Kontakt English Kontakt oss English Nyhetsbrev
Tekststørrelse-ikon
PC: Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Natur og kulturhistorie i Åmli

Elvarheim museum Elvarheim museum held til i det gamle samfunnshuset frå 1925 ved Nidelva i Åmli sentrum. Museet opna i 1991, og er eigd av Åmli kommune. Aust-Agder Museum og Arkiv IKS har det faglege ansvaret for museet, i samarbeid med lokal museumsleiar og museumsnemnd.

Aslak Rom

 

Fangstmannen og samlaren Aslak Harstveit

Grunnstammen i museet er fangstmann Aslak Harstveits samling av utstoppa dyr, fangstreiskapar og over 200 knivar. Utstillingane viser ville dyr i vår lokale fauna, inkludert dei store rovdyra ulv, jerv og gaupe. Det er også eit eige "nattdyrrom" og eit fuglerom der du m.a. kan høyre ulike fuglelydar.

IMG_2691

Bjørneskyttaren Olav Tverrstøyl

Det fjerde store rovdyret, bjørn, finn du i eit eige bjørnerom, som er via historia om bjørneskyttaren Olav Tverrstøyl. Han var med på å felle nær 100 bjørn i Agder og Telemark i siste halvdel av 1800-talet.

Come And Play 2014

 

Beveren - Det vesle folket

I kjellaren har vi ei flott beverutstilling, "Det vesle folket", der du kan oppleve beverens liv over og under vatn, sjå ein film om bever og lære om beverens dramatiske historie.

Åmli er beverkommunen framfor nokon. Då beveren var nær utrydding på slutten av 1800-talet, fanst det ein bestand på mindre enn 100 dyr igjen her i landet, lokalisert rundt Åmli. Beveren blei freda, og frå 1920-talet blei det gitt løyve til utførsel av levande bever Sverige og seinare fleire andre land. I dag finst det rundt 70 000 bever i Noreg og 100 000 i Sverige - alle etterkommarar etter Åmlibever. På verdsbasis reknar ein med at rundt halvparten av Europas beverbestand har opphav i Åmli.

20286730_1806360842713360_97562634245468845_o

 

På bærtur

Åmli har store skogar og mykje bær. På 1920-talet blei det eksportert store mengder blåbær gjennom Aust-Agder Bærlag. Bæra blei sendt med tog til Arendal og båt til England. Dette gav kjærkomne ekstrainntekter for mange. Samla inntenter frå blåbærsal var enkelte år like store som heile kommunebudsjettet i Gjøvdal. Du kan lære meir om dette og sjå ei samling bærplukkarar og anna utstyr i utstillinga "På bærtur".

Felemakarensrom2

 

Felemakaraen Sveinung Gjøvland

Åmli har ein rik folkemusikktradisjon, og Sveinung Gjøvland var i si tid ein av landets beste felemakarar. Felemakarverkstaden hans er utstilt i 2. etasje, og blir opna etter førespurnad.

 MM Screen -32

 

Mangfald og Mote

Åmli har ein rik drakttradisjon, og folkedrakter frå Åmli dannar utgangspunkt for Åmlibunaden som blir brukt over store delar av Aust-Agder i dag. Denne permanente utstillinga viser draktskikk i Åmli frå 1700- til 1900-talet, frå dei eldste bevarte folkedraktene og fram til bunad og kjolemote. Utstillinga er eit samarbeid mellom Elvarheim museum og Åmli historielag, og er kuratert av Torild Ankersdatter Fossnes. Aust-Agder museum og arkiv og Setesdalsmuseet har også bidratt til utstillinga.