Kontakt English Kontakt oss English Nyhetsbrev
Tekststørrelse-ikon
PC: Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Svarteboka frå Sandøya

Anne Tone Aanby, Aust-Agder-Arkivet
Agderposten 4. desember 1993

I år er det 250 år sidan me fekk den fyrste offentlege distriktslege-stillinga i landet, lagt til Christiansand stift. Men ein lege i heile Agder, Rogaland og Øvre Telemark var sjølvsagt ikkje nok til hjelpe folk flest.

Blei ein sjuk, måtte ein klare seg som best ein kunne. Ein søkte den hjelpa som var tilgjengeleg, og med utprøvde «kjerringråd» og «kloke koner» vart mykje teneleg folkemedisin praktisert. I ei særstilling sto likevel dei som tok svarteboka til hjelp for å få folk eller buskap frisk.

Ei farleg bok

I den munnlege tradisjonen var svarteboka ei farleg bok. Det blei sagt at ho var skriven med blod på svart papir, og i boka står det korleis ein maner seg til djevelen. Det måtte ein gjere for å få makt over dei oppskriftane som sto nedteikna i svarteboka. I Norge er det tatt vare på om lag 100 svartebøker. Dei fleste er frå slutten av 1700-talet og tidleg 1800-talet. Ingen av dei er skrivne med blod, og djevlekontrakten finn ein ikkje. Sjølv om ein finn skildringar av korleis ein skulle mane seg til djevelen, har nok dei svartebokkunnige vore så redde for sjela si at dei heller har drive trolldom i treeininga sitt namn. (Faderen, Sønnen og Den Heilage Ande.) Eit fellestrekk for dei norske svartebøkene er at dei er ei samling magiske oppskrifter som er handskrivne. Dei fleste er fulle av råd mot sjukdom på buskap og folk, eller dei fortel korleis ein skal få makt over kjenslene til andre menneske. Men dei kan òg greie ut om korleis ein skal mane sjukdom eller sette vondt på dyr og menneske. Av di ein trudde på svartebokkunsten, skapte det sjølvsagt frykt at desse som åtte boka, med hjelp av det overnaturlege, fekk slik makt til gode og vonde gjerningar.

Notatboka frå Sandøya

Vi veit at det har eksistert fleire svartebøker i Aust-Agder, men berre ei er bevart på Aust-Agder-Arkivet. Det er svarteboka til læraren Arne Larsen frå Sandøya. Som ung gut dro han til sjøs, og i 1816 kjøpte han seg ei lita notatbok i Amsterdam. Arne Larsen sine notater er ikkje tilfeldige. Fyrst noterer han familie-data, rekneskap frå dei fyrste læraråra og så morsealfabetet. Så gjer han seg i kast med brevformular; søknad om godkjenning av testamente, og om å sitte i uskifta bu o.l. I slutten av boka har han oppsett på «Brev til Fruentimmer som man Anmoder om Ægteskab», «Afskiedsskrivelse til sin Kiæreste Naar mand skal reyse bort», «Aller kiæreste Foreldre», bryllupsbrev og gravferdsbrev.

Desse notata viser at Arne Larsen har samla seg kunnskap og utført oppdrag i lokalsamfunnet. Skrivekunsten var det ikkje alle som rådde med, og eit velforma brev til sitt fruentimmer var sikkert ei god investering.

Midt inne i boka kjem dei magiske oppskriftene utan forvarsel. Dei er hovudinnhaldet i boka, og er merka med ein slitt sytråd. Dei fyrste sidene fortel m.a. korleis ein skal mane bort tannverk, «Steene Syge», hard mage, fallesjuke, «Svaghed og Krøbbelhed» og «At faa en til at blive Frugtsomelig».

Men Arne Larsen hadde òg magiske oppskrifter for å sette vondt på folk og dyr. Det kunne vere å gjere ein hest halt, stoppe arbeid, gi folk «Rendeskid».

To oppskrifter ser det likevel ut til at gamlelæraren ikkje har hatt tru på; det var kunsten «At faae Søvn paa Folk» og «Spaae hvem en Mandsperson skal have». Over dette har Arne Larsen satt en strek og føyd til: Løgn og Vas – Narren. Men så har kanskje dei andre oppskriftene virka?

Sephrianus Konste Bog

Siste del av svarteboka er ein avskrift: «Sephrianus Konste Bog, Skreven paa Wittenbergske Acadimie, Ano 1345 og siden funden paa Kjøbenhavn Slodt, 1665 ude i en Marmor Steen Kiste, Skreven paa Pergament.»

Avskriften inneheld magiske formular i 33 punkt, med råd for: At Ulv og Bjørn ikke skal skade Chreaturet. At mane alt ont fra Mennesker og Chreaturet. At døve Orme og Edersting. At dempe varme. At døve Verk og Svee. Før Vree. Før Tandverk paa et ungt Menneske. At Faae Dyr til at bie til de bliver Skutte. At fugle skal Bie til de bliver Skutte. At Støbe kuglen Saa de skal tage Blod. Med Garn eller Nodt at bekomme Megen Fisk. Om Kierlighed til Qvindfolk. At være Usynlig. At Faae Alle til at danse i et Huus. At Faae alle til at Saave i et Huus. Kunst at gjøre en dreng Druken af en Kruus Øl. At stryge Skrift ud af et Papir. At vinde Med Kort og Terninger. At Slaae Øyet ud paa en Tyv. At See en Tyv i vand. At stille blod.

Avskrifta syner at Arne Larsen var ein typisk representant for dei som utøvde svart magi i tida rundt 1800-talet. Det er tatt vare på ei mengd slike bøker som gir seg ut for å vere avskrifter av eldre trolldomsbøker som dei trudde blei nytta ved den såkalla trolldomsskolen i Wittenberg. Ennå på 1700-talet trudde folk at mange prestar «kunne meir enn sitt Fadervår», dei hadde svarteboka og den hadde dei fått ved studier i Wittenberg. Petter Dass var ein slik prest, hevda folk.

Eit vanleg kjennemerke ved slike prestar var at dei ikkje hadde skugge. Svarteboka hadde dei gøymt i eit hol i veggen på prestegarden.

Arne Larsen har eit notat der det står at tørka flaggermus hjelper mot det meste. Flaggermusblod er også eit middel han har mykje av i oppskrifta sine. Det var nok ikkje utan grunn. For flaggermusa høyrde djevelen til. Ho var skapt av eit hår av den vonde. Det var difor ein heller ikkje skulle gå bar på hovudet ute i mørkret. Då kunne flaggermusa nappe eit hår, det er difor ho flyg ute om natta.

Avsett som lærar

Men korleis blei så Arne Larsen oppfatta av sambygdingar? Han var lærar og skulle med det ha hatt ein posisjon i bygda. M. Hareide har skrive skulesoge for Dypvåg, og han kan fortelle at Arne Larsen blei avsett som lærar i 1844. Den offisielle grunnen til avsettinga var at han ikkje var «i Besiddelse af de Kundskaber som Nutiden kunde med Rette fordre af en skoleholder.»

Arne Larsen gjekk frivillig med på avløysing, men han tok det tungt. Og M. Hareide summerer det heile slik: «Eg trur dei har vore leie og urettvise mot han.» Trolldomskunsten er ikkje nemnd som grunn, men Hareide siterer Aa. Berntsen frå Sandøya som kunne fortelle dette: «Han var adskillig overtroisk og mente sig i besiddelse av en ikke liten troldmandsevne. Han kunde stoppe blod og binde veps osv. Det værste var ikke alene at han selv, men ogsaa folk i kredsen trodde han var mirakelmand, og det var han, for han eiede den saakaldte «Svartebok» eller dele derav».

Truleg var sandøyfolk utrygge på læraren sin. Slik måtte dei som dreiv med svart magi leve med; dei fekk makt over folk av di ein trudde dei hadde kontakt med overnaturlege makter. Men trua på det overnaturlege skapte òg redsle for slike krefter og dei som dreiv med svart magi.

I dag kan vi trekke på smilebandet av oppskriftene til Arne Larsen, men i samtida var dette magi ein trudde på:

«At See en Tyv i Vand. Skriv den Seddel som følger: Fiembra, Fiat, Fasit, Mameum, Dempus Aligram Tinut. Læg den under een Jordfast Steen i 3 Torsdagsnetter, tag den saa igien og klin begevit paa den Anden Side, læg den saa i en Skol Vand og set x fast i hvert giørne ved bunden paa Skaalen med vidt Jomfrue Vox, da kand du see Tyvens Ansigt i Vandet i 3 Timers Tid, brend saa op Figuret.»

«At Binde Ormen. Jomfrue Maria laante mig sin Linde, og sagde jeg skulde Ormen binde, jeg bant Hoved, jeg bant Hale, saa alting laae i vale. i N. F. S. H. (I navn av Faderen, Sønnen og Den Hellige Ånd.)»

Referanser til KUBENs samlinger
Arkiv: PA-1295, Larsen, Arne Sandøen.
Boksamlingen: Martin Kornelius Hareide: Dypvåg skulesoge. Manuskript, 1951. (Ref.)



Emneord:

Etter 1800,
Arkiv,
Bøker og trykksaker,
Tro og religion,
Kyststrøk


I dag kan vi trekke på smilebandet av oppskriftene til Arne Larsen, men i samtida var dette magi ein trudde på. Foto: KUBEN.


Notatboka Arne Larsen kjøpte i Amsterdam. Foto: KUBEN.


Nytt om gammelt. Artikkelserie.
Nytt om gammelt. Artikkelserie fra KUBEN, Aust-Agder museum og arkiv. Publisert i Agderposten 1983-2004.