveld

Eg syp inn lufti i druge drag –
                                               i kveld
og hjarta bankar i raske slag -
                                               i kveld.
Den gamle dumba eg andar ut -
Med soli gylder den høge nut -
                                               i kveld.
Og sæla syng i kvart tåg og streng -
                                               i kveld
når eg åleine i skogen gjeng -
                                               i kveld.
Og fuglen kvitrar frå kvar ei grein -
med røysti lokkande klår og rein –
                                               i kveld.
Og livet sitrar i kvart eit blad
                                               i kveld,
det gjeve skaparen glad sitt kvad
                                               i kveld.
Det syng um æveleg sol og vår
med skuldfri sæle og himmel klår
                                               i kveld

Halvor Olstad

 

Krullen over kvardagen

Han va fatike far min i dei harde trædivåre.
Tide strokk alli te.
Men når rivskafti knakk i slåtten,
Og han laut nøyte seg å gjera eit nytt
Han’n jamt tid te å skjera ut ein krull på det.

Kåre Krossbakken

 

Til deg som spelar

Kva kjenner du når tonen syng,
og spelet ditt får venger,
og stig mot livsens morgonland
på gylne felestrenger?

Du gløymer vel deg sjøl og alt
når fela kling og ljomar.
Dei varme tonar fører deg
mot høge tempeldomar.

Og vandrar du på klungermo
der mang ein torn deg sårar
blir alt det såre mindre sårt
når fela syng og bårar.

Det stig ei glede i vårt sinn
frå dine tonebårer.
Og alltid tidrar dei mot oss
i livsens smil og tårer.

Du finn vårt dyre arvegull
som vi held på å gløyme.
Vår folketone skal på nytt
frå dine strenger strøyme.

Kom inn til oss, du Myllargut!
ta fram di hardingfele,
og spel din fagre song og slått,
og legg di sjel i spelet.

Eyvind Flaten, 1968

 

 I Visa om Ånund Gangsei er truleg skriven av av Laurits Gabruel Lund, som var prest i Åmli frå 1658-1679. Visa skildrar eit bygdedrama. Ånund Gangsei var ein slåsskjempe og drapsmann. Han vandra i fleire år rundt i heiane som fredlaus, men blei til slutt fanga og avretta.

Ånund Gangsøy

Det var den heilage påskedags morgun
Eg sille til Åmlid kyrkje,
Herre Gud betre meg fatike mann!
Eg kom i så stor ei olykke.
Gud nåde meg syndare arme!

Som messa hon var på ende,
Folkit sille heimatt gange
Så reiste eg meg til Sigridnes
der sille eit giftarøl stande.
Gud nåde meg syndare arme!

Kom eg heim til Sigridnes
og bankad der utpå,
så kom han ut Olaf Sigrndnes
og bad meg der in gå.
Gud nåde meg syndare arme!

Han gjekk seg i stoga in
og eg gjekk meg deretter,
der sat han inne Tallak af Eikarå,
han mone til meg glette.
Gud nåde meg syndare arme!

De tappar i konnur, de tappar i krus:
No vil me lysteleg skenkje,
det vil eg fer sanning seja:
No keme den Gangsøy kempa!
Gud nåde meg syndare arme!

Mit store mot gav meg i sinne,
eg kunnad inki atter vende,
der gjekk eg meg i stoga in,
tok ei breie bindæx i hende.
Gud nåde meg syndare arme!

 Det var Tallak af Eikarå
han sille i utgangen gange,
herre Gud betre meg fatige mann,
i mishug mone eg falle.
Gud nåde meg syndare arme!

Det var Tallak af Eikarå
han sille til utgangen gange,
herre Gud betre meg fatike mann,
der kløyvde eg hans skalle.
Gud nåde meg syndare arme!

Dei huttad meg på dynni
både med gnavl og spjut:
r du her inne Ånung Gangsøy
fulla så skal du vel ut!
Gud nåde meg syndare arme!

Dei huttad meg på dynni
og kalla meg ei Gangsøy bikkje,
herre Gud betre meg fatike mann
Af bikasken sille eg drikke.

Mit store mot gav meg i sinne
eg vyrde det inke då,
der gekk eg meg af på stogutakit
og ned gjønom ljoren såg.

Der gekk eg meg på stogutakit
og ned gjønom ljoren såg,
der såg et Tallak af Eikarå
han daud på golvi låg.

Dei åtte åri, eg fredlaus var,
eg tok meg ‘ki anna til gera,
i kvort det gestebod, som eg såg,
der ville eg gjønne vera.

Så reiste eg til Felle
og bankad eg der utpå,
så kom han Herbjønn Felle
og bad meg der in gå.

Han gekk seg i stoga in
og eg gekk meg deretter,
der sat han inn Gisle Knutson
han mone til meg glette.

De tappar i konnur, de tappar i krus,
no vil me lysteleg skenkje,
det vil eg fer sanning seja
der keme den Gangsøy kempa!

De tappar i konnurm de tappar i krus,
no vil me  lysteleg drikke,
det vil eg fer sanning seja
der keme den Gangsøy bikkja!

Mit store mot gav meg i sinne
eg kunnad inki atter vende,
tok eg ut min tolgekniv
og konom til hjartad rende.

Dei huttad meg på dynni
alt både meg gnavl og spjut:
Høyr du Ånund Gangsøy
på skogin så skal du ut!

Reis ut, reist ut du bloduge hund
og så du Gangsøy bikkje,
du skal inki vera i detti hus
og inki med okkom drikke!

Dei åtte åri, eg fredlaus var,
det var mi leidaste sak,
så reiste eg emg at Høydals-sokn
det er den leidaste stad.

Så kom eg heim til Ofte
og bankad eg der utpå,
så kom han ut Ånund Ofte
han huttad meg der ifrå.

Høyr du Ånund Gangsøy
eg seje deg fer sanne,
her site inne futen av Bratsberg
du genge up til min granne!

“Kvasse knivar hev eg i slidor
og øksi up under mit belte,
eg tor fulla gange i stoga inn
eg er inki god at elte.”

Han gekk seg i stoga in
og eg gekk meg deretter,
der sat inne futen af Bratsberg,
han mone til meg glette.

“Hører du Ånund Gangsø
eg siger deig for sande
du haver slaget to mend i hel
du er ikkje verd at gange.”

Mit store mot gav meg i sinne
eg kunnad ikki atter vende,
der tok eg up ein tin-talerk
og la i futens panne.

Der tok eg up ein tin-talerk,
eg kunnad ikkje atter vende,
slog eg til futen af Bratsberg
så blodit dreiv i både hans hender.

Å skam så få hon Øli Ofte!
Hon med si falske list
hon øslad af meg mine tolgekniva
til at skera fersken fisk.

Å skam få hon Øli Ofte!
Hon med si falske råd,
hon øslad af meg mine tolgekniva
Til at skera fisken små.

Då eg reiste frå kona min goda,
det kan eg aller gløyme,
mi tvo års gamle dottersa:
“Far, vil du’ki vera heime!”

Kona mi eve småboni tvo
det tredje under sit belti:
Herre Gud betre meg fatike mann
fer kvor manns dynn må hon svelte.

Takk så hava kona mi godan
og småboni mine tvaug,
dei løyste kyrkjegarden fer meg
og gav derfor tri tjug.

Takk så hava de byfuten
han var meg så god,
han gav meg ei likskjurte
hon stende meg til fot.
Gud nåde meg syndare arme!

Frå Landstads folkevisesamling, 1853

 

Glette = erte, tirre
Gnavl = jamring, hyling
Elte = forfølgje
Øslad: narre

 

IMG 8992A
Bokskåpet - Åmlis fyrste bibliotek. Dette skåpet, fylt med bøker, blei gjeve til Åmli frilyndte ungdomslag av Elling Øy (ordførar 1898 – 1901 og 1911 – 1919). Det stod mange år i Klokkargarden, som var det fyrste kommunehuset i Åmli (1871 – 1925). Seinare blei skåpet flytta litt rundt i private hus, før det havna på Elvarheim. Dette blei starten på bibliotektenesta i Åmli. Etterkvart flytta bokutlånet til større og større rom her på Elvarheim – før det kom til den gamle stasjonsbygningen, der det er nå. Overflata på skåpet er såkalla eikemåling (ådring). Arbeidet er gjort av dekorasjonsmålaren Tor Henstad (1844 – 1925). Han budde og arbeidde lenge i Åmli. Sjå Jol i Åmli 2005.  
IMG 8989A
Jol i Åmli er har kome ut årvisst sidan 1984. Tidsskriftet er eit samarbeidsprosjekt mellom Åmli historielag og Åmli mållag, og tar for seg ulike historiske og dagsaktuelle tema frå Åmli. Artiklane er skrivne både av redaksjonen sjølv og ulike innsendarar. Alle annonsar er på rim og er skrivne av redaksjonen. Bladstyret ved oppstarten i 1984 var Anne Tone Aanby, Sigrid Bjørg Ramse, Olaf N. Oland, Ellinor Oland, Bjarne Oland, Odd Einar Ufsvatn og Scott Aanby. Opp gjennom åra har desse vore med i bladstyret: Arthur Raudåna, Rune Nylund, Kjetil Dukane, Solveig Aaland, Sylva Håkedal, Arild Håkdeal, Halvard skårdal og Heidi Halvorsen (vara). Jol i Åmli har eit opplag på 1400, og blir trykt på Setesdalstrykt. Det finst på fleire utsalsstader i Åmli, og kan også bestillast direkte frå bladstyret.