Kontakt English Kontakt oss English Nyhetsbrev
Tekststørrelse-ikon
PC: Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Grånheia i Åmli: Frå husmannsplass til småbruk

Anne Tone Aanby, Aust-Agder-Arkivet
Agderposten 15. mars 1997

Den formelle nemninga på ein husmann, eller ein plassmann, er at han budde på umatrikulert jord. Plassen var med andre ord ikkje skyldsett, difor betalte heller ikkje plassmannen skatt til staten. Det gjorde bonden som eigde jorda. Fordi bonden betalte skatt og plassmannen fekk leige jorda, var det bonden som avgjorde dei vilkåra plassfolka hadde.

Utviklinga av husmannsvesenet fekk ulik sosial profil i dei ulike delane av landet vårt. På Austlandet og Trøndelag var gardane store, her hadde bøndene stor bruk for arbeidskraft. Utstykking av husmannsplassar sikra dei stabil og billeg hjelp. Plassfolka rydda plassane sine sjølve, gjerne i kanten av utmarka og leiga betalte dei i form av arbeid på garden. Difor blei dei kalla arbeidshusmenn, og den sosiale kløfta mellom husmann og bonde var stor.

På Vestlandet var gardane gjennomgåande mindre, fiske og handverk var gjerne tillegsnæringar til jordbruket. Dette gjorde behovet for arbeidskraft mindre, og husmannen hadde og lettare for å skaffe seg betalt arbeid utanfor garden. Difor var det gjerne slik på Vestlandet at plassen var liten, og husmannen betalte gjerne plassleiga i pengar. Det seier seg sjølv at den sosiale skilnaden på bonde og husmann ikkje var så stor.

Agder har si eiga husmannssoge. I kystbygder som Øyestad og Fjære er nemninga husmann tidleg brukt i dei historiske kjeldene, men i kystsona var dette mest å rekne som eit juridisk omgrep nytta om leige av umatrikulera jord. Bruksdeling var vanleg, og ofte kunne eit bruk og ein plass vere like store. Årsaka til at det blei slik, var at i dette området var det lett å skaffe seg løna arbeid. Allereie på 1600-talet var trelasthandel, sagbruk, skipsfart og bergverk veksande næringar. Jord var ikkje naudsynt for korkje sosial eller økonomisk status.

Ein skal ikkje så langt inn frå kysten før tilhøva var annleis. I Åmli prestegjeld var utviklinga ei anna. Professor Knut Mykland har hevda at her kom utbreiinga av husmannsvesenet samstundes med at poteta blei vanleg, altså fyrst på 1800-talet. Fyrst då var det mogleg å brødfø ein familie på ein liten plass.

Mykland har nok rett i dette. I Åmli var det skogen som ga grunnlag for økonomisk og sosial makt. Frå 1660 til 1800 endra ikkje folketalet seg i Åmli prestegjeld, i Øyestad blei det tridobla. Ein viktig grunn til dette var at bøndene i Åmli ikkje delte gardane sine når borna skulle ta over. Dei ville ganske enkelt ikkje vere småbønder, og sendte heller yngre born til kysten med startkapital frå tømmersal. Der kunne dei få seg ein plass eller eit småbruk med løna arbeid attåt.

Rundt 1800 endra dette seg, og Mykland ser altså dette i samanheng med innføringa av poteta. Etter denne tida fekk skogsarbeidaren stifte familie og slå seg til som plassfolk.

Eit typisk eksempel på rydding av ein slik plass har vi midt i Åmli kyrkjebygd under garden Børtinghus. På Grånheia var det ikkje plassfolk i folketeljinga av 1801, men i folketeljinga av 1865 finn vi ein familie her. Husmannen Knut Gunsteinson var plassmann under Høgevoll, og sat på vanlege husmannsvilkår som betydde arbeidsplikt i onnene for han og kona.

Bonden på Høgevoll opplevde gode tider rundt 1870-talet. Skipsfarten var i blomstring, og tømmer frå Åmliskogene fekk ein gode priser på. På 1880-talet må Tellef Høgevoll ha bestemt seg for å investere overskotet i nye hus på garden. Det skulle vere store og romslege hus i sveitserstil slik moten var på kysten. Han sette folk i arbeid med å hogge stein til grunnmurane, det vert fortalt at han var ekstra nøye med at dei skulle vere solid og nøyaktig utført av stein som blei teke ut på den andre sida av åna.

Tellef Høgevoll hadde sjølvsagt ikkje rekna med det økonomiske omslaget som kom etter krakket i Arendal i 1886. Fyrst på 1890-talet merka han dette såpass at han måtte gjere noko. Løysinga var å selge frå, og til husmannsplassen Grånheia var det kjøpar.

Gunder Gunsteinson var yngste son på garden Gjøvland, kalla Haugen. Han hadde fått skreddarutdanning i Kristiania. Heime på Gjøvland var Tone Jørgensdatter frå Åraksbø i Setesdal tenestejente. Det blei giftemal med Gunder og Tone. Gunder var ikkje odelsgut, men det var eit ønske frå dei to å slå seg til i Åmli. Gamleordføraren Gunstein Gjøvland lika dette. Han gjekk god for startkapital til sonen, og tok opp tingingar med Tarald Høgevoll som førte fram til avtale.

Men kva så med husmannen Halvor Salveson og kona Birgit som sat som plassfolk på Grånheia? Kunne dei berre kastast ut frå heimen sin?

Halvor (1838–1901) var son til Salve Angrimson, Engenes og Sigrid Gundersdotter, Bakken. Han var gift med Birgit Christensdotter (1840–1925) frå plassen Kleiva under Tviland, og dei hadde døtrene Anne (g. Lillemo). Ragnhild (g. Mygland) og Turid (g. Krossbekk). Som nygifte stedde Halvor og Birgit seg som plassfolk til Lia under Risland, men flytte så etter noen år til Grånheia som var rekna for å vere ein stor plass på om lag 20 mål. Halvor skal ha vore så overmåte sterk, i Åmli er det ein løftestein som ingen har klart å løfte etter han. Kreftene kom godt med, for han rydda mykje av Jorda på Grånheia. Han sette opp stolpehus og eldhus på plassen og har truleg arbeidd i skogen for bonden på Høgevoll.

I 1893 var Grånheia på sal. Då var Halvor ein eldre mann på 55 år. Etter lovreglane hadde han ingen forkjøpsrett til plassen, det var fyrst etter jordlova at 1928 plassfolk hadde krav på å få innløyst gamle husmannsplassar. Halvor måtte derfor by ein høgare sum dersom han skulle sikre Grånheia for familien. Det kunne han ikkje. Men Tellef Høgevoll var likevel ikkje utan omsut for husmannen sin, han tilbau Halvor og Birgit å flytte til Bakken, ein mindre plass under garden på 10 mål jord. Hit flytta dei faredag 14. april 1893. I skjøtet til Gunder Gunsteinson kan me lese: «... nævnte Husmand fraflytter Eiendommen inden 14. april førstkommende. Det paa Eiendommen værende Stolpebod og Ildhuset, der begge tilhører Husmanden, skal jeg ligeledes sørge for at denne flytter fra Eiendommen senest inden 3. Mai.»

Gunder og Tone kjøpte eit skogholt i tillegg til Grånheia. Men i 1918 døde Gunder i spanskesjuka, og Tone måtte selge frå skogen. I dag er det barnebarnet til Gunder og Tone som er eigar. Staden er vyrdsamt ivareteken, og framleis kan me se spora etter dei som sleit fram plassen. Slekta til Halvor og Birgit er stor i Åmli. Grånheia er eit stykke kultursoge etter det mønsteret som Knut Mykland meiner er så typisk for Åmli prestegjeld.



Emneord:

Etter 1800,
Sjøfart og skipsbygging,
Gårder og plasser,
Innlandsbygder


Bilete frå 1869: Halvor Salveson (1838–1901) og Birgit Christensdatter (1840–1925).


Åmli i 1891: Grånheia oppe til venstre i biletet – Høgvoll heilt oppe til høgre.


Nytt om gammelt. Artikkelserie.
Nytt om gammelt. Artikkelserie fra KUBEN, Aust-Agder museum og arkiv. Publisert i Agderposten 1983-2004.