Kvardagslivet kring eit gammalt jernverk

Lasse Trædal, assosiert bidragsyter
Agderposten 1. desember 1990

I dag er det stille og roleg på Nes Verk, berre bygningane står att som eit unikt vitnemål om meir enn 200 års jernverksdrift. Men den vårdagen i 1880 då Jonas Danielsson Kruse kom opp den gamle kjerrevegen frå Tvedestrand, var det liv og røre på verket. Dei tunge slaga frå Storhammeren kunne høyrast heilt ned til byen. Verkseigar Nicolai Aall hadde året før reist eit nytt valseverk og tilsett ein svensk direktør med namn Lindvik. Han var i beit for fagarbeidarar, og henta heim landsmenn med røynsle frå slikt arbeid i Sverige. Jonas Kruse Var ein av desse.

Svenskehuset

Han hadde tidlegare arbeidd ved eit valseverk i Läsjöfors i Värmland. Saman med andre svenske fagarbeidarar var han no på veg til det som skulle bli den nye heimstaden, Nes Verk i Holt. Med seg hadde han kona Emma Kristina, 23 år gammal og svanger med sitt tredje barn, og to småjenter. Jonas Kruse kom aldri meir attende til Sverige.

På Nes Verk fekk familien Kruse etter kort tid flytta inn i eit av verket sine hus som nett var innreidd til å ta imot dei svenske arbeidarane. I Svenskehuset, som det vart heitande på folkemunne, var det fire leiligheiter, kvar med to rom og kjøkken.

Jernverksarbeidar og småbrukar

Frå gammalt var det vanleg på Nes Verk at arbeidarane fekk leige ein liten jordlapp i tillegg til husværet, og eit uthus der ein kunne ha husdyr. Familien Kruse fekk leige ein plass like ovanfor Hammerbrua, stor nok til eit kufor. Jordstykket låg ein dryg kilometer frå bustaden. Snart var kua på plass på båsen, og grisen i bingen. Ku og gris hadde mest alle arbeidarane, nokre hadde eit par sauer og nokre høner i tillegg.

Jonas Kruse vart formann på valsverket, titulert som valsmeister. Arbeidsdagen på verket var lang på den tida, frå klokka 6 om morgonen til 6 om kvelden, med to timar innlagde matpausar. Denne ordninga sto ved lag heilt fram mot 1920, då 8-timarsdagen vart innførd.

Kvinnearbeid

Det seier seg difor sjølv at mesteparten av arbeidet med jorda og husdyra fall på kvinnene og borna. På den unge kona til valsmeister Kruse fall ansvaret ekstra tungt, sidan mannen tidleg var delvis ufør av gikt. Eit anna hardt slag ramma familien eit av dei første åra i det nye fedrelandet: Den yngste av småjentene hadde rota i vedkomfyren medan mora var ute eit ærend, kleda tok fyr og livet sto ikkje til å berge då mora kom inn att. Emma Kruse fødde seinare 5 born til, og det vert fortalt at ho ved eit høve var i potetåkeren fjerde dagen etter fødselen.

Kvinnene på Nes Verk hadde sjølvsagt ansvaret for hus og matstell, produksjon og vedlikehald av klær og alt anna som høyrde kvinnerolla til etter den gamle arbeidsfordelinga. Mennene hadde ansvaret for å få vinterveden i hus. Dei fekk tildelt eit «vedstykke» etter avtale med verkseigaren. Slike stykke låg ofte langt inne i verksskogen, og transporten vart slitsam. Men også kvinnene og borna var på skogen og sanka tørre greiner og kvist til sommarbrenne.

Emma Kruse slo sjølv «Krusestykket» med langorv om sommaren, tørka graset på vollen og drog det heim i ein «trom», – ei kjerre med jernskodde hjul og karmar. Hest måtte ho vere sjølv. Men etter kvart som barna voks til, var det god hjelp å få. Sonen Johan slo av heile stykket med ljå det året han fylte 12. Elles var ungane gode å ha når kua skulle gjetast på skogen om sommaren. Naboane slo seg gjerne saman, samla kyrne til ein buskap, og borna gjette etter tur frå dei nådde skulealder. Mange eldre menneske på Nes Verk i dag har gode minne frå gjetinga dei var med på som born.

Klevask

Vassbæring var kvinnearbeid, og det arbeidet er det ingen som hugsar med særleg glede. Alt vatnet til hushaldet og dyra måtte bærast i bøtter frå brønnen, om vinteren kan hende heilt frå elva. Det kunne bli mange turar om dagen. Emma Kruse budde i andre høgda i Svenskehuset. På vaskedagar måtte alt vatnet bærast opp trappene, og skyllevatnet same vegen ned att, for det var ingen utslagsvask i huset.

Men om sommaren kunne klevasken vere nærast ei feststund. Vaskeplassen var då nede ved elva, like bak der butikken til Lindland nå ligg. Fleire familier vaska saman, 3–4 store jerngryter sto og kokte over open eld. Konene hadde med mat og kaffi viss veret var fint, og ungane vassa og bada i elva. Etterpå vart klesvasken hengd opp på snorer som var strekte ut på holmen, henta inn om kvelden og rulla på rulletre.

Svenske skikkar

Emma Kruse heldt på det svenske språket, sjølv om ho berre var heime att til «fosterlandet» ein gong så lenge ho levde. Dei første åra kunne det vere vanskeleg både å forstå og bli forstått. Ein gong var ho på butikken og ba om «hängsler». Ekspeditøren sa seg lei for at han ikkje hadde hengsler, men lova å skaffe. «Det behövs inte, dom hänger ju där borta», meinte fru Kruse og peika på det ho ville ha – eit par bukseseler.

Ein svensk skikk heldt ho på så lenge ho levde: Festmaten skulle vere «korv», og ingenting anna. Hakka kjøtt med rå poteter, løk og krydder vart kokt i tøyposar – eller aller helst i grisetarmar – og servert med løksaus.

Svenskehuset brenn

I 1932 brann Svenskehuset ned til grunnen. Brannen tok til i uthuset om natta, men snart var også heile våningshuset overtent. Alle menneska greidde å berge seg ut. Johan Kruse sprang inn og berga eit gullur frå det brennande huset, men elles mista familien alt dei åtte, også kua og kalven på båsen.

Emma Kruse var då 75 år gammal, men framleis sterk og før. Ho blei over 90 år, så det er mange på Nes Verk som framleis hugsar «bestemor Kruse».

Barnebarnet til Jonas og Emma Kruse, Erna, er no i sitt 82. år, og ho er kjelda til det meste av det som her er fortalt. Som så mange andre som har vakse opp i det særeigne miljøet kring det gamle jernverket, kan ho fortelje om tungvindt arbeid og hardt slit, men og om eit samarbeid og nabofellesskap som mange saknar i vår tid. Det kan vi kanskje komme attende til ved eit seinare høve.

Referanser til KUBENs samlinger
Boksamling: Lasse Trædal: «Det var hardført»: arbeiderminner fra Næs jernverk. Næs jernverksmuseums skrifter nr. 2, 1997. (Ref.)

 



Emneord:

Etter 1800,
Gruver, jern og metall,
Arbeidsliv,
Kvinner,
Europa


Miljø frå Nes Verk kring århundreskiftet. «Svenskehuset» er det mørke huset med 4 vindauge, omlag midt på biletet. Huset var innreidd for fire familiar. Vaskeplassen i elva var bak neset heilt til venstre på biletet.


Emma Kruse i sitt 90. leveår, framleis med vedfanget og vassbøtta.


Nytt om gammelt. Artikkelserie.
Nytt om gammelt. Artikkelserie fra KUBEN, Aust-Agder museum og arkiv. Publisert i Agderposten 1983-2004.