Dansetradisjoner

Jarle Hagane, Aust-Agder-Arkivet
Agderposten 3. november 1990

Den fyrste dansen i Noreg vi nokonlunde sannsynleg kan dokumentera er lausdans eller halling. Det er nokon helleristninger, truleg frå bronsealderen, ved Skjeberg i Østfold, og frå Tanum i Bohuslän som vitnar om dette. Desse kan med god vilje tolkast som at folk dansar lausdans. Dei som kjenner lausdansen godt, vil vel kanskje vere samde i det, sjølv med dette spinkle grunnlaget.

Kor gamal lausdansen er, veit vi ikkje, men at trongen til å syna seg er urgamal, er det vel lite tvil om. Soleis er det ikkje noko i vegen for at den kan skriva seg frå dei eldste tider. Fyrst var det kan hende berre meir eller mindre tilfeldige kåte sprett og kast som etterkvart fekk eit fastare preg og rytme. Seinare blei det kan hende knytta til ein eller annan form for musikk, for så gjennom ein lang tradisjonsprosess å ende opp med det som vi i dag oppfattar som lausdans eller halling. Lausdansen har sidan også fått større eller mindre plass i fleire andre dansar som har fest seg hjå oss.

Er vi gjennom diskodansen kan hende på veg attende til berre å dansa lausdans att, men der kvinna er gjeven same føresetnad som mannen? Kan hende tida snart er mogen for å freista med «fanitull og skjoldmøy-rytmar» på diskoteka.

Kjededansen

Gode dokument har vi attende til 1300-talet, der kalkmalerier klårt syner denne dansemåten. Dansarane held kvarandre i hendene og dansar i lang rekke eller i ring. Det ligg jo også i namnet. Rej = rekke. På Færøyane kan vi sjå denne dansen utøva til song den dag i dag. Og dei syng framleis dei gamle balladane frå middelalderen. Andre utsegn tyder på at de også brukte same dansen til instrumentalmusikk.

Eit anna omgrep som vi kan føre langt attende, er springdans. Det finn vi i ei Ordbok frå 1646. I og med at noko blei kalla springdans så er det vel truleg at noko også vart kalla gådans eller liknande. Ein hadde vel behov for fleire stemningar og tempo i musikken og dansen den gongen og. Kan hende er dette forløparane til nevningane springar, og gangar som er mest bruka i dag. Her på Agder har nevninga springdans vore nytta heilt opp til våre dagar. Om desse dansane blei utførde parvis eller i kjede i dei tidlegaste tider, veit vi ikkje, men vi har ikkje dokument for pardans før 1500-talet.

Polskdans

På 1500-talet tok så den polske dansemåten til å spreie seg utover Europa, særleg da i Norden og Nord-Europa. Den store skilnaden var at dei nå tok til å dansa parvis: Den gamle «rejen» vart dermed løyst opp, og dansarane bevega seg to og to heilt fritt, på marka eller på golvet. Polskdansen var vill og yr, med raske snuinger og vendinger og kasting til værs, og blei umåteleg omtykt i alle lag av folket.

Etter kvart som tida gjekk, så ser det her i landet ut til at det utvikla seg to hovedtypar av polskdansen i den folkelege tradisjonen. Ein i tredelt takt (springdans og polsformene), og ein i todelt takt (gangarformene). Den eine livleg og den andre meir høgtideleg. Desse fekk stor utbreiing og det utvikla seg fleire «dialektar» både med omsyn til musikk og dans. Hjå oss er t.d. Setesdalsgangaren og Tovdalsspringaren klåre vitne om det.

Frå nasjonalromantikkens epoke midt på førre hundreåret og frametter, har desse danseformene av mange vorte rekna som våre eigentlege nasjonaldansar.

Turdansane

Polskdansen hadde lett for å verte i villaste laget, og i England og Frankrike blei den etter kvart fordømt i kyrkje- og adelskrinsar. Den var fordervelig og syndig. Den gamle «rejen» kom til heder og verdighet igjen om enn i ei heilt ny form. Formasjonsdansane og turdansane konstruera ved hoffa særleg åt Ludvig 14. blei tidas mote mellom dei øvre lag. Dansinga vart nok då ofte eit ork for dei håpefulle, som i oppveksten måtte lære ikkje mindre enn 32 ulike dansar som var minimum at det «honette folks børn» måtte kunne.

Dette blei jo sjølvsagt alt for omstendeleg til at det kunne få noko særleg gjennomslag hjå bondestanden, og knapt nok hjå borgerskapet. Det hadde dei verken tid eller anledning til, og sikkert heller ikkje lyst. Dermed gjekk dansen og musikken til dei øvre og lægre lag i folket kvar sin veg. Slik heldt det seg frå siste halvdel av 1600-talet og i omlag 100 år.

Den nye polskdansen

Etter den franske revolusjon var tida komen att for den polske dansemåten, og den gjekk no som ein farsott over heile Europa. Denne gongen som vals, polka og masurka o.a. Dvs. dei vanlege gamaldansformane vi kjenner i dag. Dei hadde og element frå dei enklaste av turdansane (pardansane). Dette finn vi døme på i gamle handskrivne notebøker frå slutten av 1700-talet og mot midten av 1800-åra, som finnast her ved Aust-Agder-Arkivet.

Då den nye og den gamle polskdansen møttes så kjende dei ikkje kvarandre att, og det er vel ikkje så rart når ein tenkjer på at det gjekk nærare 300 år frå den fyrste bylgja gikk over landet til den kom att andre gong. I tillegg kjem at andre gongen så kom dansen vegen om nordsjølanda og ikkje så mykje direkte frå Polen, eller frå Sverige og Danmark. Stilen var dermed blitt ein heilt annan. Meir danna om ein kan bruka eit slikt uttrykk. Den fekk sjølvsagt sterk påverknad frå Paris, som då som no var Europas motespreiar nr. 1. Om vi ser på danserepertoaret frå arendalsområdet rundt midten av førre hundreåret, så vil ein finne at dei mest vanlege var vals, polka, polkamasurka, galopp, hambourgar/skotsk, galopp(ade), englis(h), firetur, feier og varsovienne. I alle høve tyder musikkoppskriftene på det. Mesteparten av desse var forholdsvis enkle dansar som eigentleg ikkje kravde nokon organisert opplæring, sjølv om det fantest nok av danseskular der stegmønstra sikkert var temmeleg fastlagde. Desse dansane vann difor fort innpass hjå borgerskapet i byane. Musikken var også grei å tilpassa dei folkelege instrumenta, særleg fela då, og seinare trekkspel, slik at dei nye dansane og særleg valsen snart var å høyre og sjå utetter bygdene.

Den gamle polskdansen heldt seg samstundes sterk i bygdemiljøa og så seint som 1870–80-åra kan vi lese i bygdebok frå Holt at dei mest omtykte dansane i bryllaupa var springdans og ril. Når og korleis rilen kom til oss veit vi ikkje så nøye, men sjøfart, gruvedrift og jernverk er nok dei viktigaste momenta i denne samanheng, skulle ein tru. Då peiker 1700-talet seg ut som det viktigaste århundret. Eit poeng er at det i det handskrevne notematerialet som finnast ved arkivet, ikkje finnast ein einaste ril. Det kan jo sjølvsagt komme av at der ikkje fantes skriven musikk av denne typen, og at den soleis var ukjend for musikkpedagogane som lærde opp borna åt borgerskapet. Innsamlingsarbeid viser likevel klårt at rilen har stått monaleg sterkt i den folkelege tradisjonen her på Agder.

Samandrag

Kva har vi så av døme i dag som vitnar om desse danseformene her på Agder?

Til det er å seie at lausdansen er lite bruka på Agder i dag, men dei fleste kjenner til han. Setesdalsgangaren, som framleis har sterkt fotfeste i tradisjonen, er eit klårt vitne om den eldste polskdansen. Det same gjeld springdansformene i dei indre og østre bygdene i fylket, som det enno finnast folk som kan huske heilt eller delvis. Om ein samanlikner bilete frå Polen og Tyskland frå midt på 1500-talet med motiva i desse dansane, så er tak og vendingar mykje samanfallande. Turdansane vert ein del nytta i leikarringane. Varsovienne, feier, firetur, totur, o.a. Dei vanlege gamaldansane er jo framleis godt omtykt i store deler av folket, og det kan synast som dei folkelege utgåvene har utvikla seg noko i retning av den gamle polskdansen. Samdanstaka og eit visst innslag av løft og kast tyder på det. Nyare danseformer som kjem hit, synast også etter ei tid å verta sterkt påverka av polskdansen. Årsaka er det svært nærliggjande å tenkja seg ligg i den individuelle fridom for kvart par. Dansemåten gjev både nærleik og fridom.



Emneord:

Arkiv,


Helleristningar frå Skjeberg i Østfold.


Nytt om gammelt. Artikkelserie.
Nytt om gammelt. Artikkelserie fra KUBEN, Aust-Agder museum og arkiv. Publisert i Agderposten 1983-2004.