Motar og drakttradisjonar i Åmli

Bilde 1
Folkedrakter frå Åmli i siste halvdel av 1800-talet. F.v. Ingeborg Eppeland (Oppigard), Jakob Riisland, Sigrid Børufsdotter Vrålstad. Eigar: Åmli historielag.  
Bilde 2
Signe Næresdatter Ramse (1882–1897) i moteprega kjole og jakke med puffermar. Folkedraktprega liv under jakka. Eigar: Sigrid Bjørg Ramse.  
Bilde 3
Tovdølar på bytur i «nasjonalen», ein lokal draktvariant inspirert både frå hardangerdrakta og kjolemote, i bruk i Telemark og indre Agder rundt 1900: f.v Valborg Austenå g. Tveit, Anna Austenå d.y. g. Ramse. Birgit Austenå g. Bygland og Anna Austenå g. Tveit. Eigar: Terje Ramse.  
Bilde 4
Søstrene Åslaug Jørgensdatter Oland og Anne Jørgensdatter frå Gjøvdal i tidas populære nasjonaldrakt frå Hardanger og motekjole med tradisjonelt draktsølv, ca. 1900. Eigar: Åmli historielag.  
Bilde 5
Sigrid O. Ramse, Signe Olstad og Gunnhild Ramse i sjølvsydde Åmlibunader saman med tre Huldadrakter og ein Telemarksbunad på målstemne på Hillestad i 1925. Eigar: Sigrid Bjørg Ramse.  
Bilde 6
Frå utstillinga «Mangfald og Mote» på Elvarheim museum. Foto: Tonje Ramse Trædal.  
Bilde 1
Folkedrakter frå Åmli i siste halvdel av 1800-talet. F.v. Ingeborg Eppeland (Oppigard), Jakob Riisland, Sigrid Børufsdotter Vrålstad. Eigar: Åmli historielag.  
I et historisk lys - HIFOs historikerspalte i Agderposten

Artikkelserien «I et historisk lys» er et samarbeid mellom Den norske historiske forening (HIFO), Agderposten og Aust-Agder museum og arkiv. Felles for artiklene er at de presenterer aktuelle saker i et historisk lys. Artiklene står først på trykk i Agderposten. Deretter publiseres de på KUBENs nettsider.

Av Tonje Ramse Trædal, museumsstyrar ved Elvarheim museum, Aust-Agder museum og arkiv. Agderposten 21. juni 2019.

Fortida var ikkje så fargelaus som vi av og til kan få inntrykk av når vi ser gamle fotografi av alvorlege menneske i grå gevantar. Av og til kan vi få eit glimt inn i fortidas fargeprakt og skaparglede gjennom dei gjenstandane som har overlevd opp til vår tid. Slik er det mellom anna med dei flotte folkedraktene som nå er stilt ut på Elvarheim museum i Åmli.

Mange av plagga folk brukte for 100-200 år sidan må ha vore ein fest for auget; med glinsande gullkniplingar, silke, kalemank og damask i kombinasjon med heimespunne ull og lin. Eller med blomstrete bomullsplagg – som blei kalla kattun (frå engelsk «cotton») då dette var høgste mote. Mange av desse stoffa kom opphavleg frå handel med det fjerne Østen, eller frå dei vidstrakte britiske koloniane. Men etterlikningar blei også produserte i Europa utover på 1700-talet. Sjøfart og handel førte motar og nyheiter til våre kystar, og slik fann dei til slutt også vegen til bøndene i Åmli og blei ein del av den lokale draktskikken.

Ein del av dette fargesprakande mangfaldet blir for tida vist på Elvarheim museum i utstillinga «Mangfald og Mote: folkedrakter i Åmli frå 1700-1900». Mange blir overraska over den store variasjonen av drakter og tilbehør i utstillinga, men leitar forgjeves etter sin eigen variant av Åmlibunaden. Og det er ikkje så rart, for dette er ikkje ei bunadutstilling. Det ein får sjå her, er folkedrakter. Ei lita ordforklaring kan difor vere på sin plass å starte med.

Folkedraktforskar Aagot Noss skriv at folkedraktene var dei kleda bøndene brukte både til kvardag og fest i det gamle bondesamfunnet. Til kvardags var ein sjølvsagt enklare kledd, medan ein pynta seg med dei finaste kleda når ein skulle til kyrkje, og stasa seg ekstra opp til bryllaup. Dei mest kostbare plagga som var sjeldnast i bruk, er paradoksalt nok også dei som er blitt tatt best vare på, og viser oss «søndagssida» av bondesamfunnet.

Korleis ein gjekk kledd, var også strengt regulert gjennom sosiale normer i lokalsamfunnet. Ei ung jente kunne for eksempel ikkje bere den same sølvstasen som ei gift kone, og ei ugift «attergløyme» måtte finne seg i at alle kunne lese hennar mangel på sosial status gjennom klesdrakta ho bar.

Som ringar i vatn

Sjølv om bruken av folkedraktene var strengt regulert, var dei ikkje statiske og uforanderlege. Over tid endra dei seg gradvis ved å ta opp nyheiter utanfrå; ein ny blondekant her, eit nytt tørkle der. Livlina på stakken flytta seg både opp og ned i takt med motane ute i Europa; men oftast nokre år etter.

Ein av dei første som la merke til samanhengen mellom folkedrakter og motedrakter var den tyske geologen Leopold von Buch, som i 1810 gav ut boka «Reise durch Norwegen und Lappland». Under den store årlege vintermarknaden i Kristiania såg han bønder frå alle kantar av landet i svært ulke drakter – Gudbrandsdølar i lange jakker (kjolar) prega av 1600-talets moteideal, storbønder frå Hedemark og områda rundt Kristiania i motedrakter som likna dei byborgarane bar; berre litt meir avleggs, og bøndene frå Hallingdal og Telemark i dei aller mest alderdommelege og «einfaldige» kleda. Buch meinte ut frå desse observasjonane at motane måtte ha spreidd seg frå finare strok i dei store byane, der fiffen gjekk kledde som i Paris og London, til forstadane der dei dukka opp 3-4 år etter, og derfrå ut på landsbygda som ringar i vatn.

Seige tradisjoner

Sambygdingane påverka kvarandre i synet på kva som var passande og upassande, stygt og fint. Dette gjorde at draktskikken blei grunnleggande nokså lik innanfor visse geografiske område. Folkedraktene i Åmli ser difor annleis ut enn for eksempel i Setesdal og Vest-Telemark, samtidig som ein finn påverknader mellom områda. Snittet på kleda innanfor eit folkedraktområde kunne halde seg nokså stabilt over lang tid, medan fargar og materialval var meir opp til den enkeltes smak, tilgang og økonomi. Dette er noko av forklaringa på den store variasjonen og mangfaldet i folkedraktmaterialet.

Økonomiske konjunkturar hadde også sitt å seie for korleis folkedraktene utvikla seg over tid. Stiltrekk og tilbehør som blei populært i tider med god økonomi kunne halde seg lenge i trongare tider, då folk ikkje hadde råd til å kjøpe så mykje nytt. I vårt distrikt finn ein element i snitt og dekor på drakter brukt langt ut på 1800-talet, som bandpryden i ryggen på stakkane, med røter heilt tilbake til Renessansen på 1500-talet.

Kleda hadde også ein økonomisk verdi, og gjekk i arv frå mor til dotter, far til son. Bøndene hadde difor interesse av at kleda ikkje gjekk av mote med det første. Når ein person var død, blei alle eigedelane, inkludert kleda, nedteikna i skifte. I Skifteprotokollane kan ein enkelte stader finne ut kva for klede bøndene etterlet seg heilt tilbake til slutten av 1600-talet.

Bymoten gjer sitt inntog

Med den industrielle revolusjonen skjedde ei omvelting i måten tekstilar blei produsert og distribuert på. Frå i hovudsak å ha produsert kleda sine sjølve, blei kjøpetøy etter kvart tilgjengeleg også for bøndene. Dei første spinnemaskinene kom i drift i England på slutten av 1700-talet, og frå 1850 vaks det fram tekstilfabrikkar langs Akerselva i Kristiania, raskt etterfølgd av fleire andre byar i Noreg. Masseprodusert fabrikktøy blei billigare og enklare å skaffe seg, samtidig som pengeøkonomien fekk innpass i bondesamfunnet. Dei første symaskinene kom til Noreg på 1860-talet. Jernbane, gryande turisme, aviser og tidsskrift spreidde dei nye idar og moteideal, og i løpet av siste halvdel av 1800-talet gjekk dei lokale folkedraktene ut av bruk dei fleste stader i landet.

Motedraktene er på mange måtar motpolen til dei tradisjonelle folkedraktene, skriv Magny Karlberg. Dei endra seg rakst i tid, men mindre i rom – folk begynte å gå likt kledd i byar og bygder over heile landet. Folkedraktene hadde til samanlikning endra seg relativt lite over tid, men hadde stor variasjon i rom, mellom dei ulike folkedraktområda. Medan folkedraktene var utvikla og vidareført lokalt innanfor eit tradisjonsbunde kollektiv, var motedraktene europeiske produkt designa for ein økonomisk overklasse – og etter kvart spreidd til andre lag av folket.

I praksis var likevel ikkje skiljet fullt så skjematisk. I enkelte folkedraktområde, som Setesdal, Hallingdal og Hardanger, var folkedraktene i bruk som ein del av den daglege klesdrakta til langt ut på 1900-talet. Ein finn også drakter med inspirasjon både frå folkedrakter og bymote. Ein vanleg draktvariant i Vest-Telemark og indre Agder var «nasjonalen», inspirert av hardangerdrakta i farge og snitt, men i fløyelsstoff og med knepping i brystet som i kjolemoten. Denne drakta blei brukt saman med både tradisjonelt draktsølv og moderne hattemotar ved festar og høgtider, og signaliserte eit nasjonalt sinnelag. Eit anna eksempel er den figursydde konfirmasjonsdrakta til Signe Næresdatter Ramse frå 1897 med puffermar, men også med sølje og silkesjal. Og innanfor jakka finn vi eit raudt liv med tydeleg folkedraktpreg. Denne drakta står utstilt på Elvarheim museum.

Bunad som festdrakt

Bunadene i Noreg har ein heilt spesiell status, både som festplagg, uttrykk for lokalt opphav og familietradisjon og ikkje minst som nasjonalt symbol. Men sjølve bunadene har ikkje så djupe historiske røter som ein kanskje skulle tru. Ordet blei første gong brukt av Hulda Garborg i 1903, då ho gav ut boka «Norsk Klædebunad».  Hulda, som var både dramatikar og teaterregissør, folkedansinstruktør, skribent og kulturradikalar – i tillegg til å vere gift med forfattaren Arne Garborg – har fått æra både for opphavet til ordet «bunad», og til nokre av dei første bunadene som blei produserte her til lands. Ordet er henta frå det gamle norske ordet «klædbunad», som tyder gangklede, altså dei kleda folk sto og gjekk i.

Om vi går tilbake til draktforskar Aagot Noss, forstår ho bunad som ei fest- eller høgtidsdrakt med tradisjonelle folkedrakter som forbilde. Bruken av bunad er derimot ein annan enn folkedraktene – det er ikkje lenger kvardagsklede, men noko ein tek på seg i spesielle høve og med spesielle symbolske konnotasjonar. Bunadene er også meir einsarta innanfor sine distrikt enn det folkedraktene opphavleg var. Innanfor bunadfeltet er det eit stort spekter – frå folkedrakter som i nesten ubroten tradisjon har fått nytt bruksområde og funksjon som bunad, til nykomponerte bunader og festdrakter. Ordet bunad blir i dag stort sett brukt om alle desse variantane.

Nasjonalt symbol

Hulda Garborg sjølv hadde eit klart politisk program då ho gjekk laus på denne delvis avlagte delen av bondekulturen på byrjinga av 1900-talet. Saman med andre radikale akademikarar, kunstnarar og politikarar innanfor norskdomsrørsla ville ho bygge ein ny norsk kultur med utgangspunkt i den gamle bondekulturen. Grunnlaget var lagt etter lausrivinga frå Danmark i 1814, og nasjonalromantikken i siste halvdel av 1800-talet løfta fram bondekulturen som det «ekte» norske. Dette var i hovudsak prestar, embetsmenn og kunstnarar i byane som sverma for norsk natur og folkekultur, slik det kom til uttrykk f.eks. i «Brudeferden i Hardanger» av Tidemand og Gude.

I tida rundt unionsoppløysinga i 1905 kasta nye krefter seg inn i kampen om å definere det norske. Dette var motkulturelle rørsler med utgangspunkt på bygdene og med brodd mot eliten og etablerte maktstrukturar, både i språk, politikk og religion. Det gav seg utslag i alt frå mållag, fråhaldsrørsla og lekmannsrørsla til Noregs Ungdomslag, som blei stifta i 1898 og hadde «folkelig upplysning paa fullnorsk grunn» som formålsparagraf. Partiet Venstre, som hadde gitt bøndene fotfeste på Stortinget, famna om mange av desse grupperingane. Det same gjorde folkehøgskulane, som samla landsungdom til oppbyggeleg kulturelt arbeid frå 1860-åra og framover. Folkehøgskulane tok tidleg i bruk folkedraktene frå Hardanger, og mange folkehøgskuleelevar sydde sine eigne «nasjonaldrakter».

Huldadrakta

Hulda Garborg hadde sett at det fanst fleire variantar av eldre folkedrakter enn hardangerdrakta, og ho meinte desse fortente ein renessanse. Sjølv valde ho seg ei drakt basert på kyrkjeklede frå Gol i Hallingdal, og som ho meinte var «framifraa ven, og ein med god vinning kan taka i bruk, um ein bur i eller utanfor Hallingdal». Men Hulda var opptatt av at draktene skulle vere praktiske og tilpassa den nye tida. Difor forenkla og endra ho draktene slik at dei blei meir «tidhøvelege», og ho plukka ut mønster og broderi som ho synst var ekstra fine og burde vidareførast.

Hulda Garborg fekk stort gjennomslag for mange av ideane sine, og ho viste fram bunader både på reisene sine som instruktør i folkeviseleik, og gjennom bøker og faste spalter i  bladet «Heimen». «Huldadrakta» frå Gol og andre nye bunader blei tatt i bruk innanfor dei tidlegare nemnde norskdomsmiljøa i første halvdel av 1900-talet. Men utover på 1920-talet dukka det også opp kritiske røyster mot Huldas til dels nokså fritt komponerte bunader. Kritikken kom frå ein av hennar eigne folkedansinstruktørar, Klara Semb. Ho meite bunadene måtte ta utgangspunkt i folkedraktene slik dei ein gong hadde sett ut, og la vekt på at detaljane skulle vere historisk korrekte og tru mot originalane. Dette synet vann etter kvart fram, og har prega måten ein arbeider med bunader på fram til i dag.

Åmlibunaden blir til

Klara Semb reiste i likheit med Hulda Garborg landet rundt for å halde kurs i folkeviseleik; ein danseform som Hulda hadde plukka opp på Færøyane og innført her til lands etter at han var utdøydd her. Ho besøkte våre trakter første gong i 1912 på eit ungdomsstemne i Holt. I 1922 var ho tilbake for å halde leikkurs i det nyoppretta Austegdelaget, og ho påpeikte at «det er da for gale at de står her i bunader frå alle andre stader. Det må då finnast bunader her i distriktet og?» – «De må leite rundt på bygdene!» oppmoda ho. Og ungdomslaget tok saka. Det blei sendt ut brev til alle lokallaga om å leite etter gamle folkedrakter i kister og på loft. Alt i 1925 stilte tre jenter frå Tovdal opp på eit målstemne på Hillestad i sjølvsydde Åmlibunader etter mønster frå gamle klede. Ein av desse bunadene, frå Sigrid O. Ramse, er nå utstilt på Elvarheim museum.

Den første bunadnemnda i Aust-Agder ungdomslag blei valt i 1927. Søstrene Kristine og Emma Lauvland gjekk i bresjen for mykje av arbeidet. Dei reiste rundt på gardane, såg på gamle klede og teikna av mønster. Ute ved kysten var ikkje så mykje å finne, men på Vegårshei byrja det, og Åmli, Gjøvdal og Tovdal var reina gullgruva, meinte Kristine. Emma var gullsmed og arbeidde ved Sigurd Viks gullsmedbutikk i Arendal. Her reparerte, kjøpte og kopierte ho mange gamle draktsmykke som seinare blei utgangspunkt for sølvstasen til Åmlibunaden. Frå 1947 starta Austegdelaget eit eige bunadskontor der folk kunne få råd og rettleiing, og i 1958 overtok Aust-Agder Husflidslag denne oppgåva. Bygdekvinnelaget var også involvert. Det blei utdanna bunadinstruktørar som heldt kurs, slik at folk kunne sy sine eigne bunader. Ei av dei som gjorde ein stor innsats her var Norveig Nybø Hagane, som kom med i bunadnemnda i Aust-Agder ungdomslag i 1955, og var leiande her i førti år. Ho har halde over hundre kurs i Åmlibunad.

Sjølve namnet på bunaden har vore mykje diskutert. Sidan bunaden er brukt over store delar av Aust-Agder, er han av mange blitt kalla Austagderbunaden. Men Aust-Agder har også to andre bunader – Setesdsalbunaden og Ivelandsbunaden. Ettersom bunaden tek utgangspunkt i drakter funne i gamle Åmli kyrkjesokn – Åmli, Gjøvdal, Tovdal og Mykland – er det rette namnet Åmlibunad, meinte Kristine Holm.

Verdifulle filler

I dag er Åmlibunaden utbreidd som aldri før, og ulike variantar av drakter og tilbehør har dukke opp ettersom ein har fått meir kunnskap om kva som har vore i bruk i folkedraktene til ulike tider. I 1997 sette Aust-Agder kulturvernråd i gang ei storstilt registrering av eldre draktplagg. Mykje «nytt» kom for dagen, og ein fekk utvida kunnskapsgrunnlaget om drakttradisjonen i vårt distrikt. Ekstra spennande er det når det dukkar opp gamle filler og draktrestar inne i veggane i gamle hus, der dei blei brukt som isolasjonsmateriale. Desse fillene kan gi kunnskap om draktskikken langt tilbake i tid. Ved hjelp av Torild Ankersdatter Fossnes sin tekstilkunnskap har nokre av desse fillene gjenoppstått slik dei eingong såg ut då kleda var nye. Om du vil sjå, lære og la deg inspirere, kan du ta turen til Elvarheim museum i Åmli.

Kjelder
Anne Kristin Moe og Laila Duran 2014: Broderte bunader. Hundre år med norsk bunadhistorie.
Magny Karlberg 2015: Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise.
Jan Kløvstad (red.): Glede og hugnad. Samarbeid og dugnad. Aust-Agder ungdomslag 1896-1996.
Torild Fossnes 1999: Silkebrokade, lin og lue. Drakter og draktplagg fra Aust-Agder fra 17- og 1800-tallet.

Bilde 2
Signe Næresdatter Ramse (1882–1897) i moteprega kjole og jakke med puffermar. Folkedraktprega liv under jakka. Eigar: Sigrid Bjørg Ramse.  
Bilde 3
Tovdølar på bytur i «nasjonalen», ein lokal draktvariant inspirert både frå hardangerdrakta og kjolemote, i bruk i Telemark og indre Agder rundt 1900: f.v Valborg Austenå g. Tveit, Anna Austenå d.y. g. Ramse. Birgit Austenå g. Bygland og Anna Austenå g. Tveit. Eigar: Terje Ramse.  
Bilde 4
Søstrene Åslaug Jørgensdatter Oland og Anne Jørgensdatter frå Gjøvdal i tidas populære nasjonaldrakt frå Hardanger og motekjole med tradisjonelt draktsølv, ca. 1900. Eigar: Åmli historielag.  
Bilde 5
Sigrid O. Ramse, Signe Olstad og Gunnhild Ramse i sjølvsydde Åmlibunader saman med tre Huldadrakter og ein Telemarksbunad på målstemne på Hillestad i 1925. Eigar: Sigrid Bjørg Ramse.  
Bilde 6
Frå utstillinga «Mangfald og Mote» på Elvarheim museum. Foto: Tonje Ramse Trædal.  
I et historisk lys - HIFOs historikerspalte i Agderposten

Artikkelserien «I et historisk lys» er et samarbeid mellom Den norske historiske forening (HIFO), Agderposten og Aust-Agder museum og arkiv. Felles for artiklene er at de presenterer aktuelle saker i et historisk lys. Artiklene står først på trykk i Agderposten. Deretter publiseres de på KUBENs nettsider.