Kontakt English Kontakt oss English Nyhetsbrev
Tekststørrelse-ikon
PC: Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Arne Smeland

Arne Smeland
Arne Smeland

Arne Smeland (1880-1912) var fødd på Smeland i Gjøvdal. Han overtok farsgarden i 1905. Same året gifta han seg med Gunnhild Valebjørg frå Setesdal. Arne kom frå ei kjend spelemannsslekt. Faren Nicolai, som var spelemann, døydde då Arne var liten. Bestefaren, som òg heitte Arne Smeland, var ein av dei store felespelarane i distriktet.

Arne arva mange av desse kunstnarlege evnene. Han spela fele, var opptatt av målsak og norskdom og sterkt litteraturinteressert. Han samla også inn folkedikting, mest stev, frå Gjøvdal, og han var opptatt av ættegransking og lokalhistorie.

Arne var bonde, men hadde sterk dragning mot kunsten. Spenninga mellom kunstnardraumen og “moldtrælet” på garden finn vi i fleire av dikta hans. Han fekk utløp for noko av kunstnartrongen gjennom skrivinga si, men fekk ikkje sjølv oppleve å gi ut si første og einaste diktsamling.

I 1908 blei han ramma av ein nervesjukdom som først lamma føtene og deretter hendene, og han måtte etter kvart få hjelp av vener til å skrive. Han døydde i 1912, same året som diktsamlinga “Song or skogen” kom ut. Då var han berre 32 år gammal.

Du draumen min