Halvor Olstad

Halvor Olstad
Halvor Olstad

Halvor Olstad (1872-1957) var fødd på garden Olstad i Åmli. Han overtok slektsgarden, og i tillegg til å vere bonde, engasjerte han seg sterkt i samfunns- og kulturlivet i bygda. Han var med og skipa Åmli Forbruksaforening, Åmli Sparebank, idrettslaget Dristug, og fekk i stand badstoga for bygdefolket. Han var også målmann, fråhaldsmann og engasjert i ungdomslaget. Han underheldt ofte på ulike tilskipingar med foredrag, kåseri, prologar og dikt.

Då Gjøvdal vart eigen kommune i 1909, var han første ordførar her. Han var også stortingsmann i åra 1927-1933 for Bondepartiet.

Dikta hans er i tradisjonell form, og har tema knytt til heim og fedreland, natur og folkeliv, kulturarv og den kristne arven.

Sumarkveld / Halvor Olstad