Lik-kvile på heia i Åmli

Varp: Ved Sandnes i Gjøvdal finn vi lik-kvile og eit varp på eit høgdeplatå der det var høveleg å ta ein rast.
Nytt om gammelt. Artikkelserie fra KUBEN, Aust-Agder museum og arkiv. Publisert i Agderposten 1983-2004.

Anne Tone Aanby, Aust-Agder-Arkivet
Agderposten 29. juli 1996

Er du ein av dei som liker å gå i fjellet om sommaren og på haustparten?

Då har du kan hende allereie stoppa opp og undra deg i møte med steinsettingar langsmed stien som tydeleg er menneskegjort. Ved eit slikt møte er du komen på ein gamal ferdselsveg, og du har truffe på kulturminne med ein heilt spesiell tradisjon her på Agder.

På Agder og i Telemark har me flåfjell, eller svaberg som ein seier på kysten. Det er fjellflater som er reine for vegetasjon, der berre mose og lyng flekkvis kan klore seg fast. Slik finst det lite av ellers i landet.

Dei gamle ferdselsrutene mellom dalføra gjekk over heia, og ferdselsruta fulgte ofte slike flåfjell. Og det er her dei ligg, desse steinformasjonane brurelè, lik-kvile, og varp. Dei finst langsmed ferdselsvegane i Froland, Gjøvdal, Tovdal, Setesdal, Fyresdal, Åseral og i Sirdalsheiane. Når du treffer på eit slikt kulturminne, skal du vite at det er tru og vørnad som har fått folk til å reise eit slikt minne.

Lik-kvile

Det er sjeldan at ein har namn knytt til desse fenomena. Men på Olandsheia i Gjøvdal, ikkje så langt frå Reismyrmonumentet frå siste verdskrigen, ligg «Askilds grav». På folkemunne i Gjøvdal heiter det at Askild Pedersen var flåtar, og at han for godt over hundre år sidan var med eit flåtarlag i Kvassåna. Som namnet seier, var Kvassåna vanskeleg å flåte, og Askild drukna inne på heia i arbeid med ei tømmerfloke. Fåtarlaget har fulgt skikken ved eit dødsfall inne på heia. Dersom Askild var ein unggut frå Oland, skulle dei ha tilkalla Oland bearlag. Mannfolka i denne krinsen av gardar skulle då ha reist til fjells for å bere Askild heim til gards, og sidan ha sørga for at han kom i vigd jord. Når eit slik likfølge som gjekk over heia måtte kvile, fekk dei eit problem som måtte løysast. Den døde var ikkje verna mot vonde makter før han kom i vigd jord på kyrkjegarden. Men ringen og ringsymbolet var anti-demonisk, og difor kunne dei verne den døde med å leggje ein ring av stein rundt den livlause kroppen. Det var dette som var ei lik-kvile.

Brurelè

Like ved Askilds grav ligg det ei lang samanhengande rekkje av stein, eit brurelè. Dette tyder på at vi er på eit høgdeplatå midtvegs mellom to dalføre. Her er vi mellom Fyresdal og Gjøvdal. Var det to unge frå desse nabodalføra som skulle gifte seg, var skikken slik at brullaupsfølget skulle møtast midtvegs mellom gardane og kappri til bryllaupsgarden, seier ein i Gjøvdal. Staden der ein møttest, markerte ein med å leggje opp ei rad med stein, ein for kvar riar. Dette brurelèet frå Olandsheia teller over 60 stein! I enkelte bygdelag markerte ein manndomen med å reise store stein, men dette kan ikkje ha vore skikken i Gjøvdal. Slike småstein ville dei nok ikkje ha latt markere denne styrken. Frå andre bygdelag er det også kjent at skikken var slik at eit brurelè blei til ved at kvart brurefølge som passerte staden, skulle leggje til nye steinar.

Varp

Ved Sandnes i Gjøvdal finn vi lik-kvile og eit varp på eit høgdeplatå der det var høveleg å ta ein rast. Eit varp ser vi i dag som ein steinhaug. Opphaveleg skulle det òg liggje trebitar i denne haugen. Og kjem du til ein slik haug, skal det ha gått føre seg ei ugjerning her ein gong. Folk som passerte denne staden måtte verne seg mot desse vonde maktene som låg i ugjerninga. Botemiddelet var å kaste stein eller pinnar, og slik blei det etter kvart til ein haug. Å verpa tyder å kaste, difor namnet varp.

Varp: Ved Sandnes i Gjøvdal finn vi lik-kvile og eit varp på eit høgdeplatå der det var høveleg å ta ein rast.
Nytt om gammelt. Artikkelserie fra KUBEN, Aust-Agder museum og arkiv. Publisert i Agderposten 1983-2004.