Kontakt English Kontakt oss English Nyhetsbrev
Tekststørrelse-ikon
PC: Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Langeidsverdet

Johanne Cecilie Fiane Hortemo, museumspedagog ved Setesdalsmuseet/Aust-Agder museum og arkiv.
Agderposten, 5. mai 2017.

Det er eit av dei mest eksepsjonelle vikingsverda som nokon sinne er funnen i Noreg.

Etter å ha vakt enorm oppsikt både nasjonalt og internasjonalt, og etter fleire år med bearbeiding og analyse i hovudstaden, skal Langeidsverdet nå for fyrste gong bli utstilt i heimtraktene. Frå og med sommaren vil museumsgjester i Aust-Agder kunne sjå sverdet, fyrst på Rysstad, deretter ved Kuben i Arendal.

Frå tid til annan dukkar sensasjonelle skattar opp under arkeologiske utgravingar. Vi les om det i avisa og ser kanskje eit innslag på tv eller via internett. Skattar frå fortida er spennande og det vekkjer noko i dei fleste av oss. For dei som har sett Indiana Jones på film, så er ein arkeologs arbeidsdag langt i frå like spennande. Men under arkeologiske undersøkingar i Setesdal sommaren 2011 skjedde noko nesten i den retninga. Utgravinga var på Langeid i Bygland kommune og blei gjort i samband med utbetring av riksveg 9. Utgravinga førte til interessante funn frå seks forhistoriske lokalitetar. Funn av ein gravplass med om lag 20 graver frå siste del av vikingtida, kom heilt uventa på arkeologane og var ganske sensasjonelt. Likevel er det forståeleg at somme ikkje har fått med seg dette ettersom mediefokuset var andre stader under slutten av sommaren 2011.

Uventa rikdom
På forhand var det ikkje mykje som tyda på at utgravinga skulle være noko å skrive heim om. Gravfeltet var ikkje synleg i overflata. Det blei funne restar etter ein nedpløgd gravhaug, men fleirtalet av graver var det arkeologane kallar flatmarksgraver. Det vil seie graver som ikkje har hatt noka tydeleg form for markering i markoverflata. Det viste seg at gravene var rikeleg utstyrte med gravgåver. Gravene var etter både menn og kvinner med alt det dei trengde av utstyr. Det var lite bevara etter menneska i gravene og andre organiske gjenstandar som for eksempel i tre, never og klede var også rotna bort. Til tross for dette var det likevel mange gjenstandar igjen som var godt bevara.

Her var det kvardagsutstyr, som spinnehjul, eldstål, nøklar, nålehus, pinsett,  bryne,  sakser, knivar og sigdar. Det var også flotte gjenstandar til å pynte seg med som skålspenne med koparlegering, glasperler i mange former og fargar også i gull og sølv. Det blei funne sølvmyntar, hakkesølv og eit skålvektsett og vektlodd. Våpen blei det også funne blant anna, piler, økser og restar etter totalt sju sverd. Med andre ord ein ganske stor konsentrasjon av  flotte funn samanlikna med mange andre utgravingar.

Det store puslespelet
Gjenstandane i gravene var utan tvil verdifulle. Ikkje berre fordi dei var gamle og sjeldne, men fordi når dei blir sette i ein samanheng så kan dei hjelpe med å fortelje historier frå fortida.  Men nettopp fordi utgravinga på Langeid var svært funn-rik har det tatt tid før resultata frå utgravinga var ferdig etterbehandla.  

Utgravinga på Langeid vart utført av Kulturhistorisk museum i Oslo. Då dei arkeologiske undersøkingane var ferdige blei data, prøver og ikkje minst funn frakta til Oslo. Her blei resultata frå utgravinga utarbeida og summert til ein rapport. Rapporten er det som er grunnlaget for tolkingane av funna. Utgravinga på Langeid er til no den mest fullstendige undersøkinga vi har på graver i Setesdal. Arkeologane har berre så vidt begynt å setje saman bitane, og resultata er spennande.

Funn frå ei brytningstid
Gravplassen på Langeid kan ein karakterisere som ein typisk norrøn gravplass. Her er restar etter gravhaugar, men dei fleste gravene er flatmarksgraver. Dei daude vart brent eller ubrent og  gravlagt i trekister, med varierande, men rikt med gravgåver. Difor er det interessant at fleire av gravene er frå ei tid då resten av Agder, og store delar av Noreg, hadde gått over til å praktisere kristne skikkar.

Ei av gravene belyser denne brytningstida godt. I grava blei det gjort nokre særs spennande funn. Det er eit sjeldan sverd, og eit av dei flottaste vikingsverda gjort i Noreg. Populært vart det kalla Langeidsverdet, og det var nesten heilt intakt med ei lenge på 91 cm. Då sverdet vart funne var det meste av overflata brun og dekka av eit lag med rust. Røntgen av grepet viste at under laget med rust var det edle metall. Etter 400 timar med konservering vart hjaltet fri for rust og det viste seg å vere rikt dekorert med sølv, gull og koppar.

Kristne symbol?
Dekoren består av ulike symbol og noko som liknar på bokstavar. Meininga bak teikna er eit mysterium, men øvst på sverdet er det eit bilete av ei hand som held eit kors. Arkeologane meiner at dette er eit symbol med kristen bodskap og  at handa kan være meint som Jesu eller Guds hand, og saman med S-teiknet tydast som Xristos Salvator (Kristus frelsaren). Teikna som liknar bokstavar er tolka som latinske eller greske forkortingar liknande kristogram med kristent bodskap. 

Så kvifor finn ein eit sverd med kristne symbol i ein heidensk grav? Vart personen i grava kristen? Vart det brakt heim etter ei plyndringstokt eller handelsreise i utlandet? Vi har enno ikkje svar på dette, men sverdet saman med mange av dei andre funna er med på å forklare eit samfunn med overskot og velstand. Funna på Langeid er gjenstandar frå Noreg, Skandinavia, England, Tyskland og fleire stadar i Midtausten. Gjenstandane som er funne i gravene på Langeid, gir oss med andre ord ny innsikt i korleis Setesdal var ein del av eit større samfunn i siste del av vikingtid.

Internasjonalt oppstyr
Rapporten var ferdig fyrst i fjor, men interessa for funna på Langeid berre aukar både nasjonalt og internasjonalt. På den eine sida har funna blitt presentert delvis eller i sin heilheit i fleire faglege og populærvitskaplege fora, men det var fyrst etter at Kulturhistorisk museum i Oslo gjekk ut med ei internasjonal pressemelding om sverdfunnet at fleire har fått kjennskap til funna frå Langeid.

Nyheita blei også snappa opp i verdspressa og i populærvitskaplege magasin og resulterte i kontakt frå National Geographic, España Historia og i Archaeology Magazine, med påfølgjande oppslag der. I Oslo vart det unike sverdet frå utgravinga stilt ut i utstillinga «Ta det personlig» på Kulturhistorisk museum. Utstillinga, og sverdet, vart skrive om i Aftenposten Innsikt og Aftenposten Historie. Også på ganske uventa område har sverdet gjort seg gjeldande. Det er få arkeologiske funn forunt å pryde etiketten til ein skotsk whisky allereie få år etter at dei er tekne opp av jorda. 

Gjensyn med Setesdal
Ein av ringverknadene er også den at sverdet og fleire av dei flotte funna frå Langeid no kjem på utstilling på Rysstad og på KUBEN i Arendal. Ein er vand med at arkeologiske funn endar opp i Oslo og at ein aldri ser dei igjen, men ikkje denne gongen. Sverdet frå Langeid er eit av dei flottaste arkeologiske funna gjort i Noreg dei siste åra. Setesdalsmuseet og KUBEN i Arendal og Aust-Agder fylkeskommune har jobba i ei tid for å få sverdet og fleire gjenstandar frå Langeidutgravinga tilbake slik at museumsbesøkande i Aust-Agder også kan få sjå dei flotte funna. Kulturhistorisk museum i Oslo, har vore svert positivt innstilt. Resultatet kjem i form av ei vandreutstilling som tek utgangspunkt i det makelause  Langeidsverdet, men som også vil setje funna inn i ein større samanheng. Utstillinga opnar på Setesdalsmuseet på Rysstad og blir flutt til KUBEN i starten av september. Vi har valt å kalle utstillinga – Vikingsverdet frå Langeid

Kjelder
Wenn, Camilla, Z. Glørstad, K. Loftsgarden: Rapport arkeologisk utgravning Rv. 9 Krokå – Langeid, del I: bosetningsspor, produksjonsspor og dyrkningsspor fra  mesolitikum, jernalder og middelalder; del II: gravfelt fra vikingtid. Oslo 2016.



Mystiske symbol i gull, koppar og sølv er inngravert på det ca. 1000 år gamle Langeidsverdet. Foto: Foto: Ellen C. Holthe/Kulturhistorisk museum, UiO.


Perlene frå Langeid kjem frå både nære og fjerne strøk. Fleire av perlene var foliert med gull og sølv. Foto: Ellen C. Holthe/Kulturhistorisk museum, UiO.


Tre myntfragmenter og én komplett mynt i tre fragmenter, fragmentert sølvamulett, granulert sølvfragment og fire vektlodd. Foto: Ellen C. Holthe/Kulturhistorisk museum, UiO.


Ferdig utgravne graver. Foto: Camilla C. Wenn/Kulturhistorisk museum, UiO.


Utgravingsfoto med gravfeltet så vidt synlig i bakgrunnen. Foto: Johanne Cecilie Fiane Hortemo.


I et historisk lys

Artikkelserien «I et historisk lys» er et samarbeid mellom Aust-Agder museum og arkiv, Den norske historiske forening og ulike aviser på Agder. Felles for artiklene er at de presenterer aktuelle saker i et historisk lys. Artiklene står først på trykk i Agderposten. Deretter publiseres de på KUBENs nettsider.