Bier og Honning

«Naar man skal høste honningen, maa man først ryste og saa børste bierne af tavlerne.»
Nytt om gammelt. Artikkelserie fra KUBEN, Aust-Agder museum og arkiv. Publisert i Agderposten 1983-2004.

Anne Tone Aanby, Aust-Agder-Arkivet
Agderposten 17. januar 1994

For nøyaktig 100 år sidan kom Skandinavias fyrste lærebok i biskjøtsel ut. Boka «Bier og Honning» er skriven av Harald Hovind og Engvald Hansen.

Harald Hovind var skolestyrar i Tvedestrand, og Engvald Hansen var distriktslege i Åmli. Ingen av dei hadde altså yrkesfaglege motiv for å engasjere seg i birøkt. Det var oppdaginga av eiga glede ved å drive med denne «binæringa», og idealistiske motiv som dreiv desse to til å utføre dette storløftet. Alle «nutidens bedste kilder» skulle gjerast tilgjengelege for interesserte birøktarar i Norge og nabolanda. Harald Hovind var redaktør av «Tidsskrift for biskjøtsel», og i 1893 hadde tidskriftet innhenta opplysningar om økonomien i bihald frå heile landet. Svært mange av dei svara som er tekne med i læreboka er henta frå distriktet Hovind og Hansen kjende svært godt; Vegårshei, Gjerstad, Søndeled, Risør, Dypvåg og Øyestad. Boka gir oss dermed detaljert kunnskap om birøkt i distriktet vårt.

I læreboka blir «Biavlens historie» og alle tenkelege sider ved biskjøtsel grundig handsama. Men det er i kapitlet «Er biavlen lønnende?» bodskapen og målet med boka kjem fram. Ved ulike reknestykke viste Hansen og Hovind at biavl lønte seg. Landhandlar Kvisli på Vegårshei kunne fortelle at han hadde fått 192 kg honning av 4 bikuber. Vanlegvis rekna ein med 30-50 kilo pr. kube i spesielt gode år. Og når vi veit at Kvisli fekk 1 krone kiloen for honningen, kan vi skjøne at det ikkje var utan grunn forfattarane agiterte for bisaka. Ei god dagløn på denne tida var nemleg 2 kroner. Fleire av dei spurte frå distriktet vårt meinte at dei kunne tene betre på birøkt enn på hønsehald. Kittel Moe frå Gjerstad gjorde seg til talsmann for dette synspunktet, og slo samtidig fast at «enhver landmand vilde have fordel af at have bier, men især tror jeg, at husmænd og andre arbeidere burde have dem.»

I boka blir det òg vist til at biavl hadde indirekte nytteverdi. Fruktavlen var best tent med bestøving frå bier, og her blei det vist til resultat frå Australia.

Men Hovind og Hansen såg også ein moralsk verdi i biskjøtsel. Biavl var så interessant å studere, at birøktaren ville bli heilt oppslukt av interessa si – det verka «dannende». – «Den, der er greben af kiærlighed til bierne, han bliver derfor mer hjemme og sysler med dem og holdes derved borte fra alskens tvilsomme fornøielser; allerede af den grund kan vi ikke noksom anbefale biavlen og andre lignende liebhaberier for alle, og det er vor tro, at de forældre gjør en god gjerning, der alt fra den tidligere barndon af giver sine smaa børn anledning til at sysle med saadant.»

Det er neppe heilt tilfeldig at denne læreboka kom ut for 100 år sidan, og at dei to forfattarane var frå Tvedestrand og Åmli. Begge var samfunnsengasjerte menn, Engvald Hansen var ordførar i Åmli. (– og bestefar til den kjende forfattaren Engvald Bakkan.)

Sosialt og økonomisk var 1890-åra ei urolig tid i vår landsdel. Vi hadde opplevd bank-krakk og krise i skipsfarten på slutten av 1880-åra, med alle dei ringverknadene dette førte med seg. Arbeidsløyse var eit faktum, og Arbeidarpartiet vart stifta i Arendal i 1887. Politikarane var på leiting etter stabil næringsverksemd. På amtstinget blei det slått til lyd for landbruksskular. Bøndene i Nedenes Amt måtte igjen gjere gardsdrifta økonomisk lønnsam, mange hadde m.a. mista ekstra utkome i skutepartar. Amtmannen hadde dette å seie i siste halvpart av 1880-talet: « – den vedvarende Nedgang i Skibsfarten og Lasteprisene har dog i det hele skjærpet Interessen for Jordbrug i dette Søfarts- og Jordbrugsdistrikt.» I 1890-åra blei interessa for tilleggsnæringer og lønsamt jordbruk forsterka. På amtstinget blei det m.a. vedteke å løyve pengar til vandrelærar i birøkt. Bygland Landbruksskole og Bjørnetrø Landbruksskole i Fjære blei sett i gang i 1896.

Men førte så læreboka til Hovind og Hansen til auka biehald? Det er sjølvsagt vanskeleg å svare på om det var arbeidet til desse to pionerane som var grunnen til at antall bikuber i Nedenes Amt blei fordobla frå 1890 til 1900. Helland skriv i «Nedenæs Amt» (1904) at det var kommunane Øyestad, Søndeled, Vegårshei og Fjære som hadde størst biehald.

Kva så med Åmli, heimbygda til Engvald Hansen? I 1970-åra var Åmli den kommunen i landet som hadde størst honningproduksjon. Einar Skeimo, Gunvald og Ånund Vehus var storprodusentar med birøkt som eineyrke. Men boka «Bier og Honning» er ukjent.

Einar Skeimo gjekk for presten i 1934. Han fortel at då var det bier i kyrkjetårnet, og det hadde det «alltid» vore, sa gamle folk på denne tida. Biene var truleg ein forvilla sverm frå Engvald Hansen sitt biehald. Han hadde bustad like attmed kyrkja. Men i kyrkjetårnet er dei ikkje lenger, biene. Ein gong på 40-talet fortalte Nils Håkedal til Einar Skeimo, at nå hadde han fenge seg «religiøse bier». Biene frå kyrkja hadde sverma i bedehuset, og den svermen hadde han henta heim. Dei religiøse biene er minnet honningbygda Åmli har etter Engvald Hansen si «bisak».

«Naar man skal høste honningen, maa man først ryste og saa børste bierne af tavlerne.»
Nytt om gammelt. Artikkelserie fra KUBEN, Aust-Agder museum og arkiv. Publisert i Agderposten 1983-2004.