Julekort med politiske motiv

Anne Tone Aanby, Aust-Agder-Arkivet
Agderposten 24. desember 1998

Julekort har ingen lang tradisjon. Det første julekortet med påskriften «A Merry Christmas and a Happy New Year to you» blei trykt i England i 1846. Å sende og samle på slike kort blei ganske raskt en mote, men ikkje for alle. Prisen på kort og porto avgrensa brukarane til den absolutte overklassen.

I 1874 fekk vi Verdens Post-Union. Nå ble det mogleg å sende kort for ein billig pris over heile kloden, uansett land og avstand. Julekort blei nå for alvor ein motesak. Skikken har halde seg fram til i dag. Ved å gå julekorta nærare etter i saumane, kan vi se at dei har hatt ulik funksjon og innhald. Dei avspeglar sider av kulturhistoria vår.

Julekortsamlinga på Arkivet

Dei første norske julekorta som er registrerte, er daterte rundt første del av 1870. I Aust-Agder-Arkivet er det eldste julekortet frå 1870. Det er eit lite handlaga kort med ei enkel helsing: «Glædelig Jul», som fru banksjef Anna Hammer i Arendal pietetsfullt la i sine kjæraste gjemmer. Dette enkle kortet fortel oss at eit rikt borgerskap i sjøfartsbyen Arendal allereie tidleg fanga opp moteretningane ute i Europa.

For det var først i 1883 at det første norske julekortet blei trykt. Dette kortet var ein nisse, teikna av Wilhelm Lassen. Kunstnare blei nå engasjerte, og å samle på julekort blei snart like populært som å samle på frimerke. Det blei til og med laga samlealbum for kort.

Går vi gjennom julekortsamlinga på Aust-Agder-Arkivet, finn vi ganske raskt ut at motiva er vel verd ein studie. Vi kan til og med skille ut kort med politisk bodskap som eiga gruppe.

1905-kampen på julekort

Mot slutten av 1880-åra finn vi at også arendalsfolk sender kort med nasjonale motiv. Det opprinnelege, det rotekte, var å finne på den norske landsbygda. Også dei norske heltane, slik som Fridtjof Nansen, var poulære. Desse korta fekk eit politisk islett som gjorde at dei òg var ein lekk i kampen om lausriving frå Sverige fram mot 1905. Rundt 1905 blei dei norske symbola stadig meir tydelege. Desse nostalgiske julekorta finn vi framleis opptrykk av.

Kortet «I havn» med Capt. Michelsen som førar av den norske skuta, blei sendt som julekort i 1905. Fru Hanna Jensen i Arendal fekk sitt kort på sjølvaste julaftan med gode ønske. Bodskapen var ikkje til å ta feil av, lausrivinga frå Sverige var ein siger som ein til og med blei minna om i julefeiringa. Eit julekort frå 1906 har ein annan bodskap. Ein dyster nisse har gitt barna militæreffektar; hjelmar og feltoppakning. Kontrasten til ei lykkeleg barnejul skulle minne foreldra om det absurde i tidas militæropprustning.

Norske julesymbol i krigen

Det var likevel under siste krig at julekorta for alvor blei brukt som eit våpen i motstandsarbeidet mot den tyske okkupasjonsmakta. Julenissen blei meir enn nokon gong eit nasjonalt symbol. Det var den vesle norske nissen, som hadde sitt utspring i den norske gardvorden (han som rydda garden – og verna han), og altså ikkje den amerikanske julenissen. Store nisseluer med striper i dei norske fargane og helsinga: «God Norsk Jul!» var ikkje til å ta feil av. Det gjorde heller ikkje den tyske okkupasjonsmakta. Korta blei forsøkt inndratt og trykkeriet stengt. Frå 1942 var det forbod mot å teikne raude toppluer.

På leiting etter politiske julekort, trudde eg det skulle vere ei enkel sak å finne slike kort frå tida etter krigen. EU-kampen skulle jo vere vel egna med EU-stjerner og norske flagg som symbol frå ulike sider. Men nei, eg har ikkje funne slike. Ein grunn for at EU-kampen ikkje fikk sine julekort, kan vere at sluttspurten i den politiske kampen ikkje gjekk inn i jula.

Skulle austegdene likevel ha tatt vare på moderne politiske julekort, vil det vere eit interessant supplement til kortsamlinga på Aust-Agder-Arkivet.

For vi sender julekort som aldri før. Gamle julekortmotiv blir trykt opp igjen, og nostalgien følger oss. Dei som lager statistikk på vanene våre, kan fortelle oss at nordmenn sender ca. 20 millioner julekort kvart år. Kvar familie sender 15–20 kort, og det er kvinner mellom 30 og 50 år som skriv kort. Dei over 50 år skriv julebrev.

Men kva er så den nye trenden? Det er å sende kort i lukka konvolutt, eit amatørfoto av familien i kjøperamme. Men helsinga er oftast den gamle:

God Jul og Godt Nytt År!

Referanser til KUBENs samlinger:
Arkiv: PA-1933, Fag og produkt, L0021.



Emneord:

Etter 1800,
Arkiv,
Bøker og trykksaker,
Ferie og fritid,
Kunst og kultur,
Politikk,
Krig


NASJONALT: På dette kortet, som blei sendt ut i 1894, er det nasjonale og norske ikkje til å ta feil av.


FORBODE: Dette kortet var forbode under siste verdenskrig. (Alle kort: Aust-Agder-Arkivet)


TIDSTYPISK: Denne triste nissen ønsker god jul i 1906. Merk at gutten har fått militærhjelm og jenta feltoppakning.


STATSMANNEN: «Kaptein» Christian Michelsen som fører den norske skuta i 1905.


PERSONLEG HELSING: Dette kortet er datert 22.12.1914 med julehelsing til banksjef Hammer. Motivet, med ein slik stakk, er ikkje til å misforstå.