Visste du at inntektene frå sal av blåbær til England på 1920-talet tilsvarte nesten heile kommunebudsjettet i Gjøvdal? Eller at det blei sett opp eigne bærtog under krigen? Og at ein bjørn kan ete 150 liter blåbær i døgnet?

Denne utstillinga starta som ei sommarutstilling i 2017, men er no blitt ei permanent utstilling på Elvarheim museum

Blåbær

Blåbær (Vaccinium murtillus) vekst i store delar av Europa og Nord-Amerika. Planten trivst best i sur, næringsfattig jord i skog, gjerne på opne hogstflater. Bæra har eit blått, voksaktig trekk. Nokre planter manglar dette vokslaget, og ser svarte ut. I  folketrua blei dei kalla ormslikkebær.

Blåbærris spreier seg først og fremst via rotstokkar, men også ved hjelp av dyr. Bjørnen er den mest kjente blåbærelskaren. Ein fullvaksen bjørn kan ete opp til 200 liter bær på ein dag!Blåbærsesongen er avhengig av været. Er det vind og kaldt under bløminga i mai-juni, blir lite pollinering. Er det ein tørr og varm sommar, tørkar bæra inn og dett av.

 Borna som gjette i skogen før fekk ofte lite niste med seg. I ei gamal Åmli-herme heiter det: «Ein leiv og ein brett (flatbrød) det er hjuringens rett, men når blåbæra kjem vert det bare ein brett»

Bærplukkarar

Å pukke bær for hand er tidkrevjande. Det det er difor konstruert fleire ulike variantar av bærplukkarar som kan raske med seg større mengder bær. Ulempa er at dei også tek med alt anna – blad, rusk og umogne bær som må reinskast bort etterpå.

Dei fleste bærplukkarane er heimelaga eller produsert lokalt. Dei finst i ulike variantar frå ½  og opp til 3 liter. Dei største plukkarane er ikkje nødvendigvis dei mest effektive – dei kan vere tunge å bruke og set seg lettare fast.

Mange bærplukkarar er laga av gamle hermetikkboksar med «tenner» lodda på. Ein av Coop-boksane i utstillinga er laga av sløydlærar Magnus Harstveit frå Gjøvdal.

 Enkelte laga også bærplukkarar frå sal. Olve Tveit (Hytta) selde slike på butikken på Våje. Johan Jansen, som var av reisande slekt, budde i Reklia på 1940-talet. Han og andre reisande selde bærplukkarar og anna blikktøy.

 Bærkorger

Blåbæra blei frakta til England i korger laga av spon. Kvar korg tok 3,5 kg. Å lage sponkorger blei ei eiga næring, også om vinteren, i ei fattig tid. Sponen blei høvla ut med ein kraftig høvel som blei dregen av to personar. Ein person kunne flette 50 – 60 korger om dagen. Prisen var nokre øre per korg, så dagløna var ikkje stor. Bærlaga heldt også kurs i fletting av sponkorger. Målet var både å halde utgiftene nede og bidra til den lokale husfliden.

Reinsking av bær

Før blåbæra kunne leggast i korger, måtte dei reinskast for bøss og dårlege eller umodne bær. Ei bærrenne er ei skråplate med eit klede på. Bæra rulla ned i ei kasse medan bøsset blei liggande att på kledet. Det fanst også bærrenner der ein sveivde eit teppe over to tromlar. Bæra var så tunge at dei rann ned i ei kasse i den eine enden, medan bøsset fylgde teppet og hamna i den andre. Umogne og dårlege bær måtte plukkast ut for hand. Ein kunne også riste bæra på eit dronninggitter frå bikubar. Nokre prøvde å bruke kornreinsemaskiner, men desse var litt hardføre for blåbæra. Til tyteber fungerte det betre.

Storplukkarar

Aust-Agder bærlag kåra i mange år dei beste bærplukkarane i fylket. Vinnarane fekk ein diplom, og nokre gonger ei sylvskei. Gjøvdal er svært godt representera  på denne premielista:      

Vinnar i 1931: Torbjørg Aarli

Vinnar i 1932: Eivind Moe

Vinnar i 1933: Aslak Harstveit

Agderposten skreiv i 1942 at familien Jørgen Vehusheia var best i fylket med 1155 kg bær! Av enkeltpersonar som også plukka mykje er desse nemnt:

Bjørge Årli, Gjøvdal, 393 kg.

Anne Midgarden, Dølemo, 386 kg.

Anne Heia, Dølemo, 351 kg.

Transport

Bæra blei plukka med bærplukkarar, og gjerne frakta på ryggen i eigne bærkassar i finèr med lokk og selar. Bæra blei reinska og lagt over i korger. Transporten gjekk vidare med sykkel eller hest til lokale kontrollør som vog kvar korg og sjekka kvaliteten. Kontrollørane førde også rekneskap og betalte ut pengane. Frå oppsamlingsplassen kom lokale lastebileigarar og frakta bæra til ein av stasjonane langs jernbanen mellom Treungen til Arendal.

Frå Arendal gjekk englandsbåtane «Bessheim» og «Blendheim» med bæra til Newcastle to gonger i veka; på onsdag og laurdag. Bæra var framme på marknaden i England etter to dagar. Det gjekk også englandsbåtar med bær frå andere byar, som Kristiansand, Stavanger, Bergen og Oslo. Bærtransporten var organisert på tilsvarande måtar her.

Eksport av blåbær

Slutten av 1800 – talet var starten på eksport av blåbær til England. I 1923 blei Aust-Agder bærlag etablert som det første i landet. Bærlaget organiserte transport, pakking og kontroll av kvaliteten på bæra. Organisering i bærlag førte til rekordauke i eksporten:

1923: 5 000 korger.

1928: 142 000 korger.

1934: Sommarfrost og dårleg bærsesong. 27 500 korger.

 I perioden 1923 -1935 blei til saman 3,6 millionar liter blåbær eksportert til England.

 I same periode blei det utbetalt til saman 1 882 000 kroner til bærplukkarane. Dei bygdene som leverte mest bær, var Åmli, Gjøvdal og Froland. Dei fleste bæra blei selde til gruvedistrikta i Nord-England. Eksport av ferske skogsbær avtok etter krigen. Frosne og konserverte bær overtok marknaden. I våre dagar importerer vi mykje utanlandske hageblåbær.

Prisar og inntekter

Bæra blei pakka i sponkorger som romma 3,5 kg. Korgene blei dekt med eit slags smørpapir påtrykt «Aust-Agder bærlag». Bæra blei selde på auksjon i England, og prisen varierte med tilbod og etterspurnad. Høgste pris var i 1925: Kr. 5,25 pr. korg. Lågaste pris var i 1929: Kr. 0,50 pr. korg. Oppgjeret til plukkarane kom fyrst utpå hausten,etter salet i England var over. Det var ikkje uvanleg at ungdommen plukka bær for å få pengar til konfirmasjonsklede eller sykkel.

Distriktslegen i Åmli uttalte i mellomkrigstida: - I blåbærtida hadde eg lite å gjere, for då hadde ingen tid til å vere sjuke. Då dagløna var 2.80 kr, kunne ein person ha ei sesonginntekt på 600 – 700 kr på blåbærplukkinga. På slutten av 1920-åra var Gjøvdal kommune sitt samla budsjett på 29 000 kr. Same år gav blåbærplukkinga aleine ei samla inntekt på 21 000 kr til innbyggarane. Under 2. verdskrig gav bærplukkinga både inntekter og matauk. Særleg blei dette viktig for byborgarane, og det blei sett opp eigne «bærtog» ut i distrikta.

Bærplukking under krigen

I krigsåra blei bær eit vesentleg tilskot til kosten. Det blei oppmuntra til bærplukking. Norges Bærlag fekk reservert eit parti spisesjokolade til premiering av bærplukkarar. Dei som leverte minst 25 kilo bær til godkjente mottakarar, fekk tilbod om å kjøpe to plater sjokolade på 40 gram. I Telemark blei det delt ut pengepremiar til dei beste bærplukkarane blant skuleeleane. Men bærplukkinga var strengt regulert, med faste dagar for ulike bærslag. Det var straffbart å plukke kart. Forsyningsdepartementet vedtok i 1942 at det var forbode å selje skogsbær til andre enn sjukehus og liknande anstaltar. Transport av skogsbær til andre enn Norges Bærlag var forbode.

Bærtog

Under og etter krigen sette NSB opp eigne bærtog på Sørlandsbanen. Toga gjekk frå Kristiansand til Herefoss om morgonen og returnerte om kvelden. Passasjerane kunne stige av på alle stasjonane undervegs. Det gjekk også bærtog mellom Arendal og Treungen. Det var halv pris på billettane til desse toga.