Dette året er det 100 år sidan beveren kom tilbake til Sverige etter at han var utrydda. 80 bever frå Åmli blei sendt til Sverige, og har i dag 100 000 etterkommarar! Prosjektet er leia av Dolly Jørgensen, som er professor i historie ved Universitetet i Stavanger. Ho skal i tillegg skrive bok om «beverens reise» får Åmli til Sverige, og det blir fleire forskingskonferansar og artiklar i åra som kjem. Prosjektet er knytt opp til eit internasjonalt forskingsmiljø med samarbeidspartnarar ved Australian National University i Camberra, University of Leeds i England, Virginia Commonwealth University i Richmond, USA – og Aust-Agder museum og arkiv ved Elvarheim museum.
Første del av prosjektet blir dokumentasjon og intervju med personar i Åmli som har vore med på eller har opplysningar om utførsel av bever frå Åmli frå 1921 og fram til 1970-talet i samband med P.M. Jensen, Sigvald Salvesen og Harald Jensen-Tveit dei første åra, og seinare Aslak Harstveit. Dei som har opplysningar om noko av dette kan ta kontakt med kulturrådgivar Tonje Ramse Trædal på telefon 37185264.
Bilettekst: utsetting av bever frå Åmli på Songli jaktklubb i Trøndelag i 1926. Eigar: Norsk Skogmuseum.