Kontakt English Kontakt oss English Nyhetsbrev
Tekststørrelse-ikon
PC: Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Einar Skeimo

Einar Skeimo
Einar Skeimo

Einar Skeimo (1916-2008) var fødd på Skeimo ved Dølemo. Han var ein pionér innan birøkt på Sørlandet, og blei av mange kalla “biekongen”. Han livnærte seg som birøktar på  garden Tverrstøyl i Åmli. 

Einar Skeimo har skrive dikt sidan ungdommen. Dikta hans er både skjemtfulle og alvorlege, med tema frå natur, folkeliv, kjærleik, religion og politikk. Nokre av dikta er trykte i aviser, tidsskrift og årbøker, men først gitt ut samla av Åmli boknemnd i 1996. 

Det første diktet som kom på trykk, “Skogstjerna”, blei skriven medan han tenestegjorde i Garden. Då han gjekk på Agder Folkehøgskule blei den litterære interessa for alvor vekt. Han fekk utløp for skrivetrong og inspirasjon til vidare lesing. Vidare skulegang blei det ikkje, men interessa for litteratur hadde han med seg resten av livet.