Til spott og spe

Anne Tone Aanby, Aust-Agder-Arkivet
Agderposten 24. april 1993

I forrige århundre trong ikkje prestane vere redde for at ikkje kyrkjelyden skulle møte til høgmesse. Lovverket hadde straffereglar for dei arme sjelene som ikkje gjekk regelmessig til kyrkja.

I kong Christian den sjettes heilagdagsanordning frå 1700-talet heitte det at bønder som ikkje søkte kyrkja kvar preikesøndag måtte bøte 3 lodd sylv eller stå i gapestokk 1–3 timar. Dette var eigentleg ei innskjerping av eldre lover frå Christian den fjerdes tid på 1600-talet. Ifølge desse lovene kunne ein ende i gapestokken dersom ein hadde gjort seg skuldig i «vanærende Forbrydelser». Dette kunne vere å tappe øl eller arbeide i høgmessetida, eller t.d. «la seg høre med Banden og Sværgen».

Gapestokken

Gapestokk som straffereiskap kom truleg i bruk i mellomalderen. Syndaren blei låst fast til ein stokk eller ein stein med ein ring som var festa rundt halsen. I byane kunne det vere gapestokk på torvet, men på bygdene sto gapestokken framfor kyrkja. Straffa blei sjølvsagt opplevd som ekstra hard av di det var i timane før og etter høgmessa ein sto fastlenka til «spott og spe».

Ved Froland kyrkje står framleis den 8 fot høge steinen som halsklaven var festa til. Men klave og lenke ligg inne i kyrkja. Frå andre kyrkjer er det berre gamle dokument som kan fortelle oss om denne straffemetoden.

I Gjøvdal

Den 14. januar 1799 hadde presten Dührendahl i Gjøvdal eit oppgjer med bønder i Gjøvdal som hadde vore i klammeri. I løpet av førjulsstria hadde Aslak Tronsen frå Homdrom ærekrenka Eivind Askeland, og måtte difor sone på dette viset: Førstkomande søndag skulle Aslak Tronsen «erklære paa Kirkebakken i Almuens Paahør, at om han havde sagt noget ondt paa Even Tellefsen Askelands Hæder og Ære, da havde han lyvet det som en Skielm». Dersom han altså ikkje var villig til å trekke tilbake det han hadde sagt om Eivind Askeland, måtte han anten betale 5 Rd. til dei fattige i sognet, eller stå 2 timar i gapestokken like etter høgmessa.

Vi veit ikkje om Aslak Tronsen hadde 5 Rd (verd ei og ei halv ku), slik at han kunne betale seg frå fliren frå sambygdingane. For ein konsekvens av denne måten å straffe på, var sjølvsagt at det berre var dei utan middel som måtte tole spotten i gapestokken. Denne sosiale uretten var og grunnen til at gapestokken vart avskaffa 17. mai 1848.

Tremerra

Men gjøvdølane hadde verre metodar å straffe gjenstridige sambygdingar på. Like framfor kyrkja ligg det ein liten fjellknatte som framleis blir kalla «Tremerrhaugen». Ei tremerr var namnet på ei planke som sto på høgkant, og som kvilte på fire bukkar som skulle vere beina til hesten. Syndaren måtte sitte overskrevs på planka. Til beina hans var det festa tunge sandposar eller blylodd («stigbøylar»), «der i Forbindelse med Legemets Vægt drev de skarpe Trækanter inn i Legemet.» Tremerra var opphaveleg ein militær straffemetode, men ifølge Salmonsens leksikon blei ho nytta i byane «ved siden av Gabestokken for Smaatyverier, Opsetsighed i Tjenesteforhold, Ulydighed mod Øvrigheden o.l., paa Landet navnlig mod Forsømmelighed. Træhesten gik først fuldstendig af Brug i Slutningen af 18. Aarhundre.»

Lokal tradisjon frå Gjøvdal veit ikkje å fortelle om folk som har sona på tremerra eller i gapestokken. Så romsleg har ein altså vore mot sambygdingar at ein har latt dei gå i grava med skamma si. Og når vi veit korleis gapestokken og tremerra fungera, har straffa i augnelinken sikkert vore hard nok.



Emneord:

1500 til 1800,
Politi og rettsvesen,
Tro og religion,
Innlandsbygder


«Tremerrhaugen» ved Gjøvdal kyrkje.


Nytt om gammelt. Artikkelserie.
Nytt om gammelt. Artikkelserie fra KUBEN, Aust-Agder museum og arkiv. Publisert i Agderposten 1983-2004.