Uår og kornmangel

Anne Tone Aanby, Aust-Agder-Arkivet
Agderposten 26. september 1992

Denne sommaren har vi opplevd ein tørkeperiode som har ført til stor avlingsskade for bønder som dyrkar korn. I innlandet, der jorda mange stader er skrinn, vert problema ekstra store.

Mange åkerlappar står i dag svarte, og blir berre pløyd ned. For bøndene i dag er dette ei inntektssvikt, men familien svelt ikkje likevel. Moderne matforsyning og velferdsstaten sørger for utjamning.

Hadde dette skjedd for 200 år sidan, ville innlandsbøndene ha hatt problem med å skaffe nok mat og såkorn for neste år. Sjølv om poteta var kjent på kysten i andre halvpart av 1700-talet, var det først hundre år seinare at bøndene i Åmli for alvor tok i bruk denne hardføre og vitaminrike veksten. Graut og braud (flatbrød) var basis i kosthaldet. Bygg var det viktigaste kornslaget. Tørkeår, flomår og tidleg frost skapte frykt for svolt.

Tømmerpriser og avkastninga i skogbruket var avgjerande for om bøndene i Åmli i slike vanskelege år hadde kontantar til å kjøpe utanlandsk korn. Korn var ein del av tømmeroppgjeret, men å stå i gjeld til tømmerhandlarane kunne føre til utpanting. Det kvidde ein seg sjølvsagt for i det lengste. For småkårsfolk var uår katastrofe.

Kornmangel og arendalsborgaranes grep på innlandsbøndene i uår, var også ein viktig del av bøndenes stadige klagemål til styresmaktene. Det førde til bondeopptøyer – best kjent er Lofthusopprøret i 1786.

Eit positivt resultat av Lofthusopprøret, var styresmaktenes vilje til å løyse kornproblemet med matforsyning og nytt såkorn. Kornmagasin var botemidlet.

I 1991 fann Ivar Sundstøyl i Gjøvdal heilt tilfeldig ei bunke med gamle dokument frå 1700-talet då han hjalp til med ei loftsrydding i den gamle klokkargarden i Åmli. Det skulle vise seg å vere den kongelege bevillinga på å opprette eit kornmagasin for austre Råbygdelaget, stedfesta til Askeland i Gjøvdal. Dokumenta har både kongeleg segl og underskrift av Christian Rex.

Dokumenta kan fortelle oss korleis dette bygdemagasinet var innreia, og korleis det skulle fungere.

Det kosta 170 Rdl. å sette opp magasinet, og til dette fekk gjøvdølane tilskot på 150 Rdl. frå Den kongelege Kasse. Eivind N. Jørundland fekk i oppdrag å sette opp bygget som skulle vere ferdig 1. juni 1798. Tomta «laa paa Kirkeskeiden nordenfor Gjævedals Kirke», og blei kjøpt av Eivind T. Askeland for 8 Rdl.

Magasinet blei bygd på 6 stolpar i to høgder, med lagerplass til 2–300 tønner korn. I fyrste høgda var det 4 kornbinger med steinheller i botnen. Dette var nok for å hindre korntjuvar i å bore seg opp i bingen unnanfrå.

Døra var laga med sterke «Jern-Hængsler, et fuldkommen sterkt og godt Laas i selve Døren og desuden Hasper med et stort hængelaas samt en Nøgle til hvert Laas.» Her skulle ikkje ubedne gjestar sleppe inn!

Magasinet kom i stand gjennom forhandlingar med styresmaktene. Gjøvdølane sjølve ytte 45 tønner korn, og fekk 10 tønner i tilskot. Det var likevel ikkje heilt lett å få dei til å låne magasinkorn fyrste året. Lånerenta var sett for høgt, blei det hevda. Men etter tri preikesøndagar med forhandlinger vart renta halvert, og då var gjøvdølane samarbeidsvillige att.

Systemet var slik at dei som ønska det kunne låne magasinkorn i mai, men då måtte dei levere korn tilbake i slutten av året med eit overmål (renta) på 1 skjeppe pr. tønne korn av utlånet. Klarte ein ikkje å betale tilbake i korn, måtte ein betale i pengar innan utgangen av januar. I mars månad blei det utpanting for dei arme bøndene som ikkje kunne gjere opp for seg.

I ein tilleggsregel heiter det at dersom det var korn til overs etter at bøndene hadde lånt såkorn i mai, skulle dette delast ut til dei fattige i bygda.

Sognepresten og to valde bønder skulle vere magasinstyre. For Gjøvdal heiter det at styresmaktene hadde store problem med å å få inn rekneskap til rett tid. Det kan tyde på at ein ville verne sambygdinger som hadde vansker. Like fullt auka utlånskornet til 100 tønner i 1810, og då var det berre ein restanse på 3 tønner korn.

Men kornmagasina hadde sine arge motstandarar. Mange hevda at systemet førte til fattigdom, og at folk måtte gå frå gardane sine. Korngjelda kunne vere heilt umogleg å betale tilbake i vanskelege år. Det var heller ikkje lett å få skikkelege folk til å sitte i magasinstyret. Det kunne vere ei personleg belastning å vere med på utpanting av sambygdingar. Dessuten fungerte ikkje magasina som fattighjelp slik tanken var. Det var ikkje overskotskorn igjen når bøndene hadde lånt såkorn.

I 1848 blei ordninga avskaffa med lov. Behovet for å låne såkorn var stadig tilstades, men det politiske fleirtalet i landet ønska andre ordningar.

Magasinbygget i Gjøvdal blei kjøpt av ein bonde på Oland. Han sette det opp på heimegarden og nytta det til stolpehus (lager for matvarer og anna husgeråd). I dag blir bygningen brukt til lager, men framleis omtalar bygdefolk det som «kornmagasinet».

Referanser til KUBENs samlinger
Arkiv: KA0930-PK/11, Gjøvdal kommune, kornmagasin.



Emneord:

1500 til 1800,
Bygninger,
Landbruk,
Bønder,
Handel,
Politikk,
Innlandsbygder


Kornmagasinet i Gjøvdal — i dag stolpehus på Oland.


Nytt om gammelt. Artikkelserie.
Nytt om gammelt. Artikkelserie fra KUBEN, Aust-Agder museum og arkiv. Publisert i Agderposten 1983-2004.